Hopp til innhold

Traavik drapstruga i Nord-Korea

Kunstnaren Morten Traavik avsluttar kultursamarbeidet med Nord-Korea på ubestemt tid etter at han på den siste turen blei truga på livet av ein nær venn og samarbeidspartnar i landet.

Morten Traavik Nord-Korea

Kunstnaren Morten Traavik er godt nøgd etter at han nyleg avslutta den første kunstkonferansen i Nord-Korea, DMZ Academy. Men no legg han det vidare arbeidet i landet på is, etter at han opplevde å bli truga på livet.

Foto: Tor Jørund F Pedersen

Etter åtte år og tjue reiser til Nord-Korea seier Morten Traavik stopp. Den siste turen blei meir dramatisk enn han hadde sett føre seg. Han opplevde blant anna eit jordskjelv etter prøvesprenging av atombomber og det han kallar dommedagsoverskrifter i media. Men det toppa seg for Traavik då han blei drapstruga av ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane han har hatt i Nord-Korea.

– Det skjedde etter ein heftig diskusjon etter eitt av mange krisemøte vi hadde om kunstkonferansen DMZ Academy, som vi var i Nord-Korea for å arrangere. Vi var lei av å bli behandla som straffedømde, og sa vi ville legge ned prosjektet om det ikkje blei ei endring, seier Traavik til NRK.

Han har nettopp kome tilbake frå Nord-Korea, og seier konferansen er det mest krevjande prosjektet han har hatt i landet. Men han er stolt over at han til slutt fekk til noko som han kunne stå inne for, og som var ei reell kulturutveksling.

Morten Traavik og internasjonale kunstnere i Nord-Korea
Foto: Tor Jørund F. Pedersen

Skjerpa kontroll

Morten Traavik har dei siste åra hatt fleire kontroversielle kunstutvekslingsprosjekt i Nord-Korea. Han har blant anna feira 17. mai i Pyongyang og arrangert konsert med det omstridde rockebandet Laibach. Denne gongen var han i Nord-Korea for å arrangere den første samtidskunstkonferansen i Nord-Korea, DMZ Academy.

Traavik seier han merka ein skjerpa kontroll allereie då han landa i Nord-Korea.

– Tollarane var mykje meir grundig enn tidlegare. Eg fekk, interessant nok, gjennom boka «All Art Is Propaganda» av George Orwell. Dei var kanskje meir sikre på tittelen enn forfattaren, seier Traavik.

Morten Traavik med Orwell-bok

Kontrollen på grensa har blitt strengare, men Traavik fekk likevel med seg ei bok av George Orwell inn i Nord-Korea.

Foto: Tor Jørund F. Pedersen

I gatene i hovudstaden Pyongyang har den tradisjonelle propagandaen med bilete av arbeidarar som manar til auka innsats for regimet, blitt erstatta med antiamerikansk propaganda.

– Aggressive og dommedagsaktige plakatar viser Washington som bli bomba av ein sverm av raude atomrakettar. Og amerikanske soldatar med hoggtenner og uniformer frå Korea-krigen blir spidda av bajonettar.

Legg samarbeid på is

Opplevingane dei siste par vekene, gjer no at Traavik legg alle planar i Nord-Korea på is, inntil vidare. Både trugsmålet og det at folk er blitt meir mistruiske, gjer at han ikkje finn grunnlag for eit vidare samarbeid no.

– Eg har arbeidd med dei same folka dei siste åra. Dei har tidlegare vore garantistar for at vi kunne drive med så utfordrande prosjekt i landet. Men no er dei nesten dei verste å ta omsyn til.

Utveksling av teknikker Nord-Korea

DMZ Academy er det førebels siste prosjektet Morten Traavik gjennomfører i Nord-Korea. Her er det den norske kunstnaren Henrik Placht som lærer nordkoreanarane å male abstrakt.

Foto: Tor Jørund F. Pedersen

Traavik seier han framleis er velkommen til Nord-Korea, men for han er det ikkje aktuelt før det er mogleg for han å uttrykke seg som han vil og vere seg sjølv, utan å kjenne på frykt og paranoia frå nordkoreansk side.

Utandørs lydinstallasjon i Pyongyang

Under kunstkonferansen fekk Pyongyang sin første utandørs lydinstallasjon. Høgtalaren midt på bildet blei plassert ulike stader i byen.

Foto: Tor Jørund F. Pedersen

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters