Hopp til innhold

Dette er vinnarane og taparane i kampen om fylkespengane

Sidan desember har fylka kjempa om å få mest mogleg av ein ny pengesekk. Nokre har lykkast betre enn andre.

Bergen i sol

BERGEN, VESTLAND: Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) la denne veka la fram eit nytt og justert inntektssystem. Det er godt nytt for Bergen.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Elleve fylke skal splittast opp til 15 fylke, og i desember la eit ekspertutval fram sine tilrådingar til kor store overføringar dei nye einingane skal få.

Forslaget vart umiddelbart skulda for å flytte pengar frå vest til aust, og skapte ramaskrik langs kysten og i Nord-Noreg.

Og tilsvarande jubel blant dei som kom godt ut.

Seks månader og 41 høyringsfråsegner seinare er biletet eit anna.

Då kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) denne veka la fram eit nytt og justert inntektssystem, innheholdt det nye vinnarar.

Og nye taparar.

«Forslaget til departementet skil seg frå utvalet på fleire viktige punkt, mellom anna på bakgrunn av innspel i den offentlege høyringa», skriv departementet på nettsidene sine.

Den største vinnaren er Vestland. I desember-forslaget låg fylket an til å miste 81 millionar kroner.

I det nye reviderte forslaget går dei i pluss med 46 millionar kroner.

Våre innspel er høyrt, og det er bra

Arbeidarparti-topp i Vestland Stian Davies seier til NRK at dei har «pressa på» for å påverke regjeringa til justere kursen, og at dette har vore blant deira viktigaste saker dei siste månadene.

Etter mykje arbeid har vi komme mykje betre ut enn det uakseptable forslaget frå ekspertutvalet, seier han.

Han viser til gjentekne møte med statsministerkontoret og stortingsrepresentantar.

Stian Davies

– Etter mykje arbeid har vi komme mykje betre ut enn det uakseptable forslaget frå ekspertutvalet, seier Stian Davies (Ap).

Foto: Kari Bernardini

Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar i Vestland.

Våre innspel har vorte høyrt, og det er bra. Kommunalminister Gjelsvik fortener honnør.

Han legg til:

Eg er spesielt nøgd med at departementet la vekt på at inntektssystemet fangar opp dei høgare kostnadene som fylka med ferjer og snøggbåtar har. Dette var det viktigaste for oss.

Elleve fylke skal bli til 15 fylke. Det skaper vinnarar og taparar når inntektene skal fordelast.

Målet med det nye systemet er å tilpasse inntektsfordelinga til den fylkesinndelinga frå 2024, då Noreg «sprett tilbake» til 15 fylke.

Foto: regjeringen.no

– Vi har jobba knallhardt politisk for å snu det

Dagleg leiar i Initiativ Vest, Mathias Fischer, skriv i eit nyheitsbrev at regjeringa har «landet på den mest vestlandsvennlege modellen».

Forklaringa er mellom anna at den nye «kollektivnøkkelen» legg mindre vekt på «trengselfaktor», og meir vekt på reiseavstand. Ei justering som i det store og heile kjem kystfylka til gode.

Møre og Romsdal fylkeskommune snur 187,5 millioner kroner i minus – til 17 millioner i pluss.

– Vi har jobba knallhardt politisk for å få snudd dette. Vi har i fleire veker i strekk reist til Oslo for å forklare kor store konsekvensar forslaget ville hatt for kysten, og spesielt båtfylka. Vi er no letta over at vi har vorte forstått og høyrde, siger Line Hatmosø Hoem (Ap), som er fylkesordførar i Møre og Romsdal.

Høyringsfristen for det nye inntektssystemet gjekk ut i mars.

Andre fylke som er lytta til er Innlandet, Buskerud og Finnmark, som alle aukar sin del av pengepotten.

Les også Vestlandsopprør mot den «mest fiendtlege regjeringa i manns minne»

Statsminister Jonas Gahr Støre i Stavanger

I andre enden finn vi Rogaland og Oslo, som kjem dårlegare ut.

– Dette betyr kutt i overføringane til Oslo, særleg i åra framover, seier finansbyråd Einar Wilhelmsen (MDG).

Han legg til:

– Oslo er ein by med store forskjellar og store utfordringar. Det blir krevjande å handtere kuttet til regjeringa på 130 millionar kroner i overføringa utan å redusere tilbodet til oslofolk. Reduksjonen gjeld fylkeskommunale midlar som mellom anna skal gå til kollektivtrafikk, vidaregåande skule og tannhelse.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik under framleggelsen av regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet for Stortinget.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum og Sigbjørn Gjelsvik under framleggelsen av regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet for Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Får 1,1 milliardar kroner mot prisveksten

Det nye inntektssystemet slår inn neste år.

I tillegg varsla regjeringa denne veka at fylkeskommunane får 1,1 milliardar for å kompensere for prisveksten i 2023.

Forslag til nytt inntektssystem for kommunane derimot, er utsett.

Det regjeringsoppnemnde Inntektssystemutvalet foreslo i fjor at kraftkommunar skal dele 10 prosent av inntektene med andre kommunar.

Forslaget vart «lagt dødt» av Heidi Greni, kommunalpolitisk talsperson for Senterpartiet, allereie dagen etter.

Les også Forslag om å ta kraftmilliardar «dødt» etter berre éin dag

Vannkraft