Hopp til innhold

Det beste du kan ha på grillen

Store delar av landet badar i sol. Få fram grillen anten du står i boblejakke eller shorts. Vi byr på retter som gjer deg til grillmeister. Sjekk spesielt den «Den høgaste burgaren i verda», der finn du 15 snadder dressingar og salatar.

Hamburger med "alt". Guacemole- og avokadosalt, friterte løkringer, hvitkål-sortpeppersalat, coleslaw, løk-kompott, grillede paprika, bifftomater og asparges, tomat- og flatpersillesalat og syltet squashtagliatelle

Vi har aldri sett liknande. Ver så god. Her er verdas herlegaste og mest syndige burgar.

Foto: Sara Johannessen

Ta eit spyd og tre på alt du lystar. Det kan vere okse, lam, svin eller kylling med peanøtter, chili og urter.

Denne laksen er krydra eventyrleg godt. Du kan ete den som han er, eller servere den som «pulled laks» med ein frisk coleslaw i burgarbrød toppa med barbecuesaus.

Eller «pulled chicken». Lèt du kyllingkjøttet ligge lenge både i marinering og på grillen blir det heilt nydeleg mørt.

Ein kan ikkje vente med å sette tennene i denne sandwichen. Grill deg eit smørbrød med kylling, bacon, speilegg, tomat og sylteagurk.

Mais er gøy og godt. Vi gjer ofte altfor lite ut av han. Sjå og lær.

Ta for deg av grønsaker og poteter du har i kjøleskapet. Krydre, grill og nyt.

Sist, og størst av alt: Denne gigantiske hamburgaren med – alt. Her er oppskrifter på hamburgarbrød og 15 sausar, dressingar og salatar. Det er berre å gje seg ende over.

Hamburger med "alt". Guacamole- og avokadosalt, friterte løkringer, hvitkål-sortpeppersalat, coleslaw, løk-kompott, grillede paprika, bifftomater og asparges, tomat- og flatpersillesalat og syltet squashtagliatelle
Bildetype

Vel den delen du synest best om.

Foto: Sara Johannessen