Hopp til innhold

Trafikklærar på Sunnmøre dømd for uønskt seksuell handling og upassande snakk

Etter 15 år med klager er trafikklæraren frå Sunnmøre dømd.

Mykje trafikk på Hellebroa

Trafikklæraren har hatt eit mellombels forbod mot å drive trafikkopplæring inntil ein rettskraftig dom er klar. Statens vegvesen skal no ta ei avgjerd om framtida hans.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Fleire unge jenter har i haust fortalt om seksuelt krenkande oppførsel då dei fekk køyreopplæring hos ein trafikklærar i 50-åra.

Mannen blei først dømd til fengsel i 20 dagar, men anka saka. Lagmannsretten har no slått fast at 20 dagar i fengsel er riktig straff.

Trafikklæraren er dømt for å ha gjort ei seksuell handling mot nokon som ikkje hadde samtykka i det, og seksuelt krenkande eller uanstendig åtferd.

Gnei seg inntil ho

I ankesaka vitna dei tre kvinnene som melde læraren til politiet.

  • Den eine kvinna var 16 år då køyreopplæringa starta. Ho fortalde at han hadde sagt at ho såg sexy ut, at han sa at han ville ha ho med på pub, og at han snakke mykje om kroppar.
  • Ei anna kvinne i 20-åra sa at trafikklæraren hadde gnidd seg inntil ho med skrittet då han passerte ho.
  • Ei tredje kvinne sa at trafikklæraren hadde spurt om han kunne bli med henne heim etter køyretimen.

Køyrelæraren hevda i retten at ingenting av dette var sant, og at kvinnene var påverka av rykte dei hadde høyrd om han og trafikkskulen.

Er nøgd

Statsadvokat og aktor i ankesaka Ingvild Thorn Nordheim er tilfreds med dommen og at dei fekk medhald påstanden sin.

– Dommen gjeld for dei tre fornærma, men for dei tidlegare klagarane er det viktig at det no ser ut for å bli sett ein stoppar for dette, seier Nordheim. Ho trur kvinnene er letta over å ha blitt trudd.

Ifølge ho har domfelte anka over straffutmålinga.

Mannes sin forsvarer har så langt ikkje svart på meldingar frå NRK i ettermiddag.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim i samtale med bistandsadvokat Anne Nerland Hovde.

Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim (t.h) i samtale med bistandsadvokat Anne Nerland Hovde under ankesaka.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Fått klager i 15 år

Mannen har vore trafikklærar på Sunnmøre i meir enn 20 år, og i løpet av 15 år har politi og Statens vegvesen registrert totalt 35 varsel mot trafikklæraren.

I tidsrommet frå 2007 til 2014 blei trafikklæraren meldt til politiet av åtte ulike jenter utan at politiet fann grunn til å ta ut tiltale.

Eg synast at det er bra at han no er dømd og at han får ein straff. Det han har gjort mot meg og fleire andre er feil, seier ei av kvinnene som vitna i ankesaka til NRK.

Mora til ei av dei andre kvinnene, som også vitna i retten, kallar det ein viktig dom.

Det er viktig at desse jentene har blitt trudd og at desse dommane viser at slik oppførsel og seksuell trakassering er heilt uakseptabelt i samfunnet vårt, seier ho.

Les også 35 unge jenter har varsla om trafikklæraren: – Dei har vore fortvilte og redde

Har mellombels forbod

Mannen i 50-åra har dei siste vekene hatt eit mellombels forbod mot å drive trafikkopplæring inntil ein rettskraftig dom er klar.

Mannen har gjennom sin advokat klaga på vedtaket frå Statens vegvesen.

Vegvesenet godkjenner trafikklærarar på bakgrunn av mellom anna vandel lagt fram med ordinær politiattest. Kva som skjer no, er ifølge dei for tidleg å seie.

– Vi tar dommen til etterretning og må bruke litt tid til å gjere oss kjend med den, seier Geir Kjetil Moshaug Draget, seksjonssjef i Statens vegvesen.

– Men utan ein plettfri vandel, er det da mogleg å vere køyreskulelærar?

På generell basis kan eg seie at man skal ha ein godkjent vandel for å vere køyreskulelærar, seier Moshaug Drage.

Håper det er kroken på døra

Kvinna som trafikklæraren er dømd for å ha spurt om å bli med heim etter køyretimen, håper han aldri får lov til å starte med undervisning att.

Eg synest det er fint om han mister retten med tanke på tryggleiken til dei mange unge som tek lappen, seier ho.

Mora til den yngste kvinna seier at det viktigaste med saka for ho dottera hennar, er at han ikkje skal få lov til å drive køyreskule vidare.

Det er heilt uhaldbart om han får halde fram, og eg vert utruleg skuffa om han får fortsette no.