Fôr frå Nord-Amerika kan redde norske kyr frå den sikre død

13 skotske høglandsfe i Aust-Agder får no leve vidare, ved hjelp av fôr frå Sunnmøre. Dersom den ekstreme tørken held fram, kan redninga for norske bønder bli gras frå andre sida av Atlantaren.

Linda Vindfjell

Linda Vindfjell (39) med kua Hermine, av rasen høglandsfe. Ingen av dei 13 dyra på garden i Aust-Agder treng frykte for livet etter at dei får fôr frå Sunnmøre. Norsk importørar leitar no etter fôr i Nederland og heilt i Nord-Amerika for å hjelpe fortvilte bønder i Noreg.

Foto: privat

Gardbrukaren Linda Vindfjell (39) i Gjerstad i Aust-Agder har felt mange tårer dei siste dagane. Den langvarige tørkeperioden har gjort at ho og sambuaren Bård Dåvøy ikkje har klart å skaffe nok mat til dei 13 høglandsfea sine. Dermed trudde dei at slakteriet skulle bli neste stopp. Men i siste time fekk dei hjelp frå uventa hald.

Skjermdump frå Facebook

Linda Vindfjell blei svært glad då ho fekk kjøpe fôr frå Sunnmøre, om lag 800 kilometer unna. Ho trudde ho måtte kvitte seg med flesteparten av dyra dei har på småbruket i Aust-Agder. No slepp dei å reise til slakteriet.

Foto: Skjermdump

– Eg er evig takksam. Dette har blitt redninga vår. Det har vore veldig tungt, det såg så mørkt ut, vi hadde ikkje sjanse å skaffe nok fôr, seier Vindfjell.

Nedringt frå heile landet

Ein gardbrukar på Sunnmøre la onsdag ut eit innlegg på Facebook om at ho kunne hjelpe med fôr, og blei nedringt frå heile landet. Kyrne i Gjerstad trekte det lengste strået.

Skjermdump frå Facebook

Dette innlegget på Facebook har ført til ein storm av folk frå heile landet som har ringt, sendt meldingar og møtte opp for å få tak i fôr til dyra sine. Fredag morgon er innlegget likt over 500 gongar og delt av over 200.

Foto: Skjermdump

– Det er kjempevanskeleg å få tak i fôr, eg selde det på ein-to-tre og blei kontakta av svært mange, seier ho som la ut innlegget. Ho har hatt så stor pågang at ho ikkje ønskjer å stå fram med namn.

Tidlegare denne veka fortalde Trond Bjørkås i Nordland Bondelag at også han har fått telefonar frå folk som ønskjer fôr, utan at han førebels har kunne hjelp dei.

Kø på slakteria

Mange bønder kjempar no forvilt for å få tak i nok mat til dyra sine. Dei siste dagane har gardbrukarar over heile landet rapportert om solsvidde markar og ein mager slått. Norsk landbruk er inne i si verste tørkekrise sidan 1947, og mange bønder vurderer no å slakte ned buskapen sin fordi dei fryktar at det blir matmangel til vinteren.

Bonde og fôrimportør Alf Steinhovden i Eikefjord i Sogn og Fjordane seier han dagleg får 30–40 telefonar frå fortvilte bønder som vil kjøpe rundballar. Han har allereie bestilt mellom 100 og 200 vogntog, og ser no etter nye marknader.

Alf Steinhovden, Vestfor AS

Alf Steinhovden i Vestfor vurderer å kjøpe og formidle grovfôr frå USA og Canada.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi har god erfaring med Nederland, og det ser ut for at det blir den løypa vi må gå. Men også nye område som Midtvesten av Nord-Amerika kan vere aktuelt, seier han.

Ventar på regn

Langtidsvermeldinga for store deler av landet er ikkje direkte lovande for dei som ventar på styggevêr. Bondelaget er uroleg for den mentale helsa til bøndene, og har oppretta ei nettside for å prøve å formidle kontakt til folk som har ekstra fôr dersom tørken held fram.

I mellomtida håper Linda Vindfjell at det snart blir regn.

– Det beste ville vore om det begynte å regne med ein gong, helst burde det regne jamt i ei veke, då vil graset begynne å gro igjen seier Linda Vindfjell og ektemannen Bård Dåvøy.

Linda Vindfjell og Christian Vindfjell-Rendtler

Linda Vindfjell og sonen Christian Vindfjell-Rendtler (17) med Hermine, som no får leve likevel ved hjelp av høy frå Sunnmøre.

Foto: privat

Les også: