Hopp til innhold

Vil boikotte Disney-film

Disneys nye storfilm «Alice i Eventyrland», står i fare for å verte boikotta. Europeiske kinoar liker nemleg ikkje at Disney vil korte ned tida mellom kino-premieren og DVD-utgjevinga.

Mia Wasikowska i «Alice i Eventyrland»

Mia Wasikowska har rollen som Alice Kingsley i «Alice i Eventyrland».

Foto: Walt Disney Studios Motion Pictures Norway

Over heile verda har Disney-filmen Alice i Eventyrland kinopremiere desse dagar. Men lanseringa av filmen har ikkje gått heilt problemfritt.

Disney planlegg nemleg å lansere filmen på DVD mindre enn tre månader etter at den har hatt premiere på kino. Det har fått kinoar i blant anna Storbritannia og Nederland til å setje seg på bakbeina. Vanlegvis kan kinoane snurre film i overkant av fire månader før publikum får tilgang på den på DVD.

Verdifull tid

Ein månad kortare med eksklusiv kinovisning, er dyrebar tid for kinoane, meiner programdirektør i Oslo kino Christin Berg.

Filmsjef i Oslo Kino, Christin Berg.

Christin Berg, programdirektør i Oslo Kino, meiner tida mellom kino- og DVD-lansering er viktig.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

— Det er veldig viktig for kinobransjen. Det er viktig at det er tid nok mellom premieren og DVD-lanseringa. Dette gjeld særleg dei store filmane, slik at vi kan få ut heile potensialet, seier Christin Berg.

Filmen har premiere her i Noreg den 5. mars. Ho fortel at dei følgjer nøye med på kor stort visningsvindauge dei har.

— Eg har snakka med Disney-distributøren her i Noreg, og førebels er ikkje DVD-lanseringa i Noreg avklart. Men det dei har garantert er at den ikkje skal på DVD før tidlegast midten av juni, eller mest truleg i juli.

Dermed har kinoane i Noreg dei vanlege fire månadene mellom kinolanseringa og DVD-utgjevinga.

— Difor er ikkje dette noka sak i Noreg enno. Og vi vil ikkje vurdere boikott så lenge filmen har dei vanlege tidsvindauget mellom kino og DVD, seier Berg.

Kino er marknadsføring

Sjølv om det er lite truleg at kinopremiere og DVD-lansering overlappar kvarandre i Noreg, meiner kommunikasjonssjef i Film & Kino Birgitte Langballe, at Disney øydelegg for filmen om dei kuttar i tida han skal gå på kino.

— Det er viktig å hugse på at film på kino fungerer som marknadsføring for filmen på DVD. Filmen er laga for å opplevast på kino. Dei som kjøper DVD-en har ofte sett filmen på kino først, seier Birgitte Langballe.

Ho meiner at kinotida er viktig både for innteninga for kinoane, og for filmen sitt vidare liv på DVD.

Britisk boikott får konsekvensar

Alice i Eventyrland er venta å bli ein av dei mest populære filmane i 2010. Den amerikanske regissøren Tim Burton har fått med seg Hollywood-stjerna Johnny Depp som gal hattemakar, når han no har filmatisert det 145 år gamle eventyret til Lewis Carroll.

Johnny Depp Alice in Wonderland

Johnny Depp samarbeider nok ein gong med regissør Tim Burton i 'Alice i Eventyrland'.

Foto: Disney / Scanpix/AP

Viss partane ikkje vert samde og filmen vert boikotta i Storbritannia risikerer Disney å tape store delar av den venta innteninga på 40 millionar pund. Langballe trur ikkje ein liknande boikott ville vore like effektiv i Noreg.

— I Storbritannia er det langt større og sterkare kinokjeder enn i Noreg, og ein mykje større marknad fleire publikummarar, seier Langballe.

Disney ville ikkje kommentere denne saka overfor Kulturnytt.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.