No kuttar Nordmøre alt helsesamarbeid

Vedtaket om å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund skapar rabalder. Alle kommunane på Nordmøre er i ferd med å trekkje seg frå alt samarbeid med Helse Møre og Romsdal.

Raudt kort styret i Helse Møre og Romsdal

Demonstrantar viste raudt kort til styret i Helse Møre og Romsdal då fødeavdelinga i Kristiansund blei vedteken nedlagt sist veke. No bryt nordmørskommunane alt samarbeid med helseføretaket.

Foto: Arild Pettersen / NRK

Det er berre fem dagar sidan ordførar i Kristiansund storma ut frå styremøtet i Helse Møre og Romsdal i sinne over vedtaket om å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund.

– No reiser vi rett heim og set i verk tiltaka vi har varsla, tordna Neergaard.

Og det er akkurat det som skjer no. Etter tur vil alle kommunestyra på Nordmøre samle seg og vedta å oppheve samarbeidsavtalane med Helse Møre og Romsdal. Initiativet er koordinert av Nordmøre regionråd.

En rasende ordfører Kjell Neergaard marsjerte ut fra møterommet da vedtaket i Helse Møre og Romsdal ble gjort om å samle fødetilbudet i Molde.

Her spring ein rasande ordførar Kjell Neergaard ut frå styremøtet i Helse Møre og Romsdal i sinne over at fødeavdelinga i Kristiansund blei lagt ned.

Her er datoane for oppseiingsvedtaka

  • 2. april: Gjemnes
  • 3. april: Tingvoll
  • 4. april: Surnadal
  • 4. april: Smøla
  • 9. april: Kristiansund
  • 25. april: Halsa
  • 6. mai: Averøy
  • 8. mai: Sunndal
  • 9. mai: Aure

Gjennom samhandlingsreforma er helseføretaka og kommunane forplikta til å samarbeide om helsetenester til befolkninga. I Møre og Romsdal finst det totalt 72 avtalar om samhandling mellom kommunane og helseføretaket. Føretaket og kommunane møtes i samhandlingsutval, det blir arrangert dialogmøte og Møteplass Møre og Romsdal er ein arena for utveksling av informasjon.

Nei til dialogmøte

Helse Møre og Romsdal har også invitert kommunane til dialogmøte 20. mai 2019. Ordføraren i Smøla kommune, Roger Osen, svarar kjapt.

Roger Osen

Ordførar i Smøla kommune, Roger Osen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Smøla kommune ser ingen grunn til å setje av ressursar for å møte. Vi opplever svært liten grad av dialog og samhandling medhelseføretaket, og vil av openberre grunnar prioritere andre gjeremål. Vi takkar dermed nei til invitasjonen.

– Vi meiner alvor

No kjem altså kommunestyremøta på rekke og rad. I løpet av få veker vedtek dei truleg å bryte samarbeidet tvert. Dei meiner Helse Møre og Romsdal har misleghalde samarbeidsavtalane ved å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund.

Ingrid Ovidie Rangønes

Ingrid Rangønes er ordførar i Averøy.

Foto: Oddbjørn Roksvaag/Vest Vind Media
Knut Sjømæling

Knut Sjømæling er ordførar i Gjemnes.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK
Magne Lerø

Magne Lerø er redaktør i bladet Ledelse.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er viktig at alle nordmørskommunane blir med. Det vil vere eit kjempesterkt signal til helseføretaket, regionen og ministeren om at Nordmøre meiner alvor, seier ordførar i Averøy Ingrid Rangønes.

Aller først ut er Gjemnes kommune. Ordføraren i Gjemnes er sikker på at dette er ei sak som nordmøringane står samla om.

– Eg forventar at vi får tilslutning til denne saka, seier ordførar i Gjemnes kommune, Knut Sjømæling.

– Dette er sjeldan kost

Helse Møre og Romsdal har understreka at samarbeid med kommunane er viktig. Men mange kommunar har opplevd nedleggingsvedtaka som ei form for diktat.

Ein av dei mange som følgjer med på situasjonen i Møre og Romsdal er redaktør i bladet Ledelse, Magne Lerø. Han er tydeleg på at både helseføretaka og kommunane er forplikta og lovpålagde å samarbeide.

– Dette er ein dristig strategi. Politikarane har laga eit system der kommunane og føretaka er pliktige til å samarbeide. Det er slik vi skal ta vare på pasientane. Eg kan ikkje sjå for meg korleis kommunane kan melde seg ut av samarbeidet, seier Lerø.

– Helse Møre og Romsdal står for misleghaldet

Kommunane på Nordmøre har ei rekkje punktvise påstandar som dei meiner skal vise brot på samarbeidet mellom Helse Møre og Romsdal og kommunane.

– Rådmannen meiner føresetnaden for avtaleverket er misleghalde av Helse Møre og Romsdal. Avtalen bør difor seiast opp, skriv rådmannen i Surnadal kommune.

  • Samanslåing av fødeavdelingane i Molde og Kristiansund er ulovleg og ugyldig.
  • Saksgrunnlaget er einsidig, feilaktiv og ufullstendig.
  • Fødetilbod og prehospitale tenester må behandlast i same styresak.
  • Samla økonomiske innsparingar er ikkje dokumentert.
  • Kompenserande tiltak er urealistiske.
  • Nedlegging av Aure rehabiliteringssenter gjev ei alvorleg skeiv fordeling av spesialisert rehabiliteringstilbod og kan ikkje aksepterast.

– I strid med norsk lov

I innstillinga til kommunestyret blir det hevda at Helseføretaket har gjort vedtak som er i strid med vedtak i Stortinget og med norsk lov.

– Samanslåinga av fødeinstitusjonar er i strid med stortingsvedtak nr. 750 av 24. mai 2018, skriv rådmannen i innstillinga si. Han legg til at samanslåinga også er i strid med Helseføretakslova sitt krav om gode og likeverdige spesialisthelsetenester til alle.

Det er vedteke å bygge nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Rådmannen i Surnadal hevdar at nedlegginga av fødeavdelinga no er i strid med føresetnadene om det nye sjukehuset.

  • Føde og akuttilbodet skulle vere tilstrekkeleg nært både Molde og Kristiansund
  • Kompetansen ved begge sjukehusa skulle takast vare på
  • Det skulle sikrast forsvarleg akuttberedskap gjennom vidareutvikling av prehospitale tenester.

– Respektlaust

Helse Møre og Romsdal har lagt opp til auka beredskap i samband med samanslåinga av fødeavdelingane. Følgjetenesta skal vidareutviklast, ambulansebåten skal få ny kai som gjev kortare reisetid til Molde og fødande skal få reise på hotell i Molde-område ei veke før termin.

– Det er respektlaust å tilby fødande kvinner å flytte inn på hotell i Molde ei veke før termin. Dette er ikkje noko akseptabelt kompenserande tiltak, heiter det i saksdokumenta.