Hopp til innhold

Vil ha Pokémon Go inn i undervisninga

Om spelpedagogar får det som dei vil, kan Pokémon Go bli eit verktøy for å lære om lokalhistorie i skulen.

Pokemon Go på Bryggen

MONSTERJAKT PÅ BRYGGEN: Bryggen i Bergen er eit av fleire kulturhistoriske område som har vore åstad for monsterjakt i sumar.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

– Det blir kanskje ikkje like mykje speling som det har vore i sumarferien, for vi har jo lekser og skule, seier Ida Skappel.

Pokemon Go spillere

POPULÆRT FOR SPEL: Vigelandsparken er eit av dei mest populære områda for Pokémon-speling i Oslo. Her er spelarar samla ved «Monolitten» tidlegare i sumar.

Foto: NRK

Saman med spelande familiemedlem har ho funne vegen til Frognerparken i Oslo for å gjere siste innspurt i den digitale Pokémon-jakta før sumarferien er over.

I sumar har mobilspelet Pokémon Go rast som ein farsott over verda. Spelet, som er basert på 90-talsspelett frå Japan, går ut på at spelarane beveg seg rundt i den verkelege verda for å fange virtuelle Pokémon-monster.

Vil lære gjennom spel

Men om norske spelpedagogar får det som dei vil, treng ikkje skulestart bety slutten for Pokémon-spelinga til Skappel.

Ifølgje Tobias Staaby, spelpedagog ved Nordahl Grieg Vidaregåande Skule i Bergen, passar mobilspelet Pokémon Go godt til undervisning, til dømes i historie.

– Spelet er av og til er knytt til historiske minnemerke, der spelarane får opp litt tekst med informasjon om det dei ser. For eksempel kven ein statue er av. Slik kan spelet til dømes nyttast i eit prosjekt i lokalhistorie. Elevane går ut og leiter etter slik informasjon i nærleiken av der dei bur, og skriv ei oppgåve om det dei finn, seier Staaby.

Zombie-etikk

Dette er ikkje fyrste gong Staaby nyttar spel i undervisninga. Tidlegare har han mellom anna nytta zombie-spelet «The Walking Dead» som grunnlag for diskusjon i etikk og religion, og med det fått omtale i internasjonal spelpresse.

– Den mest universelle grunngjevinga for spel i skulen er at barn lærar gjennom opplevingar, og alle spel er opplevingar, seier Staaby.

Han trur at ein fordel med Pokémon Go og liknande spel, er at dei opnar for ein måte å ta læringa ut av klasserommet.

– Ikkje for alle lærarar

– Pokémon Go eller andre kommersielle spel kan ha mange positive aspekt for undervisninga, seier Eirik Jåtten, rektor ved Revheim ungdomsskole i Stavanger, som har ein master i bruk av IKT i skulen.

Rektor Eirik Jåtten foran streikevaktene

POSITIV TIL SPEL: Eirik Jåtten, rektor ved Revheim ungdomsskole i Stavanger, ser gjerne at Pokémon entrar klasseromma.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Ved sidan av ulike variantar av kroppsøving, synest Jåtten at Pokémon Go har potensial. Han meiner at motivasjonsfaktoren er det viktigaste, men at spel ikkje er eit magisk vedundermiddel for å gjere skule gøy.

– Spel er ikkje for alle lærar, men spel kan vere ein del av eit stort metodeutval som kan brukast for å skape god læring for den enkelte elev, seier Jåtten.

Ifølgje Skappel, som snart returnerer til skulebenken, er det ein god ide å nytte Pokémon Go i undervisninga.

– Det kunne vore ein fin skuleoppgåve, seier Skappel.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.