Hopp til innhold

Truleg Nobel-utdeling utan vinnaren

Prisutdelinga og Nobel-konserten vil gå som normalt, trass i at Liu Xiaobo neppe kjem til Oslo sjølv.

Liu Xia og Liu Xiaobo

Det er lite truleg at Liu Xiaobo eller kona Liu Xia kan møte i Oslo i desmber for å ta imot Nobels fredspris.

Foto: Reuters

I dag kunngjorde leiar for Nobel-komiteen, Thorbjørn Jagland, at den kinesiske dissidenten Liu Xiaobo får Nobels fredspris 2010 , for arbeidet for ytringsfridom og menneskerettar i Kina.

Liu Xiaobo soner no ein dom på 11 år, og det er lite truleg at kinesiske styresmakter vil sleppe han ut av fengsel for å ta imot prisen i Oslo 10. desember.

Nobel-direktør Geir Lundestad

Direktør for Nobel-komiteen Geir Lundestad seier arrangementa vil gå som normalt.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

– Det vil verte seremoni, bankett, og konsert som vanleg. Alt vil vere så tilnærma normalt som mogleg, seier direktør for Det Norske Nobelinstituttet, Geir Lundestad.

Det Norske Nobelisntituttet planlegg både prisutdelinga og den årlege Nobel-konserten utifrå at prisvinnaren neppe kjem til å vere til stades.

Konsert utan Obama i fjor

Heller ikkje i 2009 var prisvinnaren sjølv på Nobel-konserten, president Barack Obama hadde nemleg for stramt program til å ta seg tid til det.

I fjor hadde nobelkomiteen planlagt fleire ulike konsert-scenario , fordi ein i det lengste håpte at Obama vil ta seg tid til å oververe også konserten.

– Det er sjølvsagt alltid best at prisvinnaren er der. Men eg synest at vi fekk til ein fin løysing i fjor, der Obama vart integrert i konserten, trass i at han ikkje var til stades.

– Stemma hans vil verte høyrt

Barack Obama mottek Nobels fredspris 2009

Barack Obama deltok i prisseremonien på Oslo Rådhus i 2009, men på Nobel-konserten var han berre til stades gjennom eit video-intervju.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Liu Xiaobo etter alt sannsyn kjem til å sitje i fengsel i Kina medan prisutdelinga går føre seg i Noreg.

– Hans stemme vil uansett verte høyrt. Han har sagt og skrive mykje, så vi vil få høyre hans hans stemme, sjølv om han ikkje er der.

Demonstrer for Liu Xiaobo i Hong Kong

Liu Xiaobo kjempar for menneskerettar i Kina, noko han no sit fengsla for.

Foto: MIKE CLARKE / Afp

At prisvinnaren glimrar med sitt fråver vil naturleg nok leggje ein liten dempar på arrangementa, men Lundestad meiner dei likevel vil ha ein viktig funksjon.

– Vi har ei eineståande viktig historie å fortelje om prisvinnaren, om Kina og menneskerettar, og det har vi gode moglegheiter til å formidle.

Men at det skulle vere mogleg å få til eit nytt intervju med Liu Xiaobo i samband med Nobelpris-utdelinga har Lundestad ikkje noka tru på.

– Det ville i så fall vere ei svært overraskande og gledeleg utvikling.

Vil ikkje spå

Denzel Washington

Skodespelaren Denzel Washington må truleg leie konserten utan prisvinnaren i salen.

Foto: GARY HERSHORN / Reuters

Når kjem ein til å vite sikkert om nokon kjem til å kome til å ta imot prisen på vegne av Liu Xiaobo, tør ikkje direktøren å spå noko om.

– Det er umogleg å svare på.

Litt av programmet for Nobelpris-konserten er allereie kjent. Skodespelar Denzel Washington skal vere programleiar , og mellom andre skal jazzpianisten Herbie Hancock og Elvis Costello opptre.

– Ein del er allereie kjent, og meir kjem etter kvart. Men røynsla viser at dei siste tinga først fell på plass kort tid før konserten, seier Geir Lundestad.

Utdelinga av Nobels fredspris i Oslo Rådhus skjer 10. desember, medan Nobelpriskonserten vert halde i Oslo Spektrum 11. desember.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.