Hopp til innhold

Tenåringsjente hevdar ho blei lurt og tvinga til å gifte seg

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Tenåringsjenta hevdar ho trudde dei skulle kle seg ut og leike bryllaup då ho fylte 15 år. Det skal vere første gang politiet har tiltalt nokon i Noreg for å forsøkje å gifte seg med eit barn.

Hennarituale

Politiet la torsdag fram for retten bilde frå det dei seier var ein bryllaupsfest på Sunnmøre i januar 2016. Dette skal vere bilde frå eit henna-ritual for dei nygifte.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var barnevernet i ein sunnmørskommune som slo alarm då ei 15 år gamal irakisk jente kom flyttandes frå Austlandet våren 2016. Ho hadde mykje fråvær, og ganske snart begynte det å gå rykte om at ho var utsett for tvangsekteskap og at ho var gravid.

No står ein mann tiltalt for forsøk på barneekteskap og for seksuelle overgrep.

Cathrin Remøy

Cathrin Remøy er aktor i saka, og har tatt ut tiltale for forsøk på barneekteskap og for seksuelle overgrep.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Eg kjenner ikkje til at nokon har vore tiltalt etter denne paragrafen tidlegare, seier aktor, politiadvokat Cathrin Remøy. Ho har tatt ut tiltale etter § 262 i Straffelova, for å ha inngått ekteskap med eit barn under 16 år.

Hevdar han betalte 70 000 kroner i medgift

I retten forklarte den no 28 år gamle mannen at han tok kontakt med foreldra til 14-åringen og fekk løyve frå faren til å gifte seg. Deretter sa han at dei inngjekk eit religiøst ekteskap med ein imam til stades, før dei feira bryllaupsfesten på Sunnmøre kort tid etter.

Medgift

Politiet la fram bilde av pengar dei meiner mannen betalte i medgift til jenta sine foreldre. Sjølv har han forklart at han betalte 70 000 kroner.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Han forklarte også i retten at han betalte 70 000 kroner i medgift, og at jenta var ivrig etter å gifte seg for å sleppe heimanfrå og vekk frå ein streng far.

I retten vedgjekk han straffskuld på begge punkt.

Hevdar dei kledde seg ut og leika bryllaup

Mannen si forklaring står i skarp kontrast til det jenta forklarte i politiavhøyra som blei spelt av i retten torsdag. Her sa ho mellom anna at ho ikkje visste at ho var med på nokon bryllaupsfest, men at ho trudde det var ein bursdagsfest der alle skulle kle seg ut som om dei var med på bryllaup.

– Det skulle vere nesten som halloween, vi skulle berre kle oss ut, sa ho i politiavhøyret, som blei spelt av i retten torsdag.

Skal ha funne bryllaupsbilde og pengar

I retten torsdag forklarte jenta gong på gong at ho ikkje hadde vore med på nokon religiøs ekteskapsinngåelse, og at faren aksepterte at ho ikkje ønskte å gifte seg.

Men då politiet ransaka huset der dei og foreldra budde, fann dei bilde som viste jenta i brudekjole, bryllaupskake og ein stor fest. I tillegg blei det gjort beslag av fleire pengebunkar og smykke.

Dette forklarte ho med at ho blei lurt og tvinga til å gifte seg. Først etter at festen var over, skjønte ho at mannen meinte alvor, og rekna dei for å vere gifte.

– Dei hadde tenkt på den bryllaupsgreia på førehand, eg visste ingenting, sa ho.

Reidar Andresen

Reidar Andresen er forsvarar for mannen som har vedgått ekteskap med ei langt yngre jente. Han meiner passet viser at jenta er eldre enn ho har sagt, og at ho var over 16 år då mannen forgreip seg mot henne.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Av politiavhøyret går det også fram at jenta hardnakka forklarte at mannen hadde trua henne til å leve med han.

Mannen sin forsvarar, Reidar Andresen, ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.

Trur det er store mørketal

Anne Marte Stifjeld blir intervjuet i Røde Kors' lokaler i Oslo

Anne Marte Stifjeld i Røde Kors meiner det er svært viktig at rettsapparatet behandlar saker om barneekteskap.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Politiet etterforskar også foreldra, men det er førebels ikkje tatt ut tiltale mot nokon av dei. Alle involverte skal ha budd i Noreg i mange år.

Røde Kors meiner det er svært viktig å få denne typen saker opp for retten, og seier det er store mørketal.

– Det er viktig å signalisere at det å gifte vekk barn er ulovleg i Noreg, seier Anne Marte Stifjeld, som er leiar for Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting.