Hopp til innhold

Over 40 norske fartøy i opplag

Fartøy i opplag og permittering av tilsette er realiteten for den norske offshore-flåten. Låge oljeprisar og sviktande marknadssituasjon er ein stor del av årsaka.

Island offshore

Island Offshore legg no sitt tredje fartøy i opplag.

Foto: Illustrasjon: Rolls Royce Marine / Harald M. Valderhaug

– Det er alt for mange fartøy og alt for lite arbeid. Det fører til at innteninga på desse fartøya blir alt for låg. Det lønnar seg rett og slett ikkje å drive fartøy på denne måten lenger, fortel Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

Torsdag offentleggjorde selskapet at plattformsupplyskipet «Island Dawn» blir lagt i opplag med umiddelbar verknad. Skipet har sidan levering i januar i fjor operert i spotmarknaden, og vert no henta tilbake til Ulsteinvik på ubestemt tid.

Over 40 skip i opplag

Dette blir det tredje fartøyet Island Offshore legg i opplag så langt i år. Frå før av er søsterskipa «Island Duke» og «Island Duchess» lagt i opplag.

Administrerende direktør i Island Offshore Håvard Ulstein

Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore, fortel at det er med tungt hjarte at dei legg eit nytt fartøy i opplag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Selskapet er ikkje aleine. Over 40 norske offshoreskip ligg i dag i opplag, og fleire reiarlag har måtte permittere tilsette.

Torsdag vart det også klart at Bourbon Offshore Norway har vedtatt å legge enno eit forsyningsskip i opplag, og dermed mistar 25 tilsette jobben. Det blir Bourbons fjerde skip i opplag.

– Reiarar og spekulantar verda over har over tid bygd opp ein ordrebok av forsyningsskip som ikkje har vist seg berekraftig, skriv administrerande direktør Bjørn Idar Remøy i Bourbon Offshore i ein e-post til nettstaden Maritime.no.

Tungt val

Ulstein fortel at valet om å legge fartøyet i opplag har vore tungt.

– Det er forferdeleg trasig å måtte legge eit skip i opplag. Det vil få konsekvensar for dei tilsette som vi har om bord i fartøya, og det er svært beklageleg, seier han.

Den administrerande direktøren fortel vidare at dei håpar å kunne avgrense permitteringane i størst mogleg grad.

– Vi kan ikkje unngå permitteringar, men vi vil prøve å unngå oppseiingar i det lengste ved å flytte dei tilsette over på andre fartøy, seier han.

Tøffe tider i bransjen

Ulstein ser ikkje vekk ifrå at det kan bli enno fleire permitteringar i tida som kjem.

– Det som er heilt sikkert er at vi skal halde fram med å leve av oljen i mange år, og vil nok sjå at fleire fartøy blir lagt i opplag, seier han.

Likevel er han optimistisk med tanke på framtida.

– Først og fremst må oljeprisane kome opp att. Eg trur marknaden kjem tilbake slik som det har gjort mange gongar før, så no må vi berre vente og sjå korleis det utviklar seg, seier Ulstein.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL