Sommarsesongen kan bli øydelagt for Geiranger

Krangel om bruken av ei privat ankringsbøye kan få alvorlege konsekvensar for cruisesesongen til turistmagneten Geiranger.

Seawalk i Geiranger

Det privateigde kaianlegget i Geiranger skapar vanskar i cruisenæringa. Selskapet krev pengar for lån av den eine ankringsbøya, men det ønskjer ikkje skipa å betale for.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK
Geiranger

Geiranger er ein ynda destinasjon for cruiseturistar.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Kvart år vert Geiranger snudd på hovudet når cruisebåtar frå heile verda seglar inn fjorden for å vise fram dei spektakulære omgjevnadane. I desse dagar er den vesle sunnmørsbygda atter klar for å vakne opp av vinterdvalen, men det er langt frå sikkert at årets sesong vert som elles. Ein krangel om ei ny privat ankringsbøye har nemleg sett sinn i kok blant enkelte i cruisenæringa.

– Problemet er at det er private interesser som styrer situasjonen, og det er ikkje positivt, seier ei kjelde som sjølv driv innanfor cruiseturisme, til NRK.

Droppar Geiranger

Harald Tronstad

Regionsdirektør Harald Tronstad i Kystverket er oppgitt over ankringsproblema i Geiranger.

Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Ei oversikt frå Kystverket viser at 14 av 25 skip har valt å droppe Geiranger til fordel for nabobygda Hellesylt i perioden 11. mai til 3. juni. Om tendensen held fram for resten av sesongen, er det snakk om tap i millionklassen.

– Det er sure pengar for Geiranger å gå glipp av, seier Arve Løken som er leiar i det lokale næringslaget. Løken ønskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare fordi han sit i styret til selskapet som eig den private ankringsbøya.

Slit med inntektene

Selskapet, Seawalk Geiranger AS, driftar ein flytande landgang som vart ferdigbygd sommaren 2013. Landgangen, som det kostar skipa oppimot 100 000 kroner å bruke per gang, har berre fått halvparten av bestillingane som trengst for at Seawalk går i null for sesongen.

Styreleiar i Seawalk AS, Robert Monsen, har tidlegare uttalt til regionsavisa Sunnmørsposten at dei ønskjer å tvinge skipa til å nytte landgangen, blant anna ut frå miljøomsyn. Til no har selskapet ikkje fått gehør, men krev i staden pengar av skipa som må bruke den eine bøya for å kunne ankre opp på fortøyingsplassen sin rett ved.

Snudde på hælen

Onsdag i sist veke, skulle cruiseskipet Azura eigentleg ankre opp ved landgangen. Då skipet fekk beskjed om ekstrakostnadane det ville medføre, takka dei dermed pent nei til Geiranger som cruisehamn.

– Skipet fekk tilbod om å ankre opp lengre ut i fjorden, men det er trass alt svært tidkrevjande å frakte tusenvis av menneske i lettbåtar til og frå hamna, forklarar regionsdirektør i Kystverket, Harald Tronstad.

Artikkelen held fram etter bildet.

Azura i Hellesylt

Det var stor ståhei i Hellesylt då cruisepassasjerane frå Azura plutseleg tok over bygda onsdag 7. mai.

Foto: Arne Inge Tryggestad

Azura, med sine 3500 passasjerar, gjorde dermed vendereis og valde å leggje til kai i Hellesylt i staden – utan at innbyggjarane var førebudde på storinnrykket.

– Vi såg plutseleg skipet kome og før vi visste ordet av det vart vi rent ned av nysgjerrige turistar. Det var heilt surrealistisk, fortel innbyggjar Geir Frøysa medan han ler.

Ifølgje Frøysa, som også er leiar i det lokale næringslaget, steig pulsen kraftig blant dei 250 innbyggjarane som måtte hive seg rundt for å ha noko å tilby gjestane.

– Det førte til mange artige episodar. Heldigvis fekk vi i det minste opna suvenirbutikken i siste liten, seier han.

Same dagen var det stillstand i Geiranger, som eigentleg skulle ha teke imot skipet. På kaia stod fleirfaldige sightseeingbussar og venta på 1000 cruisepassasjerar som aldri kom.

– Ein vanskeleg situasjon

Den lokale skipsagenten til Azura, Geir Gjørva, bekreftar at skipet måtte snu fordi det ikkje fekk sin tiltenkte anker- og fortøyingsplass, men ønskjer ikkje å kommentere saka vidare fordi han sjølv er tilsett i Geiranger Adventure. Direktøren for den nasjonale skipsagenten European Cruise Service, Arthur Kordt, ønskjer heller ikkje å uttale seg om saka. Kordt sit i styret til selskapet som har selt konseptet til Geiranger.

Ankringsposisjonar Geiranger

Bygda Geiranger er nedst til høgre. Tala viser dei ulike ankringsposisjonane til cruiseskipa. 'SW' står for Seawalk-landgangen. Krangelen dreier seg om ankringsposisjon 4 som ligg rett ved.

Foto: Kystverket/illustrasjon

Fleire kjelder NRK har snakka med bekreftar konflikten i Geiranger, men ønskjer ikkje å uttale seg offentleg om saka. Årsakene er at dei anten har personlege interesser i selskapets ve og vel, eller ikkje ønskjer å ha namnet sitt dratt inn i det som vert karakterisert som ein "vanskeleg og sensitiv situasjon."

Ber hamnevesenet rydde opp

Tronstad i Kystverket er svært oppgitt over situasjonen som no utspelar seg i dei indre fjordstroka på Sunnmøre. Etter at landgangen til Geiranger Seawalk AS vart bygd, kan nemleg ikkje skipa ankre opp som før i ankringsposisjon 4.

Posisjonen er den tryggaste i forhold til fallvindar, og er den posisjonen Kystverket helst ser at skipa brukar. Men landgangen kan bli øydelagt om skipa brukar eigne anker, fordi dei kan setje seg fast i ankerfesta til sjølve landgangen.

– Vi har tidlegare oppmoda Stranda Hamnevesen om å rydde opp, men til no har vi ikkje sett noko resultat, seier han.

Forutan ei varsla flodbølgje som ein dag vil utradere delar av den naturskjønne bygda, kan delar av næringsgrunnlaget allereie vere i ferd med å forsvinne dersom tvisten om ankringsbøya ikkje vert løyst.

NRK lukkast ikkje i å få tak i styreleiar Per Erik Dalen i Stranda Hamnevesen.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.