Hopp til innhold

Slik skal Helse Møre og Romsdal spare 131 millionar i år

Helse Møre og Romsdal skal spare 200 millionar kroner. Frå før er det vedteke kutt på 69 millionar. Her er planen for å kutte dei resterande 131 millionar kronene.

Helse Møre og Romsdal

Administrasjonen i Helse Møre og Romsdal held til i dette bygget like nord for Ålesund sjukehus på Åse.

Foto: Remi Sagen / NRK

Administrasjonen har nettopp lagt ut sakspapira til styremøtet.

Du kan lese heile saksutgreiinga her.

I saksdokumenta blir det streka under at prosessen bli tøff, men også nødvendig for å ha god nok økonomi til å utvikle tenestene til beste for pasienten.

Nedlegging av sengepost på distriktspsykiatrisk senter

Dette var det første tiltaket som lak ut frå prosessen. Ein sengepost ved distriktspsykiatrisk senter på Sjøholt står i fare for å bli lagt ned. Dette kan innebere at kapasiteten blir auka ved andre distriktspsykiatriske sentra, styrka samarbeid med kommunane og auke i tilbodet ved psykiatrisk poliklinikk.

Det ligg ikkje inne endringar i det alderspsykiatriske tilbodet denne gongen.

Ifølgje dokumenta som blei presenterte i dag har klinikken i lang tid vore tydeleg på at retninga går mot at ein skal utvikle polikliniske tilbod og tilbod som blir drivne av kommunane med støtte frå spesialisthelsetenesta.

I planen ligg det også at «ikkje pasientnære tilbod» i klinikken skal vurderast.

Dette prosjektet skal ha ein økonomisk effekt på 4 millionar kroner, og krev god dialog med kommunane, heiter det i saksdokumenta.

Sjøholt psykiatriske klinikk

Distriktspsykiatrisk senter på Sjøholt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Reduksjon innan spesialisert rehabilitering

Dette er eit av fleire tiltak som no blir vurdert. Dette kan innebere ei nedlegging av rehabiliteringssentera i Aure og på Mork i Volda. Sengepostane kan bli samla ved sjukehusa, meir av behandlinga skal over til poliklinisk behandling og tilsette skal leie og rettleie kommunalt tilsette som skal drive rehabilitering ved kommunale institusjonar.

Dokumenta som er publiserte i dag har ingen omtale som går spesielt på Aure eller Mork.

Det skal leverast ein rapport 1. februar i år. Denne rapporten skal vurdere det faglege grunnlaget for ei omstilling der aktiviteten blir samla på sjukehusa og mykje av aktivitetane blir overført til kommunane.

Forventa heilårseffekt er på 10 millionar kroner . Dette prosjektet krev eit tett og godt samarbeid med primærhelsetenesta og kommunane, og ein forventar effekt frå 1. august 2019, heiter det i dokumenta som blei presentert i dag.

Aure rehab

Aure rehabiliteringssenter.

Samanslåing av fødeavdelingane i Kristiansund og Molde

Fødeavdelingane i Kristiansund og Molde har brukt å vere stengde om sommaren dei siste åra. Dette skjer denne sommaren også. Men i august 2019 vil ei av avdelingane bli verande stengd for alltid. Det har i lang tid vore ein plan om at dei to avdelingane skulle slåast saman før det nye sjukehuset på Hjelset står innflyttingsklart. No blir dette framskunda samstundes som innflyttinga i SNR er utsett.

Fleire driftsmodellar er moglege, men SNRmodellen er den mest kostnadseffektive og realistiske, og har eit potensial på godt over 10 millionar kroner. SNRmodellen inneber at all aktivitet innan gynekologi/føde/barsel er lagt til det eine sjukehuset, og at det er gynekologisk poliklinikk og dagkirurgi på det andre sjukehuset, heiter det i saksdokumenta.

Fødeavdelinga i Kristiansund

Fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Roar Strøm / NRK

Reduksjon av meirtid

I Helse Møre og Romsdal har variable lønskostnader auka med 142 netto månadsverk frå 2015 til og med 2018. No skal bruken av overtid og vikarar tilbake til 2015-nivå. Administrasjonen meiner at helseføretaket kan redusere lønskostnadene med 40 millionar kroner på denne måten.

Meirtidsprosjektet er å sjå på som generelle effektiviseringstiltak på 42,5 millionar kroner , og prosjektet kan startast umiddelbart, men økonomisk effekt er utrekna frå 1. april 2019, skriv administrasjonen.

Senger skal vekk

Helse Møre og Romsdal har samanlikna både sengepostane internt i helseføretaket og med føretaka Vestre Viken, Sykehuset Innlandet og Sørlandet sjukehus. Desse samanlikningane har ført til at administrasjonen meiner det er mogleg med ein reduksjon på 40 senger innan kirurgi, ortopedi og medisin. Dette svarar til ein sengepost i Molde og ein i Ålesund.

Forventa økonomisk effekt for dette prosjektet er sett til 30 millionar kroner, og prosjektet skal kunne ha effekt frå 1. september 2019.

Desse tiltaka blir omtalte som eit prosjekt med vesentleg risiko. For å lukkast må det gjerast vesentlege endringar i svært mange prosessar frå akuttmottak til utskriving, og det må også gjerast endringar i organisering og drift, heiter det i dokumenta som blei offentleggjorde i dag.

Produktivitetsauke innan operativ verksemd

Helse Møre og Romsdal skal sjå på om operasjonsstovene kan utnyttast betre. Dersom 10 operasjonsstover aukar verksemda med 2 ekstra operasjonar per veke, kan føretaket operere 800 fleire pasientar i året enn i dag. Dette føreset at operasjonsstovene har drift 40 veker kvart år. Ein slik auke vil få opp inntektene til helseføretaket.

Kostnadar for operasjonane vil variere, men med ein gjennomsnittleg varekostnad på 5000 NOK per operasjon og ein auka kostnad for personell og utstyr på 2000 NOK per operasjon, så er nettogevinsten på 12 millionar kroner. Tilgangen til operasjonspasientar vurderast som god. Dette prosjektet kan ha umiddelbar oppstart, og økonomisk effekt er rekna frå 1. mars 2019, heiter det i dokumenta som skal fram for styret.

Operasjon ved Molde sjukehus
Foto: Omar Sejnæs/NRK Møre og Romsdal

Samanslåing av ambulansestasjonar

Helse Møre og Romsdal har i dag 33 ambulansestasjonar. Ifølgje Helse Møre og Romsdal er det stor variasjon i aktiviteten på desse stasjonane. No kan ambulansestasjonar med liten aktivitet bli slått saman. Det ligg også ei opning i planane om at ambulansepersonell kan ha oppgåver i kommunane i tillegg til beredskapsoppgåvene.

Administrasjonen vurderer at prosjektet har ein økonomisk effekt tilsvarande 5 millionar kroner. Effekt av prosjektet skal slå inn frå 1. september 2019.

Ambulanse

Fleire ambulansestasjonar kan bli lagde ned.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Setje vekk tenester til andre

I forslaget ligg det eit opplegg for korleis tenester som kiosk og kafedrift kan setjast vekk til andre. Også tenester innan vask kan kome til å bli sett vekk til private.

Den økonomiske effekten for outsourcing-prosjektet er samla sett til til 6,5 millionar kroner.

Digitalisering

Administrasjonen ser for seg at helseføretaket har mykje å hente ved å modernisere digitale løysingar. Det finst system for automatisk registrering av pasientar ved innlegging og utskriving og automatiske behandlingar av tilvisingar frå fastlege.

Investeringskostnader for desse teknologiske løysingane er ikkje utrekna, men ein reknar ein driftsøkonomisk effekt på 7 millionar kroner. Mogeleg oppstart for prosjektet er 1. juni 2019 med økonomisk effekt rekna frå 1. september 2019.

Risiko

Administrasjonen har også gjennomført ei risikovurdering av prosjekta som har vore med i utgreiingane. Prosjekta som er markert med grøn farge er «lettast» å gjennomføre. Prosjekt som kjem ut med raudt er svært vanskelege. Her ser vi at det har vore diskutert endringar også når det gjeld nyfødd-intensiv, alderspsykiatri og akuttsjukehus. Desse prosjekta har hatt så høg risiko at dei ikkje er tekne med denne gongen.

Risiko HMR
Foto: Helse Møre og Romsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL