Hopp til innhold

Over halvparten av alle cruiseskipa som kjem hit koplar seg til landstraum

Strenge krav har gjort Bergen førande internasjonalt i å få cruiseskipa til slå av forureinande motorar når dei ligg til kai. – Utviklinga har gått raskare enn me rekna med.

Årets første cruiseskip i Bergen

FØRSTE PÅ PLASS: MS «Viking Venus» kom til Skoltegrunnskaien i Bergen tysdag i førre veke. Skipet er det fyrste av 320 cruiseskip som vitjar Bergen i 2024.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK / Agnieszka Iwanska

Cruisesesongen er alt i gang i vestlandets hovudstad. Då MS «Viking Venus» la til kai, tysdag i førre veke, gjekk startskotet for eit cruiseår som kan slå fleire rekordar – både i talet på turistar og i reduserte utslepp.

For i år reknar Bergen hamn med at rundt halvparten av alle cruiseskipa som kjem, vil stoppa forureinande motorar medan dei ligg i hamna og heller kopla seg til straum frå land.

Det er om lag dobbelt så mange som i fjor.

Utviklinga har gått raskare enn me rekna med. Det er veldig tydeleg at reiarlaga no satsar på landsstraum, og passasjerane ønskjer også meir miljøvenlege skip, seier marknadssjef Nils Møllerup i Bergen hamn.

Årets første cruiseskip i Bergen

Slik ser det ut, landstraumanlegget som cruiseskipa koplar seg til.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK / Agnieszka Iwanska

Treng mykje straum

For cruiseskipa er store straumforbrukarar. Med fleire tusen personar om bord, brukar dei like mykje straum som ein mellomstor norsk kommune. Og med landsstraum får dei rein energi om bord.

Bergen hamn gjev no rabatt i hamneavgifta til skip som nyttar landstraum.

Om to år krev dei at alle cruiseskip som kjem til byen skal kopla seg på landstraumanlegga.

Førebels ligg dei godt an til å klara målet.

Infrastrukturen er på plass og me har nok straum. Bookinga for 2026 er no opna, og så langt ser det svært positivt ut, seier Møllerup.

Bergen er landets største cruiseskipshamn, målt i talet på besøkande skip. I år ventar dei over 320 anløp med rekordmange 688 000 cruiseturistar.

For at ikkje Bryggen, fisketorget og andre kjende attraksjonar skal overflødd av turistar, har byen innført eit tak på maks fire cruiseskip og 8000 passasjerar pr. dag.

Cruisebåter i Bergen

Det er dette Bergen hamn ikkje vil sjå, cruiseskip som forureinar ved kai.

Foto: Atle Markeng

Betre byluft

Men byen mellom dei sju fjell har også eit luftforureiningsproblem, som skipstrafikken har fått sin del av skulda for.

Dette har ført til at Bergen no er internasjonalt leiande på å redusera utslepp frå cruiseskip.

Verdas cruiseskipsflåte består av om lag 330 skip. Kvart år er ein fjerdepart av desse innom Bergen, noko som har gitt oss ein posisjon til å kunna stilla krav. Bergen hamn får både førespurnader og besøk frå internasjonale hamner, som vil læra, fortel Møllerup.

Les også Kronekurs og krig gir cruiserekord: – Vi ser jo turister med polposer

Cruiserekord

Årets første cruiseskip i Bergen

I 2026 må alle cruiseskip som kjem til Bergen nytta landstraum.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK / Agnieszka Iwanska

Omdiskutert turistindustri

Cruiseturismen er omdiskutert med store klimautslepp, både frå sjølve skipa og flytransport av passasjerar. Miljørørsla er derfor vanlegvis svært kritisk.

Men landstraumsatsinga i Bergen gjev dei skryt:

At det er kome reglar for utslepp, og at kapasiteten er så god i Bergen, jublar me for, seier Tom Skauge, som er leiar i Naturvernforbundet Hordaland.

Han meiner likevel at både Bergen kommune og andre styremakter må koma med strengare reglar for å redusera cruisetrafikken.

Det er naudsynt dersom me verkeleg skal bry oss om klimautsleppa, seier Skauge.

Les også Her kan det bli bråstopp i cruisetrafikken

Geiranger