Hopp til innhold

To Maskorama-karakterar er «avslørte»

I fjor var eit troll, ein puddel og ein elg blant dei som fekk oss til å rive oss i håret. Kva slags skapningar er det i år?

Tre festkledde mennesker bak en disk

DETEKTIVPANELET: Detektivane Nicolay Ramm, Marion Ravn og Jan Thomas er gjestar i fyrste episode av Maskorama-podkasten der det kjem fleire hint til årets sesong.

Foto: Julia Marie Naglestad / Fremantle/NRK

– Eg har byrja å analysere allereie eg, seier detektiv Nicolay Ramm i NRKs Maskorama-podkast.

Etter fjorårets suksess er det mange som er spente på årets sesong av Maskorama som startar 6. november.

Det er eit program det osar mystikk av.

For også denne gongen skal åtte kjendisar kle seg opp i kvart sitt kostyme og villeie det norske folk med song og dans på laurdagskveldane.

Deltakarane må halde korta tett til brystet. Dei må lyge til venar og familie.

Dei må gjere taktiske val for å unngå å bli tatt av paparazzi-fotografar som kanskje har fått eit tips eller to.

Vikingen

GJENSYN MED FJORÅRETS SKAPNINGAR: Vikingen viste seg å vere Youtuber Herman Dahl.

Trollet på finalekvelden i Maskorama

TROLLET: Mange spekulerte i om Trollet var ein etablert artist.

Ulrikke etter Maskorama-finalen

VINNAR: Det viste seg at det var artist Ulrikke Brandstorp som var Trollet. Ho vann Maskorama 2020.

Elgen og Silje Nordnes

ELGEN: Elgen rocka voldsomt gjennom førre sesong av Maskorama. Det viste seg å vere Markus Bailey, her saman med programleiar Silje Nordnes.

En mann med fugleskremselkostyme og en dresskledd dame

FUGLESKREMSELET: Vår nåværande finansminister var Fugleskremselet i førre sesong av Maskorama.

Anne Rimmen som Ravnen i Maskorama

RAMNEN: Anne Rimmen var programleiar om dagen, og Ramnen om laurdagskveldane.

Mia Gundersen i Maskorama

DEN ROSA PUDDELEN: Det var artist Mia Gundersen som skjulte seg bak den fargerike Puddelen.

Enhjørningen fra Maskorama

EINHYRNING: Einhyrningen imponerte, og det viste seg å vere artist Inger Lise Rypdal.

Kvinne i hvitt gaupekostyme

GAUPA: Den kvite Gaupa var ingen ringare enn tidlegare handballstjerne Susanne Goksør Bjerkrheim.

Ingen veit kven som skjuler seg bak maskene bortsett frå eit knippe høgtståande folk i produksjonen.

– Skikkeleg gåsehud

Men no har fyrste avsløring kome for dagen.

I årets sesong skal vi bli betre kjent med ein nisse og ei havfrue.

Avsløringa kjem i fyrste episode av NRKs Maskorama-podkast der programleiar Sarah Natasha Melbye har besøk av detektivane Nicolay Ramm, Marion Ravn og Jan Thomas.

Marion Ravn i Maskorama

DETEKTIV: Marion Ravn skal prøve å finne ut kven som er med i årets Maskorama.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / FREMANTLE/NRK

For plutseleg bankar det på døra og panelet får to konvoluttar der det står følgjande:

«God ljug, hilsen Nissen» og «Haha, jeg gleder meg til å forvirre dere. Havfruen».

– Shit, nå fekk eg skikkeleg gåsehud, reagerer Marion Ravn etter at hinta er opplesne.

Detektivane byrjar med ein gong å spekulere i kven det kan vere, og viss du er nysgjerrig på kven Jan Thomas trur havfruen er kan du høyre det her.

– Mange som er like ko-ko som meg

Kven er det som skjuler seg bak maskene? Gjennom heile hausten kan du vere med Sarah Natasha Melbye og gjestane hennar i å spekulere rundt dei nye hinta som kjem.

For i podkasten, som kjem ut kvar torsdag og søndag, vil det kome eksklusivt Maskorama-innhald.

– Eg veit ikkje meir enn det andre veit, men det eg veit er at hinta like gjerne kan dukke opp i podkasten som på TV, seier Melbye.

Smilende kvinne med mørkt hår foran lilla bakgrunn

MASKORAMA-PODKAST: Sarah Natasha Melbye leiar ny podkast om Maskorama som byr på eksklusivt innhald to gongar i veka.

Foto: Kommer

På søndagane får ho besøk av – og det aller fyrste intervjuet – med den som har roke ut kvelden før.

Melbye gler seg til å dele engasjementet sitt med andre og ha ein dialog med publikum.

– Det er mange som er like ko-ko som meg, og eg gler meg til å dele podkasten med alle som synest Maskorama er kjempegøy.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.