– Det er med tungt hjarte vi har valt å inngå diskusjonen med Christian om at våre vegar skal skiljast. Det er tungt fordi Christian har vore så viktig for oss i så mange år. Men som alt anna elles i livet så er det ei tid for alt, seier styreleiar i KBK Per Otto Dyb.
Klubben bekreftar i dag at Christian Michelsen har fått sparken som trenar for førstedivisjonslaget med umiddelbar verknad.
Spelarane blei orienterte om det fredag morgon, skriv klubben på nettsida si.
Opprykk og nedrykk
Christian Michelsen tok over klubben før 2014-sesongen, og har vore synonym med klubben sin suksess dei siste åra.
Han fekk KBK opp til Eliteserien etter tre år i førstedivisjon, og gjorde klubben til eit stabilt lag på øvste nivå.
I fjor enda det derimot med nedrykk etter ein dramatisk innspurt, og heller ikkje årets sesong har svart til forventningane i Nordmørsbyen.
Lengstsittande trenar
Allereie etter ein svak sesongstart i år byrja diskusjonen å gå rundt Michelsen. Han fekk skuta på rett kjøl igjen, men laget har slite med å kome seg heilt opp i toppen av årets førstedivisjon.
Sportsjournalist i lokalavisa i Kristiansund, Rune Edøy, har følgt klubben tett. Han skreiv tidlegare denne veka at tida er komen for å spørje om nok er nok.
Etter tapet på heimebane mot Sandes/Ulf i helga tok debatten rundt Michelsen sin posisjon igjen full fyr, og no har det altså enda med at mannen som fram til no var den lengstsittande trenaren på dei to øvste nivåa i Noreg måtte gi seg.
Peikar på Solskjær
Klubben skriv at dei umiddelbart byrjar å leite etter ein ny trenar for førstedivisjonslaget.
Ole Gunnar Solskjær er ein av trenarane som er utan oppdrag for tida. Lokalavisa Tidens Krav er klar på at han bør få ein telefon, så spørst det om det er dette Solskjær har lyst til.