Hopp til innhold

Sju sjukt gode torskeretter

Ta eit lite hopp ut av matvanane dine. Prøv torsken på nye måtar. Risotto, wok, suppe med karri eller herlege sausar. Berre å ta for seg.

Pannestekt torsk med brunet smør, kapers, sitron og knust pimpernell

Vi er både kreative og kresne med torsken i denne artikkelen. Her har vi pannesteikt torsken og laga saus med smør fullt av smak.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Risotto med torsk blir servert i djupe skåler. Med risotto og grønsaker i botn og pannesteikt torsk på topp. Korleis det smaker? Innertiar.

Torsk er også nydeleg på «asiatisk». Suppe med kokos, grøn karri og ei blanding av norske og asiatiske grønsaker. Berre prøv.

Nøttesausen med kvitløk, ingefær og soya er eventyrleg god. Og torsken saman med heimelaga potetstappe gjer denne retten verdig ein festkveld.

Her får du alle dei beste smakane Asia og India har å by på. Lise Finckenhagen bruker mellom anna kokos, koriander, ingefær, kvitløk og chili, og serverer retten med kokt ris.

Lag fiskesuppa slik som Gastronomisk Institutt gjer det. Les og lær.

Dette er torsk overaust med smør fullt av smak. Kapers, vårløk, løk og sitron. Og ikkje mos poteta, berre knus dei litt. Så uendeleg godt.

Bacalao er spansk for torsk. Lettsalta torsk servert med ingrediensane til bacalao, unnateke klippfisk. Lettvint, og like godt.

Her kan du dykke inn i heile universet vårt med oppskrifter av torsk og skrei.