Hopp til innhold
Hødd
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Hødd IL

Oppsummert

Hødd blei skipa i 1919. Fotballaget spelar no i 2.divisjon. Laget har vunne den norske cupen og har spelt fleire sesongar i øvste divisjon.

  • Marcus Andersen klar for Hødd

    Marcus Andersen har signert ein kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2024-sesongen. Sportssjef Jesper Törnqvist seier klubben har følgt Marcus over tid:

    – Han er ein ung, stabil og svolten keeper som kjem frå kanskje det beste fotballmiljøet i Norge, seier han.

    – Eg ser ekstremt fram til å ikle meg Hødd-drakta. Etter treningsopphaldet i november var eg aldri i tvil om kor eg ønska å spele i 2023-sesongen, seier Andersen.

  • AaFK-spelar går til Hødd

    Torbjørn Kallevåg går frå AaFK til Hødd kommande sesong, skriv Sunnmørsposten. Kallevåg, som spelte for Ulsteinviklaget mellom 2015 og 2017, skal no attende med ein avtale ut 2025.

    Hødd har nyleg mista to spelarar til andre lag, sist tysdag, då det vart klart at Eirik Franke Saunes skal til Bryne FK.

    Til avisa seier sportssjefen i Hødd, Jesper Törnqvist, at han håpar Kallevåg si signering kan hjelpe på å lokke andre til laget.

    – At Torbjørn har trua på det og vil vere med, vil også ha betyding for andre vi skal signere framover. Vi syner at vi meiner alvor og at vi skal kjempe om ei god plassering, seier Törnqvist.

    Torbjørn Kallevåg blir AaFK-spiller.
    Foto: AaFK
  • Opprykk for Hødd

    Hødd rykker opp til 1. divisjon. Det er klart etter sigeren over Tromsdalen laurdag. Ulsteinvikarane vann 2–1, etter scoringar av Andreas Helmersen og Magnus Bruun-Hanssen. Hødd toppar tabellen med 60 poeng i 2. divisjon avdeling 2. Dei har tapt berre to kampar i serien i år.

    Hødd, Blåsarane
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB/Arkiv
  • Hødd hentar spelar frå 1.-divisjon.

    Erlend Hellevik Larsen (26) har signert for Hødd. Vingbacken kjem frå spel i 1.-divisjonsklubben Åsane, der han har spelt 16 kampar denne sesongen.

    Hellevik Larsen har signert ei kontrakt ut 2022-sesongen.

Hødd-Molde 1-1
1-0 til Hødd
Arne Sandstø etter 2-0-seier over Hødd.