Hopp til innhold

Volda kommune vurderer å politimelde utestad – over 80 smitta på tre dagar

Videoar frå utestaden My Kitchen i Volda viser ungdommar tett i tett sist helg. No er over 80 smitta på tre dagar, og kommunen har førebels ikkje kontroll på utbrotet.

Videoar viser folk som dansar tett ved utestaden My Kitchen, laurdag kveld. Kommunen vurderer å politimelde utestaden i Volda sentrum.

Sol og sommar lokka mange unge i Volda og Ørsta på Sunnmøre til fest sist helg. Det var fleire privatfestar, og mange som endte opp på utestaden My Kitchen.

No er mange av dei smitta. Berre det siste døgnet er 61 personar stadfesta smitta, og totalt 81 dei siste tre dagane.

Tidlegare torsdag var det 49, utover kvelden fekk kommunane 12 nye smitta, opplyser kommuneoverlege Marte Vaage Øie til NRK.

Videoar frå utestaden viser folk tett i tett.

– Det var alt for mykje folk inne, og ikkje høve til å bestille ved borda. Det førte til at folk sto i ei tett klynge ved baren for å kjøpe drikke, fortel ein ung mann til NRK. Han vil vere anonym, men NRK kjenner identiteten hans.

NRK har også snakka med fleire andre som fortel det same: om folk tett i tett både ved borda og på dansegolvet.

Det skal vere snakk om Delta-varianten, og det er unge vaksne.

– Dei aller fleste smitta er uvaksinerte og skulle fått vaksinedose i vekene framover, seier Vaage Øie.

My kitchen Volda

Utestaden My Kitchen samla mange til fest sist helg. No kan det få etterspel sidan mange har blitt smitta av korona.

Vurderer å gå til politiet

No vurderer Volda kommune å melde utestaden for brot på smittevernreglane.

Både Volda og nabokommunen Ørsta har hatt store utfordringar med å handtere smitteutbrotet i ferietida.

Ordførar i Volda, Sølvi Dimmen, (Sp) seier dei har testa mange hundre dei siste dagane.

– Vi vil følgje opp og gjere det som er nødvendig, i dialog med utestaden og politiet, seier ho.

Sølvi Dimmen (Sp), ordfører i Volda

Ordførar Sølvi Dimmen i Volda seier dei no vurderer å innføre lokale restriksjonar for å få bukt med smitteutbrotet.

Foto: Per Ivar Kvalsvik / NRK

No vurderer kommunen å innføre lokale tiltak for å få kontroll på situasjonen.

Den daglege leiaren ved My Kitchen vil ikkje kommentere påstanden om at det var for mange og for tett inne på utestaden. Ho ønskjer ikkje å bli namngitt.

– Vi har dialog med kommunen, og beklagar situasjonen. Vi gjer så godt vi kan, seier ho til NRK.

Fryktar fleire smitta dei neste dagane

Kommuneoverlegen i Ørsta, Marte Vaage Øie, ventar fleire nye smittetilfelle dei neste dagane.

Mange av dei unge som er smitta har hatt stor sosial omgang, vore innom treningssenter, kafear og butikkar.

– Dei har vore på veldig mange festar, dei har vore aktive og møttest, som det er naturleg at dei gjer når det er sommar og fint ver, seier ho.

Kommunane ber om at alle arrangement og private festar blir avlyste.

Kommuneoverlege Ørsta, Marte Vaage Øie

Kommuneoverlege Marte Vaage Øie seier mange av dei unge smitta har vore fleire stader i Ørsta og Volda. Det gjer smittesporingsarbeidet utfordrande.

Foto: Frode Berg / NRK