Hopp til innhold

Dette er sesongmat i juni

Det er mange gode grunnar til å bruke sesongråvarer. Både lommebok og miljø kan tene på det, og ikkje minst så smaker det ekstra godt. Det er ikkje alltid like enkelt å vere oppdatert på kva som er i sesong, det meste finst i butikkane heile året, men her er nokre tips til kva du kan ete i juni.

Nypoteter, makrell og sommerkål i sesong

Nypoteter, makrell og nykål er herleg sommarmat.

Foto: TELLUS WORKS TELEVISION AS/NRK/Mia Frogner/ITV

Norske nypoteter er ei himmelsk delikatesse. Sesongen for nypoteter startar gjerne frå midten av juni. Dei blir ofte hausta og pakka same dag, og det bør ikkje gå for lang tid før dei blir brukte. Potetene har så vidt fått skal og du skal ikkje skrelle dei. Skrubb eller vask dei godt.

Mange elsker kokte poteter med berre litt urter, salt og smør eller olivenolje, det er genialt enkelt. Det er også godt med saltkokte nypoteter til spekemat og tapas saman med ein god dipp. Eller du kan lage ein herleg potetsalat. Det er godt til både kjøtt og fisk – ikkje minst når du har det på grillen.

Makrell

Sør i landet er makrellen ein velkommen gjest i sommarhalvåret. Det er utruleg morosamt å fiske makrell. Får du ein på kroken, får du ofte fleire.

Om våren og tidleg på sommaren har den lågt feittinnhald, men haustmakrellen er feitare og inneheld dermed store mengder omega-3-feittsyrer.

Makrell egner seg både i steikepanna og på grillen, eller du kan koka eller røyka han. Bent Stiansen lager både grava og sylta makrell.

Nykål

Nykål eller sommarkål liknar på vanleg hovudkål, men har ein lausare form og treng kortare koketid. Varmebehandla får den ein mild og søt aroma.

Den smaker nydeleg lettkokt eller smørdampa. Den er og god på grill, i wok og i steiekpanna. Du kan og finsnitte han og ha han i salaten.

Bruk gjerne spisskål som minner om sommarkål og har ein mild og delikat smak.