Hopp til innhold

– Dette var amatørmessig og forferdeleg å sjå på

Styret i Helse Møre og Romsdal har vedteke å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Og måten vedtaket skjedde på provoserte fleire av tilhøyrarane i salen.

En rasende ordfører Kjell Neergaard marsjerte ut fra møterommet da vedtaket i Helse Møre og Romsdal ble gjort om å samle fødetilbudet i Molde.

Ein rasande Kjell Neergaard, ordførar i Kristiansund, sprang ut av møterommet då vedtaket var gjort.

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal hadde nett gjort vedtaket om at fødeavdelingane i Kristiansund og Molde skal slåast saman. Spontant reiste ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, seg og sprang ut av møtesalen i sinne.

– Dette er amatørmessig. Det er forferdeleg å sjå på. Her sit det folk og foreslår å utsetje saka. Nokre snakkar om å utsetje, men dei stemmer likevel imot. Dei veit jo ikkje kva dei held på med, seier ein eitrande sit Kjell Neergaard.

Det var tilsetterepresentant Sigurd Torvik Heiene som foreslo å utsetje saka. Rundt bordet var det fleire som støtta ei utsetjing. Nokre tala for å vurdere Kristiansund framfor Molde. Nokre ville vedta samanslåinga men utsetje lokaliseringsvalet. Resultatet blei at avdelingane skal slåast saman etter sommaren. Lokaliseringa skal sjåast i ein større samanheng av funksjonsfordelinga.

Slik såg hendinga der Kristiansundsordføraren forlèt salen ut frå møtesalen.

– Forbaska amatørmessig

Forslaget om å utsetje saka fekk berre to stemmer. Den endelege lokaliseringa er utsett til etter sommaren.

– Dette er så forbaska amatørmessig at eg nesten ikkje finn ord, seier Neergaard.

Resultatet av styremøtet er at kommunane på Nordmøre no trekkjer seg frå alle samarbeidsavtalane og forlèt alle samhandlingsarenaene med Helse Møre og Romsdal. Dette er det som blei varsla i møte med styreleiar og administrerande direktør i føretaket tidlegare i veka.

– No reiser vi rett heim og set i verk tiltaka vi har varsla. Dette kjem til å koste Helse Møre og Romsdal langt meir enn dei 17 millionane som dei har tenkt å spare på å slå saman fødeavdelingane

I gangane utanfor styremøtet gjalla applausen frå dei tilreisande nordmøringane då ordførar i Kristiansund kom med denne breisida.

Sjokkert

Ordførar i Averøy, Ingrid Rangønes slutta seg til den harmdirrande kritikken frå Neergaard.

– Eg er sjokkert over denne styrebehandlinga. Det er ein måte å behandle styresaker på som eg ikkje har sett maken til. Det var ei famling fram og tilbake. Det var uråd å få oversikt over kva den enkelte meinte og resultatet kom som lyn frå klar himmel. Eg er sjokkert. Dette var lite profesjonelt, seier Rangønes.

– Han får meine kva han vil om behandlinga

Styreleiar Ingve Theodorsen seier han forstår at ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, er misnøgd med vedtaket i fødesaka.

– Men alle kom til orde i styrebehandlinga. Det var fleire forslag til korleis saka skulle løysast. Alle fekk gitt sitt syn. Og til slutt måtte styret ta ei vedtak. Og det var eit samla styre som enda opp med det endelege samanslåingsvedtaket. Så får ordføraren i Kristiansund meine kva han vil om måten vedtaket blei gjort på, seier Ingve Theodorsen.

Korleis vurderer du situasjonen med at nordmørskommunane trekkjer seg frå samarbeidet?

– Det blir særdeles krevjande. Vi må prøve å kome i dialog med dei og finne ut korleis vi skal løyse denne problemstillinga, seier Theodorsen.

– Uroa

Administrerande direktør Espen Remme er djupt uroa over situasjonen når kommunane på Nordmøre kuttar alt samarbeid.

– Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Eg er svært uroa. Vi må forsøke å kome i dialog med kommunane. Dialogen med kommunane er avgjerande, seier Remme.

Korleis skal de klare det slik situasjonen er no?

– Det er det som er utfordringa. Styret legg no vekt på at det skal kome nye oppgåver til Kristiansund. Det er argumentert fagleg for ei samanslåing av dei to fødeavdelingane, seier Remme.

– Svært krevjande for dei

I det Kjell Neergaard forlèt møtet har han ein klar beskjed til leiinga i Helse Møre og Romsdal.

– Dette kjem til å bli ein svært krevjande situasjon for Helse Møre og Romsdal, seier han.