Etter åtte år og tjue reiser til Nord-Korea seier Morten Traavik stopp. Den siste turen blei meir dramatisk enn han hadde sett føre seg. Han opplevde blant anna eit jordskjelv etter prøvesprenging av atombomber og det han kallar dommedagsoverskrifter i media. Men det toppa seg for Traavik då han blei drapstruga av ein av dei viktigaste samarbeidspartnarane han har hatt i Nord-Korea.
– Det skjedde etter ein heftig diskusjon etter eitt av mange krisemøte vi hadde om kunstkonferansen DMZ Academy, som vi var i Nord-Korea for å arrangere. Vi var lei av å bli behandla som straffedømde, og sa vi ville legge ned prosjektet om det ikkje blei ei endring, seier Traavik til NRK.
Han har nettopp kome tilbake frå Nord-Korea, og seier konferansen er det mest krevjande prosjektet han har hatt i landet. Men han er stolt over at han til slutt fekk til noko som han kunne stå inne for, og som var ei reell kulturutveksling.
Skjerpa kontroll
Morten Traavik har dei siste åra hatt fleire kontroversielle kunstutvekslingsprosjekt i Nord-Korea. Han har blant anna feira 17. mai i Pyongyang og arrangert konsert med det omstridde rockebandet Laibach. Denne gongen var han i Nord-Korea for å arrangere den første samtidskunstkonferansen i Nord-Korea, DMZ Academy.
Traavik seier han merka ein skjerpa kontroll allereie då han landa i Nord-Korea.
– Tollarane var mykje meir grundig enn tidlegare. Eg fekk, interessant nok, gjennom boka «All Art Is Propaganda» av George Orwell. Dei var kanskje meir sikre på tittelen enn forfattaren, seier Traavik.
Kontrollen på grensa har blitt strengare, men Traavik fekk likevel med seg ei bok av George Orwell inn i Nord-Korea.
Foto: Tor Jørund F. PedersenI gatene i hovudstaden Pyongyang har den tradisjonelle propagandaen med bilete av arbeidarar som manar til auka innsats for regimet, blitt erstatta med antiamerikansk propaganda.
– Aggressive og dommedagsaktige plakatar viser Washington som bli bomba av ein sverm av raude atomrakettar. Og amerikanske soldatar med hoggtenner og uniformer frå Korea-krigen blir spidda av bajonettar.
Legg samarbeid på is
Opplevingane dei siste par vekene, gjer no at Traavik legg alle planar i Nord-Korea på is, inntil vidare. Både trugsmålet og det at folk er blitt meir mistruiske, gjer at han ikkje finn grunnlag for eit vidare samarbeid no.
– Eg har arbeidd med dei same folka dei siste åra. Dei har tidlegare vore garantistar for at vi kunne drive med så utfordrande prosjekt i landet. Men no er dei nesten dei verste å ta omsyn til.
DMZ Academy er det førebels siste prosjektet Morten Traavik gjennomfører i Nord-Korea. Her er det den norske kunstnaren Henrik Placht som lærer nordkoreanarane å male abstrakt.
Foto: Tor Jørund F. PedersenTraavik seier han framleis er velkommen til Nord-Korea, men for han er det ikkje aktuelt før det er mogleg for han å uttrykke seg som han vil og vere seg sjølv, utan å kjenne på frykt og paranoia frå nordkoreansk side.
Under kunstkonferansen fekk Pyongyang sin første utandørs lydinstallasjon. Høgtalaren midt på bildet blei plassert ulike stader i byen.
Foto: Tor Jørund F. Pedersen