Hopp til innhold

Desse er blant dei beste hamnene i verda

Desse norske hamnene er blant dei mest populære i verda. – Det er artig at vi er tre norske hamner på lista over dei som er leveringsdyktige på kvalitet, seier hamnesjef.

Geirangerfjorden

Hamna i Geiranger er kåra til ei av verdas beste.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Bente Saxon

Bente Saxon i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Foto: Åge André Breivik / NRK
Bebyggelse like ved Ålesund rådhus

Store delar av Ålesund er bygd i jugendstil.

Foto: Aina Rødal / NRK
Cruiseskip

Verdens største cruiseskip, Independence of the Seas, i Oslo.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Mange reknar Geiranger som eit under blant naturperlene i Noreg. Turistane vil ha majestetiske fjelltoppar, vakre fossar og ein djupblå fjord. Ålesund er òg ein turistmagnet; kjent for jugendstilarkitektur, Sunnmørsalpane og øysamfunna omkring byen.

Under Seatrade Miami Cruise convention fekk Oslo, Ålesund og Geiranger prisen «Best Destination Experience».

Bente Saxon, ved Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, seier at prisen kom som ei overrasking.

– Det betyr noko for oss at vi får ein slik pris, og det er heilt klart ein ære. Det gjer oss meir synlege, og reiarlaga som vel ut destinasjonane kan kjenne seg tryggare på at dei sender passasjerane sine til flotte plassar, seier Saxon til NRK.

– Vi gjer noko rett

Hamnesjef Rita Berstad Maraak tok imot prisen på vegner av Stranda hamnevesen og cruisenæringa i Geiranger. Kåringa er basert på ei måling mellom dei cruisegjestane som har vore på organiserte turar på land.

– Det er 42 destinasjonar frå heile verda. Og då er det litt artig at vi er tre norske hamner på lista over dei som er leveringsdyktige på kvalitet. Kåringa går på det totale cruiseproduktet, altså alt frå det vi held på med i hamna til det turistane opplever ute på tur. Samarbeidet lokalt er noko av det som vert vektlagt, og for vår del er det Stranda hamnevesen sitt samarbeid med lokale aktørar og norske agentar, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak til Sunnmøringen.

Vidare seier ho til avisa at det er ei anerkjenning som viser at det dei gjer er rett, og at dei jobbar på rett måte.

– Sjølv om vi har masse potensial til å utvikle oss i alle bauar og kantar, er det hyggeleg å få ein slik heider, seier hamnesjefen.

Pris for beste hamn

Frå venstre: Bente Saxon (Ålesund), Rita Berstad Maraak (Geiranger) og Eva-Britt Kornfeldt (Oslo).

Foto: Innovasjon Norge