Hopp til innhold

Kristiansund BK får endå ein kamp utsett på grunn av sjukdom

23 spelarar på Kristiansund sitt eliteserielag er ute med sjukdom og skade. No har klubben også fått utsett søndagens kamp mot Sandefjord.

Moldes Martin Bjørnbak (tv) i duell med Moses Mawa under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Kristiansund på Aker Stadion.

SJUKDOM: Fleire av KBK sine spelarar er ute av spel på grunn av sjukdom. I tillegg er fem av spelarane ute med langtidsskadar.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Heile 18 spelarar og tre av fire trenarar er ute med sjukdom. Desse skal ifølge klubben ha influensa. I tillegg er også fem av spelarane ute med langtidsskadar.

Sportsleg leiar i KBK Terje Wiik

Terje Wiik, sportsleg leiar i KBK.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

Det gjorde at klubben såg seg nøydd til å be om endå ei utsetting.

– I tillegg har vi ein del smitte på B-lista vår. Vi såg på omfanget tidlegare i dag at vi måtte søke om utsetting, seier Terje Wiik, sportsleg leiar i KBK.

Klubben skal vere ramma av det som blir kalla influensa A-virus. Dette har ein sjukdomsperiode på cirka ei veke.

Det var Eurosport som først omtalte at også søndagens kamp har blitt utsett.

Ligg nedst på tabellen

Tidlegare i veka måtte klubben utsette onsdagens kamp mot Tromsø på grunn av sjukdom. Wiik seier det kan bli krevjande å ta igjen dei to kampane på eit seinare tidspunkt.

Kristiansunds hovedtrener Christian Eriksen under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Kristiansund

Hovudtrenar Christian Michelsen er blant dei som er sjuke.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Dei blir nok sett opp midt i vekene, mellom andre kampar, men det må vi berre ta som ei utfordring. Akkurat no var det ikkje andre alternativ. Vi hadde rett og slett ikkje 11 mann å stille til kamp.

Med utsetting av helgas kamp, får KBK ein pause til 18. juni før neste oppgjer i Eliteserien. Då skal dei etter planen ta imot Bodø/Glimt på heimebane.

– Då skal vi vere friske og raske og klare til å ta nye poeng.

Laget frå Nordmøre ligg nedst på tabellen i Eliteserien. Dei har berre eitt poeng etter sju spelte kampar.

– Vi har hatt ei tøff opning på sesongen, men vi skal kome sterkare tilbake, seier Wiik.

Les også Kristiansund BK er slått ut av sjukdom – får utsette seriekamp

Molde mot Kristiansund

– Nødvendig

Konkurransedirektør i NFF, Nils Fisketjønn, vektlegg at kampar skal bli avgjort på eit sportsleg grunnlag. Han seier det var nødvendig å utsette søndagens kamp.

NFF pressetreff.

Konkurransedirektør i NFF, Nils Fisketjønn, seier det var nødvendig å utsette kampen.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Som på onsdag ville det ikkje vere rett overfor dei to involverte laga og dei andre laga i ligaen å gjennomføre kampen. Sjukdom og skade er sjølvsagt ein del av fotballen, og det må og skal site langt inne å utsette kampar på dette nivået. Sjukeomfanget her er derimot så stort at kampen måtte bli utsett, seier han.

NFF kjem tilbake med informasjon om ny dato for kampen når det er klart.

Les også Russen hostar i kor: – Ein er berre russ ein gong i livet

Russ på Atlanten videregående skole i Kristiansund i mai 2022.