Hopp til innhold

Storslått norsk monsterfilm får premiere på Netflix

Roar Uthaug sin monsterfilm «Troll» skal ha premiere på Netflix i 2022. – Dette er verkeleg ein draum som går i oppfylling, seier regissør Roar Uthaug.

Bilete frå filmen Troll

TROLL: Ein gigantisk trollfot trampar ned i Oslo sine gater. Filmen har norske skodespelarar, produsentar og regissør.

Foto: Motion Blur

Gjennom den populære straumetenesta Netflix, skal Uthaug dele norsk mytologi med eit globalt publikum.

Norsk filminstitutt beskriv filmen som «den fyrste store norske monsterfilmen».

Dette veit vi om innhaldet til filmen:

Djupt inne i Dovre-fjellet vaknar eit troll etter tusen år i fangenskap. I sinne øydelegg trollet alt på sin veg til Oslo.

– Vi har mange spanande ting å hente inspirasjon frå i kulturhistoria vår. Eg trur at nordmenn har eit nært forhold til mytane vore, men eg trur også at desse historiene vil ha stor gjennomslagskraft ute i verda, seier Uthaug til NRK.

Regissør Roar Uthaug

SAMARBEID: Netflix har som mål å lage filmar rundt omkring i verda. Uthaug meiner at den lokale tilknytinga prosjektet har i Noreg, er ein av grunnane til at Netflix ønskjer å lage filmen.

Foto: Netflix

Uthaug har hatt ideen i bakhovudet i heile 20 år og no vert draumen verkelegheit.

Storslått samarbeid

– Det er kjempegøy at eit so stort internasjonalt selskap som Netflix ønskjer å lage ein film av denne skalaen i Noreg.

– Det å endeleg kunne realisere den med dei entusiastiske og ambisiøse menneskja frå Netflix og Motion Blur er verkeleg ein draum som går i oppfylling.

Netflix har 193 millionar abonnentar i 190 land, noko som gjer «Troll» tilgjengeleg over heile verda.

– At vi får moglegheita til å vise filmen for eit globalt publikum er inspirerande. Eg kan nesten ikkje vente med å sleppe dette monsteret laus i verda.

Visepresidenten for International Original Film i Netflix, David Kosse er utruleg stolt over å introdusere eit norsk prosjekt av denne skalaen til verda.

– Roar er ein ekstremt dyktig filmskapar, og eg er glad for at han går tilbake til sine norske røter med denne ambisiøse og morosame filmen, seier han.

Suksessfull regissør

Uthaug har tidlegare hatt suksess med skrekkfilmen «Fritt vilt» (2006), som vart seld til over 40 land, og «Bølgen» (2015). Sistnemnde var Skandinavia sin fyrste katastrofefilm. Den var den mest sette filmen i Noreg det året, i tillegg var den Noreg sitt bidrag til Oscarutdelinga.

Regissør Uthaug (i midten) omkranset av Kristian Sinkerud og Espen Horn.

NORSK FILM: Delar av det norske crewet: T.v. produsent Kristian Sinkerud, regissør Roar Uthaug og produsent Espen Horn.

Foto: Lasse Nyhaugen

Uthaug gjorde sin fyrste Hollywood-produksjon, «Tomb Raider» i 2018.

Det er Espen Horn og Kristian Strand frå det norske selskapet Motion Blur, som produserer filmen «Troll». Selskapet har tidlegare laga storfilmar som «Den 12. mann» og «Amundsen».

Også skodespelarane i filmen skal vere norske.

NFI positive

– Gratulerer til både filmskaparar og produsentar på Motion Blur. Det er flott at Netflix satsar på norske produksjonar!

Seksjonsleiar i Norsk filminstitutt, Ståle Stein Berg er svært nøgd med at norske produsentar utviklar prosjekt som er attraktive internasjonalt.

– Når Netflix no overtar rettigheitene til Troll vil dei 15 millionane som NFI i si tid tildelte prosjektet gå til ein annan norsk film – dermed vil det bli rom for å lage enda fleire norske storfilmar, seier Berg.

Troll skal ha premiere på Netflix i 2022, men den eksakte datoen er framleis ikkje kjend.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.