Hopp til innhold

Her frys dei utleigeprisane for studentane

Studentsamskipnaden i Volda vil skjerme studentane frå ekstra utgifter. Dei lovar at prisane ikkje skal gå opp før hausten 2025.

Studentboligene på Heltne ved Høgskulen i Volda.

Dei nye studentbustadene på Heltne i Volda skal ikkje auke i pris det komande året.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er stille på Høgskulen i Volda. Mange er ferdige med eksamen og har tatt juleferie.

No får dei også ei førjulsgåve frå Studentsamskipnaden, som vil skjerme studentane frå ekstra utgifter. Utleigeprisane for hyblar og leilegheiter vert uendra i 2024.

At vi kan gi studentane i Volda ei sånn handsrekking i denne dyrtida synest vi er veldig positivt, seier administrerande direktør Rune Aasen.

Rune Aasen, administrerende direktør ved Studentsamskipnaden i Volda.

Rune Aasen er administrerande direktør ved Studentsamskipnaden i Volda.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Han legg til at samskipnaden har god økonomi, og vil gjere det dei kan for å hjelpe dei som ikkje nødvendigvis har det. Det betyr at prisane ikkje skal stige før tidlegast hausten 2025.

Gjer det dei kan for studentane

Økonomien for studentar generelt er stram som han er. At samskipnaden kjem med ei tidleg julegåve til studentane, det trur eg berre er positivt, seier Sindre Rabben Tronstad. Han er student og styreleiar i studentsamskipnaden.

For det er ein generell auke i alle former for kostnader for alle. Nyleg sette også Noregs Bank opp styringsrenta til 4,5 prosentpoeng.

Volda-studentane har lav husleige samanlikna med dei som bur i store byar, men likevel merkar dei at alle andre utgifter aukar.

Men no aukar altså ikkje leigeprisen for studentane som bur via samskipnaden.

– Vi er her for studentane, og vil gjera kvardagen betre for dei. Då gjer vi det vi kan, seier Tronstad.

 Sindre Rabben Tronstad er styreleiar i studentsamskipnaden ved Høgskulen i Volda

Sindre Rabben Tronstad meiner det er positivt for studentane at husleiga ikkje skal auke.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Ei gladnyheit

Ein som skal reise heim igjen på juleferie er lærarstudent Eirik Jacobsen. Han fortel at det er igjen mindre av stipendet no enn før.

Det er ei gladnyheit, og ein positiv ting. Det er mindre å rutte med no samanlikna med dei første åra eg studerte her, med tanke på at matprisane har gått opp.

Han bur sjølv i studentbustad på nye Heltne, og synest det er flott at samskipnaden gjer dette tiltaket. På felleskjøkkenet i bustaden blir det nemleg ofte snakk om dei høge prisane som er no, særleg på maten.

Det er også noko eg tenkjer på når eg handlar. Eg vel jo billigare matvarer, seier han.

Eirik Jacobsen, lærerstudent ved Høgskulen i Volda

Eirik Jacobsen er lærarstudent i Volda. Han merkar godt at han har mindre å rutte med, sjølv om Volda ikkje er den dyraste plassen å bu.

Foto: Tore Ellingseter / NRK