Hopp til innhold

Dyrt med kinomonopol

Kinomonopol skrur opp billettprisane på den kinoaktuelle filmen "Jenta som lekte med ilden". No vil Framstegspartiet ha konkurranse om filmpublikumet.

PLAKAT: "JENTA SOM LEKTE MED ILDEN"

Jenta som lekte med ilden trekkjer mest folk - dermed er det den dyraste filmen på kino i Sandnes.

Foto: Foto/Copyright: Yellow Bird / Nordisk Film

Sandnes Kino er den dyraste i landet. Når kinoen i nabobyen Stavanger er eigd av same selskap, er det ingen reell konkurranse som kan halde prisane i sjakk.

Dyrast i landet

"Jenta som lekte med ilden" er den mest populære filmen på kino både i Sandnes og Stavanger. Selskapet SF Kino står for kinotilbodet i dei to nabobyane og kan dermed ta 100 kroner billetten utan å risikere å miste publikum.

- Vi vurderar den som såpass sterk kommersiell film at folk vil sjå den sjølv om den har høg billettpris, seier Frode Nilsen, direktør for de to kinoane.

Tal frå bransjeorganisasjonen Film og Kino syner at Sandnes Kino hadde den høgaste billettprisen i landet i september. Gjennomsnittet på over 90 kroner per billett er 6 kroner og 50 øre høgare enn landsgjennomsnittet. Kinodirektøren innrømmer at han ikkje treng å ta omsyn til konkurrentar.

- Vi har jo ein heilt anna konkurransesituasjon i Stavanger og Sandnes sidan det er SF-kino som driftar kinoane i begge byane. Vi må heilt til Egersund og Bryne for å møte mindre konkurranse, seier Nilsen.

Kan bli aktuelt fleire stader

Også publikum i Grenland kan kome til å oppleve same situasjon som i Sandnes og Stavanger. Rådmann Egil Johansen i Porsgrunn vil vurdere å la private ta over kinodrifta. SF Kino, som allereie driver kino i Skien, er ein aktuell kandidat.

- For befolkninga må vi kikke på økonomiinntektene for det påverkar budsjetta til kommunen, meiner Johansen.

Rådmannen seier han vil foreta ei grundig utreiing før han legg saka fram for politikarane neste år.

- Når det gjeld det direkte kinopublikumet så er det naturleg å vurdere kva konsekvensar det har repertoarmessig, kva konsekvensar det har prismessig og sjølvsagt også servicetilbodet rundt kinodrifta, seier Johansen.

Framstegspartiet er skremd

I Tønsberg er Kilden kino i ferd med å bli ferdigstilt, samtidig som SF Kino allereie driv kino i byen. Tønsberg blir dermed den einaste kommunen i landet med reell konkurranse mellom to ulike aktørar i kinomarknaden.

Gruppeleiar for Framstegspartiet i Stavanger, Trond Birkedal meiner det er på høg tid å opne for konkurranse. Han er skremd over at monopolsituasjonen i heimbyen skrur prisane i været.

- Dei som betalar dette er vanleg ungdom som går på kino for å kose seg. Dei må altså betale dyrt fordi at kommunen har monopol på kino i området. Det synest eg ingenting om, seier politikaren før han held fram.

Sjølv om Sandnes Kino toppar prisstatistikken, så meiner kinodirektøren at folk har råd til å betale prisen.

- Vi meiner at prisen på kino er låg. Du får ikkje ein omgang ein gong på Viking Stadion for å sjå fotball til denne prisen. Det er heilt tydeleg at dagens publikum toler differensierte billettprisar meir enn for berre ti år sidan, seier kinodirektøren for den dyraste kinoen i landet.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober