Hopp til innhold

Cruisenæringa i Geiranger er på rett kjøl

Stridsøksa er gravlagt blant partane som har krangla om prisen på ei ankringsbøye i turistbygda.

Striden om gangvegen frå båtar til kaia i Geiranger, har roa seg. Eigarane av den så kalla Seawalken er samde med både Kystverket og Stranda hamnevesen om kva det skal koste å bruke ankringsbøya som høyrer til anlegget

Geirangerfjorden er ein populær turistdestinasjon. Ein lokal pengekrangel var i ferd med å øydelegge cruisesesongen for 2014.

– Vi stod ei stykke frå kvarandre. No er vi einige på alle punkt, seier styreleiar Robert Monsen i Seawalk Geiranger AS om den lukkelege slutten på fjorddramaet på indre Sunnmøre.

Robert Monsen

Robert Monsen, styreleiar i Seawalk Geiranger AS, har gått med på ein lågare pris for bruk av bøya til selskapet.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Etter press frå media samla partane seg hjå Kystverket i Ålesund måndag i håp om å finne ei løysing på den fastlåste situasjonen. Å møte kvarandre rundt eit bord, og ikkje lange ut mot kvarandre via pressa, viste seg å ha god effekt. Det tok berre nokre timar før dei smilande kunne trekkje ut i solskinnet for å presentere kva dei hadde kome fram til.

– Eg hadde faktisk ikkje trudd at dei ville kome til semje. For meg var det godt nok at samtalane var i gong, fortel regionsdirektør Harald Tronstad som mekla møtet på vegner av Kystverket.

Ei betent sak

Det lova ikkje bra. Cruisesesongen i Geiranger var allereie godt i gong då det viste seg at svært mange skip hadde valt å vende turistbygda ryggen. Årsaka var at dei ikkje ville punge ut beløpet som eit privat selskap ville ha for lånet av ei viktig ankringsbøye. Saka nådde ut i media, som avdekte ei svært betent sak der aktørane hadde overlappande interesser og dels skulda på kvarandre.

Artikkelen held fram etter bildet.

Seawalk i Geiranger

Ei ankringsbøye tilhøyrande denne landgangen har ført til mykje misnøye både blant eigarane og leigetakarane. Årsaka var prisen.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Kutta prisen på bøya

Geiranger Seawalk AS kravde at skipa betalar det same for lån av bøya, som viss dei faktisk la til ved sjølve kaianlegget. Dette meinte Stranda hamnevesen var ein urimeleg praksis, og ville at selskapet skulle moderere seg.

– Vi er no einige om prisen på bøya, seier Monsen i Geiranger Seawalk AS som ikkje har eit godt svar på kvifor partane ikkje har teke tak i problemet tidlegare.

– Det er mange forhold som det skal takast omsyn til. Men med alt ståket som har vore i media, er det viktig å få roa ned situasjonen slik at Geiranger som destinasjon ikkje vert skadelidande, seier han.

Styreleiar i Stranda hamnevesen, Per Erik Dalen, seier til NRK at han er fornøgd med avtalen som dei no har blitt einige om.

– Vår vurdering er at Seawalk har lagt seg på eit fornuftig prisnivå, seier han og legg til at prisen ikkje vil bli offentleggjort før marknaden vert informert.

Usikker framtid

Per Erik Dalen

Styreleiar i Stranda Hamnevesen, Per Erik Dalen, trur no cruisesesongen er tilbake på rett kjøl.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Monsen i Seawalk Geiranger AS veit ikkje korleis framtida vil sjå med den nye avtalen.

– Utgangspunktet er det same som før. Men det er iallfall ingen skip som kjem til å flykte frå Geiranger på grunn av oss.

Han håper kaianlegget vert meir populært, men har ingen garanti for at det skjer. Ankringsposisjonen rett ved vil nemleg bli noko billegare sjølv om skipa betalar ein slant for lånet av den eine ankringsbøya.

– Båtane må finne ut sjølve at dette er fornuftig. Vi håper at fleire skip vil ta i bruk landgangen når dei ser for eit fantastisk produkt det er, seier Monsen.

Dalen i Stranda hamnevesen synest det er ein fornuftig strategi.

– Det finst mange ankringsposisjonar i Geiranger, men den ved kaianlegget har blitt sett på som sjølve indrefileten for skipa. Vår prioritet no er at Seawalk får same status, slik at kaianlegget vert teke ofte i bruk – både ut frå miljøomsyn og økonomi, avsluttar han.

Slik fungerer det flytande kaianlegget i Geiranger.

Cruiseturistar i feriemodus tuslar fredfullt langs landgangen i Geiranger. Lite veit dei om alt oppstyret ikring det flytande kaianlegget.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL