Hopp til innhold

2015 – eit tungt år for oljen og Kristiansund

Stormen i oljebransjen har herja jamt over i heile fylket, men i år er det Nordmøre som har tapt mest. 2015 har vore eit sårt år for mange.

Collage

OLJE OG SJUKEHUS: Det har gått trått for fleire i Møre og Romsdal dette året. Nedgangen i oljenæringa har gitt utslag for arbeidarane og sjukehusstriden har prega Nordmøre og Romsdal.

Foto: NRK/AFP

Kampvilje, kjensler og fakkeltog har prega fylket vårt i 2015, og spesielt Nordmøre har fått kjenne på nederlaga. Lengst nord i fylket vårt er det sjukehuset det har handla mest om, også i år.

I slutten av fjoråret bestemte helseministeren at sjukehuset skulle ligge i Molde. Det fall ikkje i god jord hos nordmøringane, og kampen heldt fram på nyåret. Fleire har trua med å forlate Møre og Romsdal etter tapet av sjukehuset.

Kjell Neergaard blei ordførar i Kristiansund i mai, og det første han gjorde i den nye stillinga var å true med rettssak. Bystyret gjekk samrøystes inn for å gå til rettssak mot staten fordi dei meiner det har skjedd fleire saksbehandlingsfeil i prosessen.

– Vi syns prosessen rundt avgjerda om sjukehuset var forferdeleg. Det har prega Kristiansund heile året, også under valet, seier Neergaard.

Slo ring rundt barneavdeling

Kjell Neergaard (Ap) - ordfører i Kristiansund

Ordføraren i nordmørsbyen, Kjell Neergaard (Ap) har kjent mange tap på kroppen dette året.

Foto: NRK

Også barneavdelinga i Kristiansund har vore trua. Avdelinga var helgestengt for at helseføretaket skulle spare pengar. Så skjedde det mange hadde frykta. Ein 10 månader gammal gut døydde etter eit forsøk på å frakte han i helikopter til St. Olavs. Fleire hevda dødsfallet kunne vore unngått om barneavdelinga var open.

Og så tapte nordmøringane endå ein gong. Kampen om politimeisteren runda av året – og det blei klart at den øvste sjefen skal ha kontor i Ålesund. Neergaard trudde dei hadde ein sjanse – men slik gjekk det ikkje.

– Utgangspunktet var jamt. Kristiansund er snart kjemisk reinsa for statlege arbeidsplassar, og det er uverdig. Skal vi ha sjanse til å vekse må vi ha arbeidsplassar. Til saman har vi mista mellom 600–700 arbeidsplassar, seier ordføraren.

Vi merka når klippfisken, fiskeria og verfta forsvann. Men vi har alltid kome oss opp igjen.

Kjell Neergaard (Ap)

Oljekrasjen

Arbeidsløysa har stige jamt i heile år. Mange har fått kjenne oljekrisa på kroppen, også i oljebyen Kristiansund.

– Vi merker nedgangen i oljesektoren. Men vi ser lysningar. Vi på Nordmøre har vore vande med nedgangar før. Vi merka når klippfisken, fiskeria og verfta forsvann. Men vi har alltid kome oss opp igjen, og det skal vi klare denne gongen og, seier Neergaard optimistisk, men bestemt.

Og tapet av arbeidsplassar har også prega Sunnmøre. Over 90 offshoreskip ligg i opplag og ordrebøkene til mange verft har blanke sider. Oljen har gitt full fart for næringslivet i lenge, men no er det mange som må finne seg andre bein å stå på.

Omstilling i offshore

Gina Bjørdal, tillitsvalgt Rolls Royce Hjørungavåg

Gina Bjørdal er tillitsvald i Rolls-Royce i Hjørungavåg og har hatt eit tøft år med mange oppseiingar.

Foto: Lena Høyberg / NRK

55-åringen Gina Bjørdal er ein av dei som ikkje er sikra vidare jobb i den no usikre næringa. Ho har hatt eit tøft år som tillitsvald ved Rolls-Royce i Hjørungavåg.

I august vart det kjent at Rolls-Royce Marine legg ned fabrikken i Hjørungavåg i Hareid. 200 mister arbeidsplassen sin. Delar av produksjonen skal flyttast til ein annan fabrikk på Sunnmøre. Kanskje ei mager trøyst.

Ei heil næring skal omstille seg, og mange er ute etter dei same ledige jobbane. 30.000 oljejobbar i Norge er i ferd med å forsvinne, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

– Vi som er over 50 fell mellom to stolar fordi dei unge er mest attraktive for nye arbeidsgjevarar. Eg er i same båten som mange andre. Kanskje bedriftene ikkje vil ta oss inn, seier ho fortvilt.

Nedlegginga i Hareid føyer seg inn i ei rekke vanskelege nyhende for offshorebransjen. Oljeproduksjonen på norsk sokkel er redusert og kostnadane har auka kraftig. Men den vanskelege tida har tvinga mange til å tenke nytt. Rolls-Royce er ein av dei som no utviklar skip for vindmølle-service.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL