Hopp til innhold

Festmaten når sola går ned

Nå startar ramadan. Og trass i faste, speler mat ei enormt viktig rolle. Ta del i maten millionar ser fram til når sola går ned.

Fire retter i ett bilde. Fiskecurry fra Goa, kylling satay, indisk-inspirert flatbrød og fattoush.

Det er viktig å spise god og næringsrik mat som gjør til at man holder seg mett over lenger tid.

Foto: Lise Finckenhagen/TONE RIEBER-MOHN/Sommermat i Falkenberg/Satt sammen av NRK

Dette er snadder mat frå andre verdsdelar som gir energi og matglede.

Kva slags måltid som blir servert avheng av kor ein har røtene sine. Fattoush betyr «bondesalat». Denne fargeklatten frå Midtausten består av grønsaker, frukt og pitabrød.

Under fasta har ein berre to måltid å forhalde seg til; suhoor og iftar. Suhoor er «måltidet ved daggry», og iftar «måltidet ved solnedgang». På kvelden gir kjøttbollar ny energi, både med og utan kjøtt.

Hummus er ein proteinrik og allsidig rett frå Midtausten. Perfekt til dipp for grønsaker, som pålegg på brødet eller som siderett. Varier gjerne hummus etter smak med ulike krydder du liker.

Satay blir laga ved å kutte kjøttet i små terningar, omtrent på størrelse med tommelen. Grill kjøttet og et det med herleg peanøttsaus – ekstra godt med agurk til.

Tikka masala, butter chicken, dahl og tandoori. Du kan velje og vrake i indiske retter.

Måltida samlar familiane rundt matbordet for å nyte tradisjonsrik mat. Godt brød høyrer med.

Meir indisk. Biryani er ein klassisk rett som består av fire hovudelement – ris, marinade, krydder og kjøtt. Det finst mange måtar å lage biryani på. Dette er éin av dei.