NRK Meny
Normal

Trond vil gje naudhjelp til bøndene i sør

Tørka herjar i Sør-Noreg og trugar med å øydelegge livsverket til bønder. I nord har landbruket også problem, men jobbar hardt for å sende fôr til kollegaane sine sørpå.

Trond Bjørkås

VIL GJERNE HJELPE: – Vi føler medkjensle for dei som er ramma av tørka. Kanskje er det Nordland som vert ramma neste gong, so vi må hjelpe til der vi kan, seier Trond Bjørkås.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Bønder sjølv har ringt og spurt om vi har fôr til overs. Dei er fortvilte.

Trond Bjørkås er nestleiar i Nordland Bondelag og har sjølv 200 dyr å fø på. Men i motsetning til mange andre har han hatt ei relativt god førsteslått.

– Sjølv har eg ei god avling, men generelt i Nordland er det under middels i år, seier Bjørkås fra Vefsn på Helgeland.

– Kan de bønder i nord hjelpe kollegaane dykkar i sør?

– Det er vanskeleg å sei. Her i nord er vi ikkje ferdige med slåtta enno og veit dimed ikkje kor mykje fôr vi har til overs. Men det er klart at når vi får oversikt over kor mykje fôr vi har, vil det bli seld til dei som treng det, seier Bjørkås.

Trond Bjørkås gjødslar

HIV SEG RUNDT: Det er kring to veker sidan Bjørkås vart ferdig med førsteslåtten. No gjødslar han i håp om ei god andreavling. Vert det noko til overs vil han selje det til andre bønder.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Treng store mengder fôr

Bjørkås driv kjøtproduksjon, og treng om lag 1900 rundballar i året. Kvar ball er kring 900 kilo. Kyr og oksar treng mykje fôr, so når både første- og andreslåtten vart øydelagd for fleire bønder i sør er det eit enormt behov. Han fortel at det allereie er fleire bønder i Nordland som har selt fôr sørover.

Bondelaget har oppfordra kollegaane sine til å selje det dei kan av fôr, både tørrhøy og surt. Bjørkås understrekar at ein må halde prisane moderate.

– Dette er ei krise som gjer at vi må vere solidariske og ikkje absolutt tene raske pengar. Neste gong er det oss som treng hjelp, og då ynskjer vi ikkje at det er nokon som skal sko seg på det, seier Bjørkås.

Kyr vert fôra

STORETARAR: Storfe krev mykje fôr vinterstid. Sjølv om sommaren står nokre dyr inne delar av tida, og då treng dei også silofôr.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

– Alle monnar drar

– Også i Nordland er det bønder som manglar fôr, seier Astrid Tove Olsen, leiar for Bonde- og småbrukarlaget i fylket.

Delar av Nordland opplevde ein sein vår og tela sat lenge i fuktig og myrlendt mark. Dette førte til låge avlingar ved førsteslåtten, spesielt nord i fylket. Bønder som driv økologisk, som Olsen, er avhengige av kløver for å få gode avlingar. Kløveren treng varme vårar for å gro godt.

Astrid Tove Olsen

DESPERAT SITUASJON: – Mange unge bønder har satsa og har gjeld over hals og hovud. Slaktar dei ned, tapar dei inntekter. Det er nesten vanskeleg å skildre kor vanskeleg dette er for landbruksnæringa, seier Astrid Tove Olsen.

Foto: Maria Pettersen / NRK

– So det er berre å gjødsle på so det vert ei god andreslått. Det kjem til å bli behov for den i næringa over heile landet, seier Olsen.

Småbrukarlaget vil engasjere bønder til å slå jorde som ligg brakk. Også småbønder i bygdene kan hjelpe, ikkje berre dei store samdriftsgardane, meiner dei.

– Alle monnar drar, seier Olsen.

Rundballar

STORT BEHOV: I førsteslåtta fekk Trond Bjørkås kring 900 rundballar. Han treng 1100 til for å dekke sitt eige behov før han i det heile kan tenke på å dele.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Ei sårbar næring

– Vi er jo ei næring som jobbar med naturen kvart einaste år, so dette her kan jo skje fleire gongar. Dette er eit varsel om at vi må ha landbruk over heile landet, seier Olsen.

Også Trond Bjørkås peiker på at landbruket er utruleg avhengige av det rette vêret.

– Det kan jo igjen gå ut over sjølvforsyninga i Noreg og norsk mat i butikkane i lang tid. Dette syner kor sårbar næringa er og kor avhengige vi er av landbruket alle saman, seier Bjørkås.

– Vi er jo ei næring som jobbar med naturen kvart einaste år, so dette her kan jo skje fleire gongar. Dette er eit varsel om at vi må ha landbruk over heile landet, seier Olsen.

Trond Bjørkås fôrer kyr
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK