Hopp til innhold

125 personar smitta – innfører likevel ikkje lokal forskrift

Kommunane Volda og Ørsta vil ikkje innføre lokal forskrift. Ordførarane seier ungdommane har vore flinke gjennom helga.

Her kan du sjå heile pressekonferansen om smitteutbrotet i Ørsta og Volda. Ordførar Stein Aam i Ørsta og ordførar Sølvi Dimmen i Volda fortel om situasjonen.

Totalt er 125 personar i kommunane Ørsta og Volda smitta. Kommuneleiinga har måndag vore i møte med sine kommuneoverlegar for å drøfte status for koronautbrotet og vidare handtering av situasjonen.

Testkø i Hovdebygda i Ørsta

Ordførarane meiner innbyggjarane har vore flinke og teke ansvar. Her frå testkøen måndag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det vert ikkje innført lokal forskrift med ytterlegare avgrensande tiltak no, seier ordførarane i dei to kommunane. Dette er i stor grad takka vere at folk har teke ansvar og følgd oppmodingane som er gjevne.

– Ungdom har teke eit stort ansvar ved å teste seg og avgrense sosial aktivitet, varsle kvarandre og gå frivillig i karantene, seier ordførar i Volda. Det har vore avgjerande, seier ordførar i Volda, Sølvi Dimmen (Sp).

Barnehagane som startar opp att frå 2. august, sommarskulen og SFO vil vere opne og i drift, men på gult nivå.

Koronatesting Ørsta

Mange har vore innom teststasjonen i Hovdebygda. Ørsta og Volda fekk fredag inn ekstra mannskap til koronatesting. Tilsette har meldt seg frivillig til å gå ut av ferie for å hjelpe til.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Utfordrande situasjon

Fredag og laurdag blei det gjennomført 1046 testar. Laurdag var det 16 positive, 10 på søndag og to hittil i dag, ifølgje Dimmen.

I helse- og omsorgstenesta er det åtte tilsette som har testa positivt for korona. Dei jobbar i seks ulike seksjonar og Volda kommune har sett inn tiltak slik at drifta går sin gang. Aktuelle pasientar og brukarar har testa negativt. Den siste veka har vore hektisk for dei to kommunane Ørsta og Volda.

Stein Aam og Sølvi Dimmen på pressekonferansen

– Situasjonen har vore utfordrande, men utviklinga syns å gå i rett retning. Men vi er framleis avhengige av at innbyggjarane tek personleg ansvar, seier Dimmen.

– Er det berre fordi dykk ikkje har fått til å samle formannskapet som gjer at dykk ikkje innfører strengare tiltak?

– Det kan eg svare på. Det er det ikkje. Det er på grunn av situasjonen og det har vore anbefalt av kommuneoverlegane at det ikkje er nødvendig med strengare tiltak enn vi har gjort, seier ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp).

Mange testar seg måndag

Ib Alexander Thorvaldsen i testkø

Ib Alexander Thorvaldsen i testkø i Hovdebygda.

Foto: Frode Berg / NRK

Ib Alexander Thorvaldsen er ein av mange som måndag testar seg.

– Eg jobbar på Obs bygg i Volda og Coop Ekstra, og det er fint å teste seg sidan eg jobbar i butikk. Og så har kjærasten min vore nærkontakt med ein smitta i Volda.

– Trur du at du er smitta?

– Nei, eg trur ikkje det og eg har ikkje nokon symptom, men eg tenkte det er betre å vere på den sikre sida. Eg føler folk tek ansvar og testar seg, og at dei er flinke, seier han.

Andrine Valseth i testkø

Fleire testar seg for koronavirus måndag. Ein av dei er Andrine Valseth.

Foto: Frode Berg / NRK

Andrine Valseth testar seg fordi ho er i karantene og er nærkontakt til ein smitta. Ho seier ho tek siste testen no, og trur den er negativ. Ho trur ungdommen er forsiktige.

– Vi er veldig redde for å bli smitta og er spesielt forsiktige. Eg trur alle tek dette på alvor, seier Valseth.

Smitte frå utestad og festar

Fredag blei det kjent at Volda kommune har meldt utestaden My Kitchen i Volda til politiet etter fleire oppslag i media.

Sol og sommar lokka mange unge i Volda og Ørsta på Sunnmøre til fest, og mykje av smitten i dei to kommunane skal ha blitt spreidd på privatfestar, og på restauranten My Kitchen.

Smitteutbrot etter fleire festar i Volda og Ørsta.

Søndag blei det registrert 240 nye koronasmitta i Noreg. Det er 104 fleire enn førre søndag. Det har vore fleire store lokale utbrot siste veka.