Hopp til innhold

Utanlandske pressefolk er svært begeistra for det nye Munchmuseet

Journalistar frå heile verda er positive til det nye Munchmuseet. Men i Noreg er oppfatningane meir delte.

Lobbyen i det nye Munch-museet

Reaksjonane var delte då pressa fekk omvising i Munchmuseet på onsdag. Utan sjel, kjedeleg og billeg er nokre av kommentarane museet får av kritikarane.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Nokre kritikarar synest at museet med ein prislapp på 2,7 milliardar liknar mest på ein flyplass eller eit simpelt kjøpesenter.

Men kva seier dei utanlandske pressefolka som også har besøkt museet?

Blei inspirert til å lage dokumentar

Piero Muscara har reist til Oslo frå Italia. Han er grunnleggjar av den italienske greina av kulturkanalen Arte.

Han blei først og fremst overraska over det han såg. For det generelle inntrykket hans av Noreg er basert på vikingane. Men museet gav han inntrykk av at Oslo er ein moderne by som arbeider for å bli ein kulturell verdshovudstad.

Lobbyen i det nye Munch-museet

Slik ser foajeen til «Munch», det nye Munchmuseet ut.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

– Eg er einig i at det minner om ein flyplass. Men dette er ikkje noko negativt. Fordi det er nødvendig med eit knutepunkt, spesielt om ein ønskjer å skape ein kulturell verdshovudstad. Og «Munch» er eit nytt knutepunkt i verda.

Muscara likte det han såg så godt at han vil komme tilbake for å lage ein dokumentar om Edvard Munch.

– Eg blei sjokkert over kor tydeleg bilete ein får av Munch som kunstnar der inne. Eg ønskjer å komme tilbake til Oslo for å lage ein dokumentar om han.

– Speglar eit kompleks liv

Mårten Arndtzén er kunstkritikar i Sveriges Radio. Sjølv om han er litt einig i at det heile minner om ein trist flyplass, likar han plasseringa museet har fått i byrommet og den berømte knekken på toppen av bygget. Den meiner han at symboliserer livet til Edvard Munch.

Kulturredaktionen Mårten Arndtzén

Mårten Arndtzén, kunstkritikar i Sveriges Radio.

Foto: Mattias Alm / Sveriges Radio

Eit liv som ikkje var lett.

– Munch sin kunst speglar heile livet med sine komplekse og vanskelege sider. Dette symboliserer knekken.

Men kva med innsida?

– Ein får ikkje ei storslegen kjensle når ein kjem inn i bygget. Men eg synest at romma der måleria heng fungerer godt. Kunsten hans får mykje plass, så ein får sjå breidda i den.

– Betre med naturleg lys

Nikolaus Bernau er journalist i den nasjonale tyske radioen.

Han meiner at utstillingsromma inne i museet ser ut som eit vanleg museum, men:

– Eg likar ikkje at det blir brukt kunstig lys.

Bernau forklarer at sidan Munch sjølv teikna i naturleg lys, burde kunsten hans òg blir vist i naturleg lys.

– Kuratorar elskar kunstig lys fordi det gir dei kontroll over kunsten. Naturleg lys forandrar seg heile tida, det er ikkje eit sekund der han er lik. Dette visste Munch. Så eg syntest det er ein fundamental feil å bruka kunstig lys.

– Mykje betre enn det gamle museet

Kunstredaktør i Dagens Nyheter, Birgitta Rubin, syntest det nye museet er mykje betre enn det gamle som stod på Tøyen.

– Bygninga har ein stilig og frekk silhuett i nye Barcode i Oslo. Utsikta er spektakulær, og framfor alt er utstillingsområdet mykje meir sjenerøst og meir målretta.

Munch-museet i Bjørvika
Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Men ho er skeptisk til visse materialval. Ho trekk fram fasaden av aluminium, dei mørke, triste tregolva og belysninga med skogar av lys frå taket. Men ho syntest det er eit inkluderande museum.

– Eg likar den inkluderande haldninga til museet, særleg korleis dei har tilrettelagt for barn og dei interaktive elementa som eit moderne museum må ha i dag. Men det er ikkje tilrettelagt nok for dei spesielt interesserte i publikum, seier Rubin og forklarer at ho saknar ei grunnutstilling der ein kan følgje Munch si kronologiske utvikling.

David Nikel skriv for det verdskjende forretnings- og finantidsskriftet Forbes. Han likte veldig godt det han fekk sjå.

– Uansett kva du tenker om fasaden til bygget, så er innsida utan tvil imponerande.

Munchmuseet får endeleg møte sitt publikum

I oktober 2016 var Kronprinsesse Mette Marit med og la ned grunnsteinen for det nye Munchmuseet, «Munch». 5 år seinare er bygget klart til å ta imot publikum.

Rulletrapper i 11.etasje i det nye Munch-museet i Bjørvika
Foto: Jon Bolstad / NRK
Alle bileta er tatt av Rolf Petter Olaisen

Opninga av museet har blitt utsett heile tre gongar og skulle eigentleg opne sommaren 2020, men i morgon, fredag får det nye Munchmuseet endeleg møte sitt publikum.

Etter at pressa fekk sjå innsida til Munchmuset på onsdag, var mange av dei norske til stades kritiske, men ikkje alle.

– Liknar ein ankomsthall

Gaute Brochmann, er redaktør i magasinet Arkitektur N og skriv om arkitektur for Morgenbladet. Han hadde venta betre kvalitet i arkitekturen og synest rett og slett at museet er kjedeleg.

– Eg synest at Munchmueet har blitt eit ganske kaldt, trist og kjølig museum, som kanskje minner meir om ein flyplass. Foajeen minner meir om ankomsthallen på ein flyplass, enn det minner om eit museum, synest eg.

Tredje etasje i Munch-museet

I motsetning til dei norske kritikarane, er reaksjonane frå den utanlandske pressa meir positive. 

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Han beskriv foajeen og publikumsområda som store og inkjeseiande. Og meiner at Edvard Munch hadde fortent betre enn dette.

– Kompromissviljen som pregar utsida, pregar også innsida. Her er det eigentleg ingen som har kjempa skikkeleg for at det skal bli så bra som mogeleg. Det har på ein måte blitt praktisk og greitt.

– Utan sjel

Kunstkritikar i NRK, Mona Pahle Bjerke, er også skuffa. Ho meiner at heile museet manglar sjel.

– Eg hadde håpa at opplevinga av å komme inn i bygget skulle vere annleis enn den litt sånn indistruelle, kalde kjensla som eksteriøret gir. Og at det ville bli ein litt formildande ting, her er det i alle fall vakkert.

Kunstanmelder Mona Pahle Bjerke

Mona Pahle Bjerke, kunstkritikar i NRK.

Foto: Miriam Fosstvedt

Ho meiner at innsida av det nye museet gir den same ugjestmilde kjensla som utsida med aluminiumsplatene som dekker rulletrappene.

– Eigentleg skal det vere høgtideleg å gå inn i ein kunstinstitusjon som er for den aller største kunstnaren vår gjennom tidene. Og så ser det ut som om ein går inn i kva som helst kjøpesenter.

Meiner det er folkeleg

Erling Dokk Holm, arkitekturmeldar i Aftenposten er ikkje einig med kritikarane. Han synest bygget er ekstremt kunstvenleg og folkeleg.

– Foajeen er utruleg enkel. Det er verkeleg ein stad utan noko form for ornamentikk eller pompøse detaljar. Men den er der rett og slett for at du som besøkande ikkje skal føle noko ærefrykt.

Bylinebilde - Erling Dokk Holm

Erling Dokk Holm er ikkje samd med kritikken frå kollegaer Gaute Brochmann og Mona Pahle Bjerke.

Arkitekturforskaren har sjølv vore skeptisk til museet si plassering i byrommet, men det han no har sett, gjer han begeistra.

– Det er eit ekstremt gjennomarbeida utstillingskonsept og arkitekturen er der for å fremme Munch sine måleri. Der dei største verka til Munch blir stilt ut, er til dømes takhøgda mykje større, slik at du ikkje får denne kjensla av at bileta er for store for utstillingslokalet sitt.

– Folk vil bli glad i det

Slik svarer museumsdirektøren Stein Olav Henrichsen på kritikken:

– Vi ønskjer eit reint og opent interiør som ikkje tar for mykje merksemd, kunsten skal stå i fokus.

Henrichsen meiner at museet må kle Edvard Munch og den store kunstsamlinga som var att etter han.

– Då må det vere eit bygg som ein må ta stilling til. Det er eit monumentalt, kraftig og litt brutalt bygg. Og eg tenker at det er noko som passar denne kunstnaren veldig godt.

Museumsdirektøren opplever at mykje av kritikken som har blitt retta mot bygninga er i ferd med å snu.

– Eg trur folk vil bli mykje meir glad i det etter kvart som ein blir vane med å forbinde det med innhaldet. Og ein ser korleis det fungerer når heile denne utviklinga i Bjørvika er ferdig.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.