Hopp til innhold

Meiner det er mogleg å halde fylket samla

Fylkesordførar Jon Aasen avviser at han har hamna på etterskot i samtalane med nabofylka om ei eventuell samanslåing.

Jon Aasen

Fylkesordførar Jon Aasen ser ikkje bort ifrå at Møre og Romsdal kan greie å halde seg samla.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Måndag startar fylkestinget, og regionreforma blir eitt av temaa i fylkesordførarens sin tale. Kommunalkomiteen på Stortinget har innstilt på om lag ti regionar i framtida.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har gjort vedtak om naboprat med Trøndelagsfylka, Sogn og Fjordane og Oppland. Så langt har det ikkje vore samtalar mellom desse, men 29. juni er det duka for samtalar med Sogn og Fjordane. Dei andre har ikkje svart.

Fylkesordførar Jon Aasen meiner likevel ikkje at det er for seint.

– Nei, det blir på denne sida av ferien. Når eg i tillegg ser kva mandat vi har å forhandle om, og eg høyrer kva trønderane vil forhandle om, så er det ingen dramatikk, seier han.

Kan stå aleine

Aasen trur det er mogleg å halde Møre og Romsdal samla, men seier at han skal ha eit ope sinn i nabopratane.

– Når eg seier at eg skal ha eit ope sinn så betyr det ikkje å forhandle vekk Møre og Romsdal, men alle fylke har grensekommunar. Vi har grensekommunar mot Trøndelag og Sogn og Fjordane. Vi har Rindal som har søkt om å skifte fylke, og Hornindal som er litt usikre på kor dei dett ned, seier han.

Men Aasen vil heller ikkje sjå bort ifrå at Møre og Romsdal kan greie seg aleine.

– Vi skal halde naboprat, og om den konkluderer med at Møre og Romsdal greier seg godt så er jo det også ei forhandling og eit signal å kome tilbake med, meiner fylkesordføraren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL