Hopp til innhold

– Situasjonen er ikkje heilt svart

Nedgangstidene i den maritime næringa held fram. Regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, meiner kutta er nødvendige.

Island offshore

ILLUSTRASJONSFOTO: Den maritime næringa i Noreg slit, og ein rekke selskap har blitt tvinga til å permittere eller seie opp tilsette.

Foto: Illustrasjon: Rolls Royce Marine / Harald M. Valderhaug

– Det er ei nødvendig omstilling slik som situasjonen i den bransjen er i dag, seier Torill Ytreberg, regiondirektør i NHO.

NRK i Ålesund

Rolls-Royce, med avdelingar i Bergen, Brattvåg, Hareid, Hjørungavåg og Ulsteinvik, varsla torsdag at 190 tilsette må gå innan året er omme.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Omtrent 100 000 menneske jobbar i den maritime næringa i Noreg, men no er talet i ferd med å bli kraftig redusert.

I går fekk 190 tilsette i Rolls-Royce beskjeden om at dei mistar jobben.

Av dei rundt 2300 tilsette i Rolls-Royce Marine i Noreg, jobbar ca. 2000 av desse på Sunnmøre.

Ingeniørar og administrasjon må gå først og det på grunn av lav ordretilgang.

Krevjande tider

Men det er ikkje berre Rolls-Royce som har blitt nødt til å nedbemanne.

Torill Ytreberg

Regiondirektør i NHO, Torill Ytreberg, meiner kutta i den maritime næringa er nødvendige.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dei aller fleste selskapa i den maritime næringa må kutte. Tidlegare i år blei det også kjent at Ulstein verft må ned i talet på tilsette.

I starten av mai melde Vard om eit kutt på 180 tilsette, heile ti prosent av selskapet. Og dei er ikkje aleine, også Kleven og Farstad Shipping er blant selskapa som no går ei usikker tid i møte.

– Ikkje heilt svart

Held næringa å kutte vil det merkast godt på arbeidsløysa.

– Det blir ein del oppseiingar. I tillegg er det mykje permitteringar ute og går, seier Ytreberg.

Ho meiner likevel at situasjonen ikkje er heilt svart. Ifølgje henne kan kutta i den maritime bransjen bety nye moglegheiter for dei som blir oppsagde.

– Vi ser at mange ingeniørar får seg jobbar i andre bransjar. Det er andre delar av næringslivet som manglar både fagarbeidarar og ingeniørar, så dette kan bety nye moglegheiter både for desse bedriftene og for dei som mister jobben andre stadar, seier NHO-direktøren.