Hopp til innhold

Legg skulda på kvarandre i Geiranger

Krangel om lånet av ei privat ankringsbøye skapar framleis problem for cruisenæringa i Geiranger.

Seawalk i Geiranger

Landgangen som skulle gje økonomisk og miljømessig gevinst i Geiranger, har skapt uante vanskar for turistbygda.

Foto: Destinasjon Geirangerfjord

– Det ser ikkje bra ut, det berre aukar på framover, seier losformann Bjørn Atle Søvik om talet på skip som vel å droppe den vakre fjordbygda i sommar.

– Om dette no øydelegg Geiranger som cruisehamn, er det trist for Sunnmøre som turistregion, legg han til.

Tidlegare i veka skreiv NRK om korleis 14 skip har skrota Geiranger som cruisehamn fram til byrjinga av juni.

Privat kaianlegg med startsvanskar

Geirangerfjorden

Geirangerfjorden låg tom onsdag 7. mai. Det var ikkje etter planen.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Mange trudde det nye privateigde kaianlegget ville bli ein kommersiell suksess. Det skjedde ikkje. Enkelte reiarlag føler prisen er for høg, og vil heller at skipa skal ankre opp rett ved sidan av - slik som før.

Men der skipa tidlegare har kasta anker, ligg det no ein landgang i vegen. Derfor må dei låne den eine bøya til Seawalk Geiranger AS. Det lånet er reiarlaga til cruiseskipa svært lite interesserte i å punge ut for.

– Selskapet har bomma

Styreleiar i Stranda Hamnevesen, Per Erik Dalen, kommenterer tørt at selskapet har bomma i kalkylane og analysene sine, og no er desperate etter pengar.

– Dei ønskjer at vi skal tvinge skipa til å bruke landgangen. Juridisk kan vi ikkje gjere det, og det er heller ikkje ønskeleg. Vi er avhengige av fornøgde kundar, seier han.

Cruiseskip og hurtigruteskip i Geiranger

Slik det lokale næringslivet helst vil sjå Geirangerfjorden på ein varm sommardag.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Styreleiar Robert Monsen i Geiranger Seawalk AS vil på si side ikkje vere kjent av kritikken som har hagla over det private selskapet den siste tida.

– Vi har blitt hengt ut som den store, stygge ulven som gjer at skip ikkje kjem til Geiranger. Det er heilt feil, seier han og understreker at kaianlegget er meint som eit miljøtiltak.

Krev betaling

Monsen meiner det er heilt rett og rimeleg at skip må betale for lånet av den bakre bøya til kaianlegget.

– Det er ein installasjon til 35 millionar kroner. Det er klart at vi ikkje kan la folk bruke delar av landgangen gratis.

Til no i år har selskapet kravd at skipa betalar det same for lån av bøya, som viss dei faktisk la til ved sjølve kaianlegget.

– Vi ønskjer å prise den bakre bøya slik at båtane seier at dei like så gjerne kan legge til ved vårt kaianlegg, forklarar han.

Robert Monsen

Styreleiar i Seawalk Geiranger AS, Robert Monsen, meiner selskapet har blitt framstilt feil.

Foto: Robertmonsen.no

Ifølgje hamnevesenet fekk skipa låne bøya gratis i fjor sommar. At saka no plutseleg skal ha blitt så betent, skal ha ein samanheng med at Seawalk Geiranger AS plutseleg krev pengar for bruken, seier dei. Men ifølgje Monsen finst det ingen avtale om bruk av gratis bruk av bøya.

– Det har vi aldri godkjent! Det tok ei stund før vi oppdaga det, seier han og legg til at selskapet vurderer å krevje erstatning for tapte inntekter.

Skip kan bli avvist

For å kome seg ut av knipa med Seawalk Geianger AS, har hamnevesenet fram til no gitt andre tilbod til skipa som eigentleg skulle ankrast på plassen rett ved kaianlegget.

Men losformann Søvik seier at dei ikkje vil kunne gjere det stort lengre. Dei kjem nemleg til å pålegge Stranda hamnevesen å ta i bruk posisjonen etter Kystverket sine tilrådingar.

– Skal vi klare å avhende trafikken i Geiranger, må vi gjere det, seier han.

Om skipa framleis ikkje vil betale det Geiranger Seawalk AS krev for lån av bøya si, kan konsekvensen bli at skipa ikkje får kome til Geiranger i det heile.

– Det har med tryggleiken å gjere, vi kan ikkje tillate at dette går gale. Om dette held fram, så må Geiranger finne seg i at fartøy vert avvist, seier Søvik.

Losformannen seier Kystverket ikkje legg seg opp i kostnadsspørsmålet ikring lånet av bøya, og at det er noko selskapet og hamnevesenet må rydde opp i seg imellom.

Krøll på tråden etter businessavtale

Per Erik Dalen

Styreleiar Per Erik Dalen i Stranda Hamnevesen håper at Seawalk Geiranger AS modererer seg i striden om den private ankringsbøya.

Foto: Trond Vestre / NRK

Etter ein optimistisk start, der Stranda hamnevesen inngjekk ein avtale med det private selskapet om å promotere kaianlegget mot provisjon, står dei no steilt i mot kvarandre på ei rekkje punkt.

– Det som er synd oppi dette er at det er landgangen, ei fantastisk innretning, som er utløysande for alt dette, seier Dalen i hamnevesenet.

Styreleiaren meiner det no er på tide at Seawalk Geiranger AS modererer seg før omdømmet til Geiranger vert ytterlegare skadd.

– Eg uroar meg for reiselivsnæringa. Vi må prøve å få løyst dette på best mogleg måte innanfor det gjeldande regelverket, seier han.

Akkurat denne fråsegna kan styreleiaren i det private selskapet stille seg bak.

Dette er ein debatt som skulle ha blitt teken etter sesongen i fjor, og iallfall i tide før cruisereiarlaga la planane sine for sesongen i år, seier han.

Fredag blei partane einige om å møtast i håp om å finne ei løysing. Etter det NRK kjenner til, vil møtet finne stad måndag føremiddag.