Ber om nesten tre års fengsel

Aktor ber om 2 år og 8 månader fengsel for ein mann busett på Sunnmøre som prøvde å gifte seg med ei 15 år gamal jente. Rettssaka blei utsett i påvente av eit avhøyr av ein imam, som skal ha stått for giftarmålet, men politiet har ikkje funne han.