Hopp til innhold

Avdekte stor hasjplantasje i Ørsta – har gateverdi på mange millionar

300 cannabisplantar og 25 kilo cannabis blei oppdaga i Ørsta under ei ransaking. – Dette er eit av dei største beslaga vi har gjort på mange år, seier politiadvokat Magne Kvalvik.

Politiaksjon

Politiet ransaka ein bustad i Ørsta i slutten av januar.

Foto: Tipsar

I slutten av januar blei fleire menn arresterte mistenkte for å produsere narkotika i Ørsta.

I dag kan politiet avsløre at dei beslagla over 300 cannabisplantar og rundt 25 kilo cannabis.

– Denne cannabisen har nok ein gateverdi på fleire millionar kroner, så dette er eit betydeleg beslag, det er det ingen tvil om, seier politiadvokat Magne Kvalvik ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Beslaget er eit av dei største politidistriktet har gjort på mange år og blir sendt til Kripos for analyse.

Les også Politijakt etter narkoprodusentar i Ørsta

Ørsta

Tre frå utlandet

Den siste månaden har fem menn sete i varetekt. Tre av dei kjem frå Aust-Europa, medan dei to andre er norske. Dei tre utanlandske mennene blir vidare varetektsfengsla på grunn av faren for at dei skal reise frå landet.

Dei andre to blir lauslatne fordi det ikkje lenger er fare for at dei skal øydelegge bevis. Også ein sjette mann er sikta, men ikkje arrestert. Dei er sikta for grov narkotikaovertredelse, med ei strafferamme på inntil 10 år.

Ein av dei seks har erkjent straffskuld.

Les også Fire menn fengsla – politiet jaktar på fleire

Politiaksjon

Verkar å vere profesjonell

Kvalvik kan ikkje seie noko om korleis plantasjen har vore drifta, men han meiner den verkar å vere profesjonell.

Korleis kom de over den?

Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik

Magne Kvalvik er politiadvokat i Møre og Romsdal. Han seier at beslaget i Ørsta er betydeleg.

– Dette er ei sak der vi fekk retten si godkjenning til å ransake og gjennomførte ransakinga på bakgrunnen av det, seier politiadvokaten.

Han kan ikkje seie noko om korleis distribusjonen av hasjen har føregått.

Politiet etterforskar no saka vidare.

– Det er eit ganske stort digitalt beslag vi skal gå gjennom, seier Kvalvik. Dei har også henta inn teledata og økonomisk informasjon som skal jobbast vidare med.

Advokat Erling Flisnes er forsvarar for ein av dei utanlandske mennene.

– Han har forklart seg for politiet og kva som har kome fram i forklaringa kan eg ikkje uttale meg om, seier Flisnes. Han vil ikkje kommentere saka ytterlegare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL