Hopp til innhold

Har ikkje gitt opp å få Snowden til Noreg

Laurdag får Edward Snowden årets Bjørnsonpris. Stolen til den spionsikta amerikanaren blir ståande tom i Molde, men leiinga i Bjørnson-akademiet har ikkje gitt opp å overrekke prisen på norsk jord.

Laurdag får Edward Snowden årets Bjørnsonpris. Stolen til den spionsikta amerikanaren blir ståande tom i Molde, men leiinga i Bjørnson-akademiet har ikkje gitt opp å overrekke prisen på norsk jord.

VIDEO: Styret i Bjørnson-Akademiet har ikkje gitt opp å få Edward Snowden til Norge. Foto/redigering: Roar Strøm.

Styret i Bjørnson-Akademiet håpa i det lengste at dei skulle få ta imot verdas mest ettersøkte mann under Bjørnsonfestivalen i Molde denne veka, men har no innstilt seg på at stolen til den spionsikta amerikanaren Edward Snowden blir ståande tom under prisutdelinga i Molde laurdag.

– Det er sjølvsagt veldig trist at han ikkje kjem, men vi er ikkje så veldig overraska over det, seier Hege Newth Nouri, president i Bjørnson-Akademiet.

Ho fortel likevel at alt er på plass før utdelinga av prisen laurdag klokka 11.00.

– Då vil han vere med direkte på Skype, og alle har moglegheit til å få det med seg, seier Newth Nouri.

Vil gå rettens veg om nødvendig

Varslaren Snowden får Bjørnson-prisen 2015 for sitt arbeid for personvernet, og for å rette eit kritisk søkelys mot statar si overvaking av eigne og andres innbyggarar.

Hege Newth Nouri, president i Bjørnson-Akademiet.

Hege Newth Nouri, president i Bjørnson-Akademiet, seier at dei jobbar kontinuerleg med å få Snowden til Noreg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Norske myndigheiter har så langt ikkje ville gi Snowden garanti for at han ikkje blir utlevert til USA om han kjem til Noreg for å ta imot prisen. I slutten av august vart det kjent at amerikanske myndigheiter har bedt Noreg om å utlevere Snowden så fort han sett sine bein i landet.

Bjørnson-Akademiet har likevel ikkje gitt opp håpet om å få han til Noreg, og er villige til å gå rettens veg for å få det til.

– Vi jobbar kontinuerleg med å få han hit til Noreg, slik at han kan ta imot prisen personleg, seier Newth Nouri.

Gir ikkje opp håpet

Snowden avslørte USA si overvaking av andre statar i 2013, og har vore på flukt frå amerikanske myndigheiter som meiner Snowden er ein spion.

Hege Newth Nouri, president i Bjørnson-Akademiet og Thomas Hylland Eriksen, styremedlem

Thomas Hylland Eriksen, styremedlem i Bjørnson-Akademiet håpar at Snowden kan kome til Noreg så snart som råd.

Foto: Roar Strøm / NRK

Snowden bur no i skjul i Russland etter at han fekk forlenga opphaldsløyvet sitt med tre år i 2014.

Bjørnson-akademiet håpar framleis å kunne gi Snowden Bjørnson-prisen i Noreg, men har også vurdert å overrekke den på grensa mellom Noreg og Russland.

– Kor tolmodige kjem de til å vere?

– Vi er sjølvsagt veldig utolmodige og har lyst å få han hit så snart som råd, men vi er også innstilt på at det tek den tida det treng, seier Thomas Hylland Eriksen, styremedlem i Bjørnson-Akademiet.

– Men vi håpar at Snowden kan få kome trygt til Noreg, og at Noreg med det kan markere si sjølvstende frå USA, noko eg meiner vil vere veldig bra for den norske stat, held han fram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL