Hopp til innhold

Slik var dei uoversiktlege minutta då fødeavdelinga i Kristiansund blei lagt ned

Styremøtet i Helse Møre og Romsdal la ned fødeavdelinga i Kristiansund på ein måte som provoserte mange av tilhøyrarane. Kristiansundsordføraren kalla behandlinga amatørmessig. Andre samanlikna behandlinga med styremøte i eit lokalt ungdomsparti. Her får du vite kva som eigentleg skjedde.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Også styremedlem May Helen Molvær Grimstad måtte gjere det klart kva ho hadde foreslått og kva ho hadde stemt når det galdt spørsmålet om ei felles fødeavdeling skulle plasserast i Kristiansund eller i Molde.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kristiansundsordføraren var ikkje nådig då han storma ut av styremøtet onsdag.

– Dette er amatørmessig. Det er forferdeleg å sjå på. Her sit det folk og foreslår å utsetje saka. Nokre snakkar om å utsetje, men dei stemmer likevel imot. Dei veit jo ikkje kva dei held på med, sa Kjell Neergaard.

Men var det så ille som ordføraren vil ha det til? Kom utsegnene først og fremst på grunn av frustrasjon over å ha tapt saka om fødeavdelinga? Eller var det verkeleg eit kaotisk møte? NRK har sett opp att opptaka, og har gått gjennom prosessen punkt for punkt.

En rasende ordfører Kjell Neergaard marsjerte ut fra møterommet da vedtaket i Helse Møre og Romsdal ble gjort om å samle fødetilbudet i Molde.

Ein rasande ordførar Kjell Neergaard sprang ut av styremøtet i Helse Møre og Romsdal då styret vedtok å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund.

– Det blei litt surr her

Eit lite glimt inn i kommunikasjonen mellom journalistane viser at det rådde ei forvirring også på pressebenken.

– Dei vedtok å samle fødetilbodet i Molde?, spør ein av journalistane ein kollega på pressebenken via ei meldingsteneste.

– Ja, trur det, var svaret tilbake.

– Det blei litt surr her. Ja. Men det blei Molde.

– Tør dei?

Også NRK sin samtalelogg mellom reporter og vaktsjef viser at begge blei sitjande som spørsmålsteikn ein periode.

– No skjer det noko her, melder reporteren. Eit eller anna skal puttast inn i Kristiansund sjukehus i staden for føden.

– Men det verkar som dei ikkje tør å vedta kvar føden skal vere?

– Mnja, akkurat det seier litt rotete ut no. Det kan bli kva som helst. Utsetjing?

– Det endar med samling i Molde.

– No skjer det noko bråk på gangen. Ann Eli og Trond følgjer med. Eg må konse på rehab.

Styremøte Helse Møre og Romsdal

Representantane frå pressa sit like bak styrebordet. I periodar måtte pressefolka konsultere kvarandre for å vere sikker på kva som eigentleg blei vedteke.

Foto: NRK

– Ikkje som kommunestyremøte

Eit styremøte i Helse Møre og Romsdal er ikkje strukturert slik eit kommunestyremøte eller eit møte i fylkesutvalet, fylkestinget og stortingsorgana er.

– Det er ikkje nokon hyggeleg karakteristikk ordføraren i Kristiansund har gitt oss. I kommunal samanheng har partia gjerne hatt gruppemøte på førehand. Dei har kanskje hatt møte på tvers av partigrensene. Dei har ein talarstol og dei har meir struktur. I eit helseføretak sit styret rundt eit bord, utan noko høve til å ha lov til å ha førebuande møte for å planlegge kva vi skal bli samde om til slutt, seier nestleiar i styret, May Helen Molvær Grimstad.

– Kaotisk, uformelt og famlande

Under Dagsnytt 18 torsdag kunne ordførar Kjell Neergaard slå fast at han framleis er like sint som dagen før.

– Eg har ikkje sett maken til det eg såg i går. Eg sit sjølv i mange styre. Dette var kaotisk, det var uformelt og det var ein avstemmingsmetode eg ikkje har sett maken til. Styremedlemer famla seg fram til eit vedtak. seier Neergaard.

– Kva er eit godt møte?

17. april 2018 hadde det nye styret i Helse Møre og Romsdal styreseminar. NRK var til stades under deler av dette seminaret. Nestleiar May Helen Molvær Grimstad heldt innleiinga «Kva er eit godt møte?».

Her blei strukturen for saksbehandling i det nye styret lagt:

  • Presentasjon av sak
  • Faktaspørsmål
  • Refleksjon
  • Synspunkt
  • Konklusjon

Så lenge NRK var til stades var det ikkje tema korleis denne modellen fungerer i konfliktfylte saker med stor betydning og merksemd frå publikum.

Bjarne Storset

Styremedlem Bjarne Storset markerte tidleg at han ville stemme mot ei samanslåing av fødeavdelingane før det var sett ein dato for innflytting i SNR.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Slik var møtet

Møtet 27. mars følgde i stor grad oppskrifta som styret hadde blitt samd om. Klinikksjef Henrik Erdal presenterte saka. Det blei spørsmålsrunde, rett nok blanda med sterke synspunkt. Fleire av utsegnene undervegs må karakteriserast som refleksjon. Etter det vi kan observere av opptaka var det fleire som sleit med å halde oversikt under punkta om konklusjon og avstemming.

Lege på Tingvoll på Nordmøre, Bjarne Storset markerte allereie under spørsmålsrunden at han var mot samanslåing av fødeavdelingane.

– Du vel å trekkje fram moment som talar for å legge ned avdelinga i Kristiansund, sa Storset med adresse til klinikksjefen. Og du har underkommunisert betydninga av ei oppegåande barneavdeling i Kristiansund.

May Helen Molvær Grimstad brukte sin eigen mal og stilte spørsmål.

– Har det dukka opp noko i denne saka, etter at styredokumenta blei sendt ut, som har endra på dine faglege vurderingar, spurt ho klinikksjefen.

Svaret var nei.

Utsetjingsforslag

Deretter blir det ei omfattande spørsmålsrunde før Sigurd Torvik Heian tek ordet. Han ønskjer å utsetje saka.

–Eg er uroa for kva følgjer dette får for planlegginga av SNR. Eg er skeptisk til timinga, ikkje til avgjerda, sa Heian.

– Vi har gjort Nordmøre til tapar

Styremedlem Nils Kvernmo tok ordet og argumenterter for ei samling av fødeavdelingane. Men Kvernmo overraskar tilsynelatande forsamlinga med eit innspel om å tilføre Kristiansund sjukehus ny aktivitet i form av planlagde operasjonar.

– Summen av beslutningar har gjort Nordmøre til ein stor tapar. Vi må gjere tiltak i den totale kabalen som gjer at vi kan ha fagmiljø både i Molde og Kristiansund med på å bygge fellessjukehuset konstruktivt.

– Fødeavdeling til Kristiansund?

Spørjande varsla så May Helen Molvær Grimstad at ho var usikker på om det var rett å legge ei felles fødeavdeling til Molde.

– Eg er ikkje sikker på om det er riktig å legge ei felles fødeavdeling til Molde. Er det mogleg å legge avdelinga til Kristiansund? Nordmøre kjem dårleg ut slik det ser ut no, sa ho.

– Nei til utsetjing av lokalisering

Tre ulike tema sto tett saman. For det første JA eller NEI til samanslåing. Deretter om ei samanslegen avdeling skulle leggast til Molde eller Kristiansund. Og opp i det heile var det eit forslag om utsetjing.

Tilsettrepresentant Annette Lekve årvara mot å utsetje saka.

– Å opne for ein ny prosess vil vere å invitere fagmiljøa til å gå i strupen på kvarandre igjen, seier ho.

– Ei ny utgreiing av lokalisering vil kunne føre til betydeleg auke av konfliktnivået, sa Siurd Torvik Heian.

– Du er den einaste

Styreleiar Ingve Theodorsen retta så blikket mot styremedlem Bjarne Storseth. Theodorsen påpeikar at Storset er den einaste som har trekt i tvil det faglege grunnlaget for samanslåing av fødeavdelingane.

– Du stiller spørsmålsteikn rundt delar av det faglege grunnlaget. Du er den einaste, seier Theodorsen og nikkar mot Storset.

– Eg er usamd i måten saksframlegget er vekta. Ut frå fakta er det ikkje naudsynt å slå saman fødeavdelingane veldig snart, seier Storset.

Forslaget om utsetjing fall

Styreleiar Theodorsen konkluderer med at alle er høyrt. Han oppsummerer.

– Det er fagleg riktig å slå saman avdelingane for å redusere risiko, seier styreleiaren.

Først kjem utsetjingsforslaget frå Sigurd Torvik Heian opp.

Bjarne Storset seier at han støttar forslaget. Nils Kvernmo seier nei. Torill Forbord seier nei. May Helen Molvær Grimstad seier nei. Torvik Heian støttar sitt eige forslag. Annette Lekve seier nei. Hilde Furnes Johannessen seier nei.

– Da var det to mot resten og forslaget om utsetjing har falt, konkluderer styreleiar Theodorsen. Så kjem styreleiar på at han ikkje har avlagt stemme, og gjer det klart at også han stemmer nei til utsetjing.

Sekretæren spør om det er viktig å få med kven som stemte ja og kven som stemte nei.

– Nei, det trur eg media alt har fått med seg. Vi har hatt ein god og grei debatt rundt dette, seier Theodorsen.

Foreslår Kristiansund

Deretter kjem May Helen Molvær sitt forslag om å vurdere ei lokalisering til Kristiansund opp.

Storset som har argumentert for Kristiansund grip ikkje denne sjansen. Han vil ikkje ha ny runde på lokalisering. Nils Kvernmo snakkar igjen om å sjå lokalisering i ein større samanheng. Han vil også sjå saka i samanheng med funksjonsfordeling og kva sjukehus som dei komande åra skal utføre planlagde operasjonar.

Torill Forbord argumenterer for samanslåing. Også ho vil styrke andre fagmiljø i Kristiansund. Sigurd Torvik Heian, som ville utsetje saka vil ikkje greie ut alternativ lokalisering. Han får støtte frå dei to andre tilsett-representantane.

Deretter blir det litt uro om kring stemmetal. Men ei fingransking av opptaka viser at det berre er May Helen Molvær Grimstad som vil ha ei utgreiing av Kristiansund.

– Det var vel eigentleg ingen, seier Theodorsen.

– Jau, eg, seier Grimstad.

– Ja, berre du, gjentek Theodorsen.

– Samanslåing vedteke, lokalisering utsett

Dermed oppsummerer Theodorsen at det er vedteke at fødeavdelingane skal slåast saman, men at lokaliseringa er utsett. Saka skal sjåast i samanheng med funksjonsfordeling av elektive funksjonar. Theodorsen presiserer at dette skal vere med på å styrke Kristiansund sjukehus.

På dette tidspunktet har det enno ikkje vore noka avstemmingsrunde på ei eventuell utsetjing av lokaliseringsspørsmålet.

– Er dette korrekt gjengjeve?, spør Theodorsen.

Styreleiar Theodorsen refererer igjen til vedtaket.

– Dette er vi vel alle samde om, seier han. Vi avventar lokalisering til Molde til ei samla funksjonsdeling for Møre og Romsdal ...

Deretter blir det ein diskusjon om ein plan som er under arbeid i samband med funksjonsfordelinga mellom sjukehusa

– Avgjer lokaliseringa i dag

Fleire av styrerepresentantane markerer at dei ikkje har sagt ja til å utsetje lokaliseringsvalet.

– Mitt klare råd er å lande lokalisering i dag. Fagmiljøa toler ikkje at dette blir trekt ut i vidare kampar, seier Sigurd Torvik Heian.

– Besluttar vi lokalisering til Molde i dag? Ja, eller nei, seier Theodorsen og ser på Bjarne Storset. Ja, eg ser på deg, ja eller nei?

– Vi kan ikkje halde fram krigen. Det blir berre meir uro i fagmiljøa, seier Storset.

Kvernmo argumenterer for ein samla plan før lokalisering endeleg blir vedteke. Forbord argumenterer for ei lokalisering på dette møtet.

– Slik eg forsto den førre runda så har mitt forslag om å vurdere Kristiansund falt, seier May Helen Molvær Grimstad. Ut frå det førre forslaget mitt kan eg ikkje seie ja til å bestemme dette i dag, seier ho.

– Lokalisering til Molde blir avgjort

Runda går rundt heile bordet. Det kjem to raske ja frå to tilsett-representantane og eit grunngjeve ja frå den siste representanten. Nils Kvernmo seier han helst hadde sett ein samla plan, men vil akseptere om det er fleirtal for ei avgjerd i dag.

– Eg også ville ha hatt ein samla plan, men vi er i mindretal. Dermed endar vi opp med samling i Molde, seier Theodorsen. Spørsmålet er då tidspunktet. Om dette skal bli 19. august eller ikkje.

Ristar på hovudet

På tilhøyrarbenk ristar kristiansundsordførar Kjell Neergaard på hovudet. Medspelarane hans sit med dystre blikk. Mens styreleiar Theodorsen oppsummerer vedtaket sit kristiansundsordføraren stadig meir uroleg på stolen. Han klør seg i nakken og vekslar blikk med dei han har reist til Ålesund saman med.

I salen løftar fleire av tilhøyrarane i gule vestar raude kort som dei viser til styret.

Styrerepresentantane er opptekne av å diskutere om saka om funksjonsfordeling kan vere klar til 19. august eller ikkje. Då skjer det som vekte stor merksemd på tilhøyrarbenken. Kristiansundsordførar Kjell Neergaard plukkar opp veska til og stormar ut frå salen, mens styret går raskt over til å diskutere rehabiliteringssaka.

– Eg hadde vore skamfull om eg sat i dette styret. Det er forferdeleg å sjå på. Det er så forbaska amatørmessig at eg finn ikkje ord, seier Neergaard til NRK sin reporter.

– Har teke lærdom

Saka vekkjer stor merksend i media og ute blant folk. Lokalmedia fyller sidene sine med referat frå det som skjedde i og rundt møtet. Saka når riksmedia som Dagsrevyen og Dagsnytt 18. Dagen etter har styret i Helse Møre og Romsdal styreseminar.

– Eit styremøte i eit helseføretak er annleis enn eit kommunestyremøte. Styret opplevde dette som eit godt møte, der alle kom til orde. Men vi ser at det kunne vere vanskeleg for publikum å henge med. Dette har vi diskutert i dag og teke lærdom av, seier May Helen Molvær Grimstad til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL