Hopp til innhold

Volda kommune politimelder utestaden My kitchen etter koronautbrot

Volda kommune har meldt utestaden My Kitchen til politiet etter fleire oppslag i media. 103 personar er smitta i Volda og Ørsta på få dagar, men kommunane innfører ikkje lokale smitteverntiltak.

Sølvi Dimmen (Sp), ordfører i Volda

MELDER TIL POLITIET: Ordførar i Volda, Sølvi Dimmen (Sp), meiner politiet bør etterforske saka.

Foto: Per Ivar Kvalsvik / NRK

Mykje av smitten i dei to kommunane skal ha blitt spreidd på privatfestar, og på restauranten My Kitchen i Volda.

Torsdag publiserte NRK ein video frå ein gjest som var inne på restauranten førre helg:

Lørdag har kommunane fått seks nye smittetilfelle, og totalt er 103 stadfesta smitta.

Berre på torsdag vart 61 stadfesta smitta.

No opplyser ordførar Sølvi Dimmen (Sp), at Volda kommune vil melde My Kitchen til politiet i løpet av dagen.

My kitchen Volda

RESTAURANT: Personar som NRK har snakka med skildrar eit lokale med dansing, folk tett i tett, og bestilling av drikke i baren.

Det var TV 2 som fyrst omtalte saka.

Dimmen seier medieopplag er grunnen til at Volda kommune vel å melde saka til politiet:

– Med det som no har kome fram i media, så synest vi dette er ei sak politiet bør etterforske, seier Dimmen til NRK.

NRK har førebels ikkje lukkast å få kontakt med drivaren av My Kitchen i dag.

I går ville ikkje leiinga ved serveringsstaden kommentere påstandar om at det var for mange, for tett, inne i lokalet laurdag kveld.

Politiet i Møre og Romsdal stadfestar at Volda kommune har meldt inn ei sak knytt til ein restaurant. No vil politiet etterforske saka.

Omfattande testing

Ørsta og Volda fikk fredag inn ekstra mannskap til koronatesting.

Tilsette har meldt seg frivillig til å gå ut av ferie for å hjelpe til.

Koronatesting i Hovdebygda i Ørsta kommune.

HEKTISK: Personale ved teststasjonen i Hovdebygda.

Foto: Per Ivar Kvalsvik / NRK

Dei to kommunane har felles teststasjon i Hovdebygda. I går blei rundt 350 personar testa. Fredag vart det 700 testa. Sjølv om kapasiteten er auka var det lange køar på staden.

Kommunane drøfta i dag om dei skal innføre lokale smitteverntiltak. Etter møtet informerte ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp), om at det ikkje bli aktuelt denne veka.

– Vi har konkludert med at vi skal sjå korleis ting utviklar seg igjennom helga, samstundes som vi oppmodar folk til å avgrense aktivitet. Om vi skal kome med strengare tiltak, så må vi samle formannskapet og det er ikkje mogleg før tidlegast måndag, seier Aam.

Stein Aam, ordførar Ørsta, ordførarkjede

VENTAR MED TILTAK: Stein Aam, ordførar i Ørsta.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL