Remme vil foreslå for styret i helseføretaket at ein bør utsette tidspunktet for samanslåinga av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Dette i lys av situasjonen og debatten som har utvikla seg i etterkant av styrevedtaket 27. mars.
Samanslåinga av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund har skapt sterke reaksjonar,
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK– Vurdering mi er at helseføretaket bør skyve på tidspunktet fordi det kan verke inn på vår samla evne til å levere forsvarlege helsetenester. Det har utvikla seg ein svært krevjande situasjon etter at vedtaket blei gjort. Vi er heilt avhengige av våre tilsette og eit godt samarbeid med kommunane, seier Remme.
Vedtaket om å slå saman fødeavdelingane har nemleg skapt sterke reaksjonar. Mellom anna forlèt ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, styremøtet i sinne. Remme seier vidare at dei no skal jobbe for å kome i dialog både internt og eksternt med kommunane.
– Vi har registrert at tilsette og fagpersonell ved Kristiansund sjukehus uttrykker at det er krevjande forhold knytt til å levere tenester. Difor foreslår eg å utsette samanslåinga slik at vi får tid til å kome saman igjen og finne gode løysingar.
Det opphavlege forslaget var å slå saman fødeavdelingane 31. august. Remme vil foreslå ei utsetting av gjennomføringa i tid, til eit tidspunkt som er nærare innflytting i det planlagde fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal. Forslaget vil bli fremma i neste styremøte 15. mai. Vidare vektlegg han at grunnlaget i saksutgreiinga framleis ligg fast. Det same gjeld også for innsparingane som Helse Møre og Romsdal må gjennomføre.
– Svært gledeleg
Neergaard seier at nyheita om utsettinga av samanslåinga er svært gledeleg.
Ordførar Kjell Neergaard er fornøgd med at samanslåinga blir utsett.
Foto: Remi Sagen / NRK– Dette er ein halv siger for oss. Eg trur at engasjementet som vi har vist dei siste vekene har fått Remme til å tenke seg om ein gong til, seier han.
Neergaard seier han har respekt for avgjerda og at ein no skal jobbe vidare med når og korleis samanslåinga av dei to fødeavdelingane skal skje.
– Vi har heile tida sagt at alle tenester skal vere på sjukehusa til det nye fellessjukehuset eventuelt kjem. For eg seier eventuelt. Det er viktig for oss i Kristiansund å behalde fødeavdelinga til fellessjukehuset står ferdig.
I 2014 vart det vedteke at det skal byggast eit fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal på Hjelset, altså i Romsdal. Prosjektet har blitt utsett fleire gonger og i januar blei det klart at sjukehuset blir to år forsinka.
– Eg meiner at dette sjukehuset framleis heng i det blå med tanke på økonomien til helseføretaket. Difor er det viktig å behalde tenestene i Kristiansund, seier Neergaard.
Ein rasande Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund, sprang ut av møterommet då vedtaket om å samle fødetilbodet i Molde blei gjort.
Jubel i Kristiansund
Dei siste vekene har det blitt etablert ein «Bunadsgerilja» som har verva stadig nye tilhengarar i kampen mot at fødeavdelinga i Kristiansund skal leggast ned.
Frå venstre: Lege Lisa Skiphamn og Anja Solvik i «bunadsgeriljaen». Vedtaket om å utsette samanslåinga førte til full jubel i Kristiansund.
Foto: Anne-Mari Flatset / NRKI dag jubla dei over nyheita om at samanslåinga blir utsett. Initiativtakaren Anja Cecilie Solvik tok turen innom fødeavdelinga då forslaget blei kjent. Dette er ein etappesiger, seier ho.
– Vi er så utruleg glad og letta!
– Det viser at det nyttar å stå på, både hos grasrota, i fagmiljøa og politisk. Dette er så herleg, seier jordmor Lisa Brændeland.
Store protestar
Vedtaket om å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund har skapt mykje rabalder. Etter vedtaket trua fleire kommunar på Nordmøre med å trekkje seg frå alt samarbeid med Helse Møre og Romsdal. Til saman fem nordmørskommunar har til no vedtatt å bryte samarbeidet. Saka skal opp i alle nordmørskommunane, bortsett frå Eide som har orientert seg mot Romsdal.
Nordmørskommunane meiner at helsepolitikken i Møre og Romsdal blir driven på ein feil og uheldig måte i strid med tidlegare inngåtte avtalar. Kommunane meiner det går føre seg ei nedbygging på Nordmøre til fordel for ei oppbygging på Sunnmøre og i Romsdal.
Også Ole Gunnar Solskjær har involvert seg i debatten i heimbyen.
– Dei skal ikkje klare å legge ned byen vår, sa han då han møtte pressen etter å ha blitt presentert som ny manager for Manchester United.
– Det einaste fornuftige
Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe (Sp) seier at utsettinga er det einaste fornuftige.
– Her har alle som har protestert og argument vunne det første slaget. Men kampen er ikkje over.
Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe (Sp) er glad for utsettinga.
Foto: Frode BergTopp meiner likevel at det er uheldig at Remme seier at vedtaket om ei samanslåing framleis står for lag.
– Det er viktig å styrke fagmiljøa i åra framover. Sp er ikkje fornøgd med eit vedtak som berre forskyver problem litt. Dei som jobbar på fødeavdelinga i Kristiansund må få stabilitet. Fagmiljøet må satsast på, ikkje bli bygd ned,
I kveld møtast Espen Remme og Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard i Debatten med Fredrik Solvang.