Hopp til innhold

Frifunnen for forsøk på å gifte seg med 14 år gamal jente

Den irakiske mannen hevda bestemt at han ikkje visste kor gamal den 14 år gamle bruda var, og at han sende henne heim til foreldre då han oppdaga det. No er han frifunnen i retten.

Hennarituale

Politiet tok beslag i fleire bilete frå det dei hevdar var ein bryllaupsfest på Sunnmøre på nyåret 2016. Dette bildet blei lagt fram i retten for å vise deler av henna-ritualet som skal ha vore utført.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Aktor la nyleg ned påstand om fengsel i to år og åtte månader for den no 28 år gamle mannen, som politiet meinte forsøkte å gifte seg med ei då 14 år gamal jente hausten 2015. No er han frifunnen i Sunnmøre tingrett.

I dommen går det fram at det er bevist utover ein rimeleg tvil at mannen prøvde å inngå eit ekteskap med den fornærma, og at det både blei gjennomført forlovings- og bryllaupsfest. Men det er tvilen rundt alderen til jenta som gjer at mannen blir frifunnen, både for forsøk på barneekteskap og fleire tilfelle av seksuell omgang med barn under 16 år.

Mannen sin forsvarar, Reidar Andresen, seier at klienten hans er svært letta over frifinninga.

– Han har til tider følt seg heilt makteslaus i møte med påstandane mot seg, så han er veldig glad for å ha blitt trudd. Som han sa i retten så hadde han ikkje eit ønske å gifte seg med nokon som var under lovleg aldersgrense, seier Andresen.

– Overraska over avgjerda

Aktor, Cathrin Remøy, seier at det no blir opp til statsadvokaten om dommen skal ankast. Utover det ønskjer ho ikkje å kommentere saka.

– Eg er svært overraska over avgjerda i tingretten, skriv jenta sin bistandsadvokat, Anne Grete Ludvigsen, i ei tekstmelding til NRK. Ho vektlegg at dette er hennar merknad og ikkje ei uttale på vegner av hennar klient.

Ho vil ikkje kommentere saka ytterlegare før ho har fått snakka med klienten sin.

Storstilt fest på Sunnmøre

Politiet tok i fjor haust ut tiltale for forsøk på giftarmål med eit barn under 16 år, og seksuelle overgrep. Først skal dei to ha blitt gifte etter muslimsk tradisjon på Austlandet, med ein imam til stades. Deretter blei det arrangert ein storstilt fest på Sunnmøre og mannen betalte 70 000 kroner i medgift.

Medgift

Mannen som no er frifunnen forklarte i retten at han bad jenta sin far om løyve til å gifte seg med henne, og at han deretter betalte 70 000 kroner i medgift. Desse pengane tok politiet seinare beslag i under ei ransaking heime hos foreldra til jenta.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Jenta hevda under rettssaka at festen var eit slags utkledningsselskap, og at den kvite brudekjolen ho hadde på, berre var eit kostyme. Mannen som no er frifunnen, vedgjekk straffskuld og forklarte i retten at han bad far hennar om å gifte seg med henne.

Under rettssaka forklarte han at han ikkje forstod visste kor ung ho var. Då han oppdaga det, bad han foreldra om å kome og hente henne.

I dommen frå Sunnmøre tingrett står det at retten ikkje kan legge vekt på mannen si erkjenning av straffskuld. Dette fordi retten meiner at mannen ikkje hadde nok innsikt i dei ulike vilkåra for domfelling etter tiltalen.

– Tiltalte blir å frifinne då retten ikkje finn bevist utover rimeleg tvil at fornærma var under 16 år då det blei forsøkt inngått ekteskap med henne, eller då den seksuelle omgangen skjedde, står det i dommen.

Foreldre under etterforsking

Dommen frå Sunnmøre tingrett viser til at familien til jenta skal ha opplyst at ho var over 16 år. På forlovingsfesten skal det også ha blitt lagt fram dokument som bekrefta dette.

– Retten kan ikkje utelukke at foreldra hadde motiv til å framstille fornærma sin alder ulikt. Retten kan ikkje basere ei domfelling på opplysningar gitt av personar som på mange område forklarar seg bevisst uriktig, står det i dommen.

Under rettssaka kom det også fram at begge foreldra no er under politietterforsking i samband med saka, men at det ikkje er tatt ut tiltale.

– Rett avgjerd

Jenta sin alder blei sentral under rettssaka. Mannen sin forsvarar, Reidar Andresen, seier han er kritisk til at politiet ikkje tok meir omsyn til usikkerheita rundt alderen hennar.

Reidar Andresen

Mannen sin forsvarar, Reidar Andresen, seier at hans klient blei svært letta over frifinninga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Eg meiner at politiet burde ha lagt ned påstand om frifinning slik som bevissituasjonen etter kvart blei. Vi vil møte ein eventuell anke med meir bevis knytt til jenta sin alder, seier han.

Aktor, Cathrin Remøy, ønskjer ikkje å kommentere ytringane til Andresen.

Les alt om saka her: