Hopp til innhold

– Møre og Romsdal kan gå i oppløysing

Viljen til å bli i Møre og Romsdal er svekt etter debatten om lokalisering av politimeisteren. No ser nordmøringane nordover etter tap i både sjukehusstriden og politimeisterlokaliseringa, seier regionsleiar.

Ola Rognskog

Interessa for å forblir ein del av Møre og Romsdal kan bli svekt på Nordmøre seier leiaren for regionrådet på Nordmøre, Ola Rognskog

Foto: Trond Vestre / NRK

– Interessa for å forblir ein del av Møre og Romsdal kan bli svekt på Nordmøre som følge av at Kristiansund tapte kampen om kvar politimeisteren skal vere.

Det seier leiaren for regionrådet på Nordmøre, Ola Rognskog. Han fryktar at fleire no ynskjer å bryte ut av Møre og Romsdal.

– Det er ikkje alle på Nordmøre som ynsker å være ein del av Møre og Romsdal. Det siste året har kravet om å flytte nordover til Trøndelag hatt god vind i segla, seier Rognskog.

Utfordrar fylkestinget

No utfordrar han fylkestinget i arbeidet med å skaffe fleire statlege arbeidsplassar til Nordmøre.

– Eit fylke som skal vekse treng at dette skjer i heile fylket, og ikkje berre i delar av det. No ser vi så store mørke skyer på himmelen, at vi ventar at fylkespolitikarane tenker på korleis dei skal rette opp i dette, seier Rognskog.

Lokaliseringa av politimeisteren til Ålesund er det andre store nederlaget for Kristiansund i kampen om statlige arbeidsplasser. Den første var sjukehussaka.

Krev 2000 nye statlege arbeidsplassar til Nordmøre

Næringsselskapet Komvekst krever nå 2000 nye statlige arbeidsplasser til Nordmøre. Det er eit krav som Ola Rognskog støtter.

– Ja. Det er rimelig ambisiøst. Vi snakker om store tal angåande arbeidsplassar. Eg meiner det er greitt å trekke dette kortet allerede no, og vi må forvente at noen foreslår dette, seier Rognskog.