Hopp til innhold

Troppa opp på fotballkamp i bunad

Enkelte av fotballsupporterane vekte ekstra oppsikt då dei inntok tribunene i eliteseriekampen mellom Kristiansund og Vålerenga søndag. Ikledd bunad kravde dei at fødeavdelinga i byen blir bevart.

Stile opp på kamp i bunad

I BUNAD: Mange kvinner frå Nordmøre stilte opp i bunad for å protestere mot nedlegginga av fødetilbodet i Kristiansund. F.v. Berit Fjellingsdal, Sylvia Øien Bruseth, Maritne Fjellingsdal Brevik og Torhild Utby.

Foto: Svein Junge / NRK

Fotballtribunen i Kristiansund hadde eit heilt spesielt innslag under eliteseriekampen mellom Kristiansund og Vålerenga søndag. Iført bunader protesterte ei rekkje nordmørskvinner på sin særeigne måte. Dei kallar seg Bunadsgeriljaen og har dei siste dagane verva stadig nye tilhengarar i kampen mot at fødeavdelinga i byen skal leggast ned.

– Vi er møkka lei av at menn skal bestemme kvar vi skal føde. Eg trur ikkje dei hadde funnet seg i å bli transporterte i to til fire timar med pressrier for å komme seg til ei fødeavdeling, seier Anja Cecilie Solvik.

Fekk ideen på veg til barnedåp

Det var VG som først skreiv om Bunadsgeriljaen og initiativtakaren Anja Cecilie Solvik. Ho var eigentleg på veg til barnedåp, i bunad, då ho gjekk innom fødeavdelinga for å vise si støtte. Då kom ideen.

Anja Cecilie Solvik framfor fødeavdelinga i Kristiansund

I BUNAD: Anja Cecilie Solvik framfør fødeavdelinga i Kristiansund.

Foto: Privat

– Då tok eg bilde av meg sjølv framfor døra inn til fødeavdelinga der eg viste musklar, eit sterkt symbol på at vi ikkje vil gi oss, seier Solvik.

Og støtta har vore enorm. I løpet av veka har fleire og fleire slutta seg til rekkene og lagt ut nye bilde av seg sjølve i sjøkanten, på fjellet og andre stader der bunaden ikkje er det vanlegaste antrekket. Fram til no har det vorte delt over 200 bilde under emneknaggen #ikkjeleggnedbyenvåres. Også andre kvinner frå heile landet har hengt seg på aksjonen.

– Eg har sett kvinner frå andre stadar i landet som vil vise støtte. Fleire av desse står også sjølv i fare for å miste sine fødeavdelingar, seier Solvik.

Stilte opp på eliteseriekamp

Rådmann Arne Ingebrigtsen er ein av dei som søndag tok på bunaden og slutta seg til kvinnene. Han er rådmann i ein av kommunane som no vil kutte alt samarbeid med Helse Møre og Romsdal, og som oppfordrar nordmøringar om å i staden bruke sjukehuset på St. Olavs i Trondheim.

Rådmannen stilte opp saman med Bundasgeriljaen

PÅ KAMP: Rådmann Arne Ingebrigtsen i Kristiansund stilte opp i bunad saman med fleire kristiansundskvinner.

Foto: Svein Junge / NRK

– Eg syns ein bør markere dette kvar dag, heile tida, om det er fotballkamp eller ikkje, seier Ingebrigsten.

Håpet er at det uvanlege kampantrekket skal vekkje oppsikt og få politikarane til å snu. 14. mai skal saka i Stortinget, og Solvik har trua på at aksjonen har effekt.

Ole Gunnar Solskjær

Manchester United-manager Ole Gunnar Solskjær frå Kristiansund, har også tatt til motmæle mot nedlegginga av fødeavdelinga i heimbyen. Han skal vere inspirasjonskjelda bak emneknaggen #ikkjeleggnedbyenvårres.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg trur dei kjem til å reversere helseføretaket sitt vedtak om å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund, og eg kjem ikkje til å ta av meg bunaden før det er gjort, seier Anja Cecilie Solvik.

Torsdag stilte ho opp i bunad på landsmøtet til Arbeidarpartiet for å få fokus på saka også der.

Får støtte av reklamemann

Reklamemannen Ingebrigt Steen-Jensen, som er gift med ei nordmørskvinne, og har vore mykje i området, heiar på dei som har stilt i bunad på fotballkampen.

Video - FIFA ledes av tykke menn med små tisser

Reklamemannen Ingebrigt Steen-Jensen kallar bunadsprotesten på Nordmøre for ein utmerkt ide.

Foto: Nyhetsspiller

– Det er ein utmerka ide! Bunaden symboliserer jo kjærleik til lokalsamfunnet, og det er vel det dette handlar om, seier han.

Steen-Jensen er sjølv Stabæk-supporter og arbeidarpartipolitikar.

Les også: