Hopp til innhold

Uroar seg for den mentale helsa til bøndene

STRYN (NRK): Tørkeråka bønder kan måtte sende dyr til slakt. Mange uroar seg for drifta på garden. Bondelaget fryktar for bøndene si mentale helse.

Anders Kleppe, bonde i Stryn

TØFFE TIDER: Anders Kleppe er ein av mange bønder som denne sommaren brukar mykje tid og krefter på å uroe seg for dyra og gardsdrifta.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Eg blir liggjande og gruble om nettene. Då ligg eg og tenkjer på at eg må ringje slakteriet og høyre kva tid eg kan få levere til slakt, seier storfebonde Anders Kleppe i Stryn.

Han er ein av mange bønder som no har problem på grunn av langvarig tørke. Norsk landbruk er inne i sin verste tørkekrise sidan 1947. Mangelen på fôr er stor.

For Kleppe plar førsteslåtten å gje 800 rundballar. I år vart det knappe 400, og andreslåtten ser ikkje ut til å bli noko redning. Han har allereie sendt 20 dyr til slakt.

– Dette er noko som gneg meg heile tida. Eg tenkjer konstant på kva eg skal gjere, seier han.

Kan gå utover psykisk helse

I går vart det halde krisemøte mellom Tine, Nortura og bønder frå Noregs Bondelag for å diskutere korleis dei skal handtere situasjonen. Fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane fryktar for den mentale helsa til dei mange bøndene som no har det tungt.

– Situasjonen for bøndene er alvorleg, og det kan gå utover den psykiske helsa. Eg er redd det kan gå frå å vere alvorleg til å bli kritisk, seier han.

– I så fall vil vi samle folk til fagmøte, slik at bøndene får prate med kvarandre om dette, seier Felde.

Bøndene må gjere drastiske tiltak

På Vestlandet er det meldt om avlingar på 50–60 prosent av det normale. På Austlandet er det kanskje endå verre. Det er noko som opptek styresmaktene.

– I fjor vart det store avlingsskadar som følgje av for mykje vatn på Vestlandet, og då vart det frakta ein del fôr frå Austlandet. Dermed gjekk fôrreservane ned. No er det tørke og lågare avlingar enn normalt begge stadar, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Jon Georg Dale

TILTAK: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har sett i verk tiltak som null toll på import av fôr og at kornbønder ikkje tapar tilskot på produksjon av grovfôr.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det gjer at det er ein spesielt krevjande situasjon i år – og det er ikkje sikkert at vi klarer å løyse det utan at bøndene sjølve må gjere drastiske tiltak, seier han.

Manglar 600 rundballar

Dale understrekar at ingenting tilseier at det går mot matkrise for norske forbrukarar. Om bøndene slaktar meir, vil det berre fylle opp fryselager og gje ein større buffer. Han er oppteken av at dette er verst for bøndene.

Det kan Anders Kleppe i Stryn skrive under på. Bonden gjer så godt han kan med å køyre ut rundballar og vatn til dei 160 kyrne sine. Rundt han er marka brun der det skulle ha vore grønt og frodig.

Knusktørt i Stryn, Anders Kleppe

KNUSKTØRT: Slik ser det ut på marka til Anders Kleppe i Stryn. Her skulle det normalt sett ha vore grønt og frodig.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Eg håpte på ein god andreslått, men no ser det ut for at han blir dårlegare enn normalt. Det blir vel nesten ingenting. Då har eg eit underskot på 500–600 rundballar, seier Kleppe.

– Er du bekymra?

– Ja. Eg er bekymra for at dyra ikkje skal ha nok mat. Då er det betre å levere til slakt og vite at dei ungdyra eg har att har det godt resten av året. For dette er noko som vil vare heilt til eg kan hauste neste juni. Og eg burde ha hatt godt fôr fram til då, sukkar Kleppe.