Hopp til innhold

Helse Møre og Romsdal må kutte millionar – skal legge ein omstillingsplan

Styret i Helse Møre og Romsdal ber direktøren om å lage ein plan for omstilling for dei neste fem åra.

Helse Møre og Romsdal

KUTT: Helse Møre og Romsdal må gjennomføre tiltak for å få orden på den økonomiske situasjonen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Den økonomiske situasjonen i Helse Møre og Romsdal er svært krevjande.

No ber styret sjukehusdirektøren om å kome med ein plan for omstilling i langtidsperioden 2025–2030. Det går fram av dokumenta til styremøtet neste veke.

Målet er å sikre ein stabil og trygg økonomi for å kunne drifte sjukehusa i fylket. I si vurdering skriv direktør Olav Lødemel at dei står ovanfor store utfordringar.

– Det hastar å få utarbeidd ein omstillingsplan for langtidsperioden og vidare, som inneber at vi ser heilskapleg på spesialisthelsetenestetilbodet i Møre og Romsdal, og organiserer funksjonar og oppgåver på ein berekraftig måte mellom sjukehusa og andre lokasjonar.

Helse Møre og Romsdal må mellom anna effektivisere drifta med over 500 millionar i perioden 2025–2030. Samtidig er styret bekymra for at det kan bli auka kostnadar i desse åra, noko som vil skape eit større press på økonomien.

Olav Lødemel, direktør i Helse Møre og Romsdal

Olav Lødemel, direktør i Helse Møre og Romsdal, må lage

Foto: Remi Sagen / NRK

– Prosessen vil bli krevjande

Det blir vektlagt at Helse Møre og Romsdal må få kontroll på den økonomiske situasjonen, både på kort og lang sikt. Dermed er det nødvendig med omstilling.

Vidare skriv Lødemel at omstillinga må ta omsyn til blant anna det som er fagleg forsvarleg, men at om noko blir prioritert så er det andre ting som må bli nedprioritert.

– Prosessen vil bli krevjande og den vil også skape engasjement blant tilsette, politikarar og befolkninga. Omstilling er likevel nødvendig, skriv Lødemel.

Bemanning vil bli eitt av ledda for å prøve og få meir kontroll på økonomien. Frå før av har det vore innført ein streng rutine for utlysing og tilsettingar i helseføretaket, står det i styrepapira.

– Etter innføringa av Helseplattforma må ein også tilbake til streng vurdering av behovet for vikar, ekstrahjelp, overtid og innleie. I den samanheng blir det også svært viktig å jobbe for eit vedvarande lågare sjukefråvær, skriv han.

Utover hausten vil det bli jobba fortløpande med omstilling og effektivisering, både i klinikkane og stabsavdelingane, for å få kontroll på drifta i 2024 og det vidare driftsnivået. I papira til styremøtet står det at fagmiljøa må vere godt involvert i prosessen.

Det har tidlegare kome meldingar på nokre av tiltaka som Helse Møre og Romsdal har planar om å sette i verk, for å redusere kostnadane:

Hofteprotesar vekk frå Kristiansund

Frå før er det kjent at Helse Møre og Romsdal arbeider med å flytte avdelinga for hofteoperasjonar vekk frå Kristiansund.

Planen er å samle dette på Hjelset og har vekt sterke reaksjonar.

Helseplattforma

Innføringa av Helseplattforma har ført Helse Møre og Romsdal inn i akutte økonomiske vanskar. Berre i mai gjekk føretaket på ein økonomisk smell på heile 111.4 millionar kroner.

Sjukehusa har redusert aktivitetane for å ha kapasitet til å sende folk på kurs og for å klare belastninga med å ta i bruk eit nytt og komplisert system.

Mindre aktivitet betyr også mindre inntekter til sjukehusa.

Samtidig har sjukehusa vore avhengig av å pøse på med innleigde vikarar, både for sikre seg folk med kompetanse i Helseplattforma og for å sikre at sjukehusa har nok tilgang på fagfolk når fast personale er på opplæring.

Les også I natt tok Helse Møre og Romsdal i bruk Helseplattforma

Ålesund sjukehus dagen Helseplattforma vart innført.

Planla med færre tilsette – det motsette skjedde

I dei langsiktige planane sine har Helse Møre og Romsdal planlagt med ein nedgang i talet på tilsette. Effektiviseringstiltak skulle få ned talet på årsverk.

Men det motsette har skjedd. Også dette handlar om innføringa av Helseplattforma.

I mai brukte helseføretaket 328 fleire brutto månadsverk enn i same månad i fjor. Dette er 489 månadsverk over budsjettert. Bemanninga låg i mai på totalt 5922 månadsverk.

Lange ventelister og mange fristbrot

Resultatet av dei turbulente månadene med opplæring og innføring av Helseplattforma har ført til at behandlingar som kunne utsetjast har blitt sett på vent.

Særleg har brot på fristane for behandlingar skote i vêret.

Helse Møre og Romsdal braut i mai fristane for behandling for nesten 20 prosent av pasientane. Andelen fristbrot i mai er på 19,9 prosent, som er ein auke på åtte prosentpoeng frå april.

Helse Møre og Romsdal ligg no 10,2 prosentpoeng over landsgjennomsnittet når det gjeld brot på behandlingsfristane. Det nasjonale talet for brot på behandlingsfristane er 9,7 %.

Andelen fristbrot er aller høgast når det gjeld psykisk helsevern for barn og unge. I mai var det her 82 fristbrot, og dette utgjer ein andel på 61 prosent.

Les også Må tilsette 25 nye psykologar og fagpersonar innan sommaren

Helse Møre og Romsdal, psykisk helsevern for barn og unge, Ålesund sjukehus

Langsiktige økonomiske trendar

Sjølv om føretaket i 2023 opplevde plusstal i rekneskapane sine, kom det også på dette tidspunktet åtvaringar om at kostnadene innan enkelte område var så høge at sjukehusa ville få økonomiske vanskar.

Helse Møre og Romsdal har ikkje klart å redusere talet på tilsette som planlagt. Føretaket har framleis fire akuttsjukehus med bemanning 24 timar i døgnet 7 dagar i veka.

Dette er av mange rekna som ei av dei store økonomiske nøttene for Helse Møre og Romsdal.

Snart skal talet reduserast frå fire til tre akuttsjukehus, når SNR blir offisielt opna i mai 2025.

Les også Vedtek å utsette Helseplattforma: – Dei økonomiske konsekvensane skremmer meg

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal (til venstre) og administrerande direktør Olav Lødemel på styremøtet 7. desember.

SNR skal betalast

Samtidig som det er rekna med effektiviseringsgevinst i samband med innflyttinga i nytt sjukehus på Hjelset, kjem også tida for at milliardprosjektet skal betalast.

Frå innflyttingsdatoen slår både renter og avdrag på det lånefinansierte sjukehuset inn med full tyngde i rekneskapane til Helse Møre og Romsdal.

SNR Hjelset

Sjukehuset på Hjelset er snart klart for innflytting.

Foto: Helse Møre og Romsdal