Hopp til innhold

Pris til norsk TV-serie i Cannes

Den norske serien «Dummedag» vann pris under den prestisjefylte festivalen Canneseries i Frankrike.

Christopher Pahle med pris under Canneseries 2024

Manusforfattar Christopher Pahle med prisen for beste manus under Canneseries.

Foto: Henriette Steenstrup

«Dummedag» mottok pris for beste manus i kategorien «serie langformat» under Canneseries i kveld.

Det bekreftar redaksjonssjef i NRK Underholdning, Christina Rezk Resar, i ei tekstmelding til NRK.

Det var manusforfattar Christopher Pahle som vart ropt opp til å ta i mot prisen.

– Da eg skjønte at det var vi som fekk prisen, vart eg ganske skjelven i beina og angra veldig på at eg ikkje hadde skrive ein tale, seier Pahle på telefon frå Cannes og ler.

Erlend Westnes, Christina Rezk Resar, Christopher Pahle, Aleksander Herrestahl og Jakob Schøyen Andersen i salen under Canneseries 2024.

Ein spent gjeng i salen før prisutdelinga startar. Frå venstre: Aleksander Herrestahl, Christina Rezk Resar, Christopher Pahle, Erlend Westnes og Jakob Schøyen Andersen.

Foto: Privat

Heldt tale framfor Michael Douglas

Canneseries, eller Festival International des Séries de Cannes som er dets fulle namn, er ein internasjonal TV-festival som viser og heidrar seriar over heile verda.

Fleire internasjonale stjerner var til stades, deriblant skodespelar Michael Douglas. Han speler hovudrolla i serien «Franklin» som vart vist på avslutningsseremonien.

– Eg har følgt med på Cannesfestivalen før, og det er rart å plutseleg vere ein del av ein internasjonal prisutdeling.

– Tenk å måtte halde tale med Michael Douglas i salen, fortel Pahle vidare.

Regissør Erlend Westnes og skodespelar Jakob Schøyen Andersen under Canneseries april 2024. Dei står på den raude løparen og blir intevjua av pressefolk.

Regissør Erlend Westnes og skodespelar Jakob Schøyen Andersen på den raude løparen under Canneseries.

Regissør Erlend Vestnes under Canneseries april 2024.

Regissør Erlend Westnes blir intervjua på den raude løparen.

Cengiz Al poserer under Canneseries april 2024

Cengiz Al poserer på den raude løparen.

Christopher Pahle, Erlend Westnes, Christina Rezk Resar, Aleksander Herrestahl, Charlotte Frogner, Jakob Schøyen Andersen, Kristine Grændsen, Henrik mestad og Cenqiz Al.

Manusforfattar Christopher Pahle, regissør Erlend Westnes, redaksjonssjef i NRK Underholdning Christina Rezk Resar, produsent Aleksander Herrestahl med Charlotte Frogner, Jakob Schøyen Andersen, Kristine Grændsen, Henrik Mestad, Cenqiz Al.

Serien «Dummedag» konkurrerer mot sju andre seriar under TV-festivalen Canneseries.

Serien «Dummedag» konkurrerer mot sju andre seriar under TV-festivalen Canneseries.

Postapokalypse

«Dummedag» er ein postapokalyptisk komedie der menneskeheita står i fare for å bli utrydda av eit hjernevirus som gjer folk dummare.

Seks personar overlever, og menneskeheita si skjebne står og fell med desse seks personane og vala dei gjer.

Serien er laga av manusforfattar Christopher Pahle, regissør Erlend Westnes og produsent Aleksander Herrestahl.

«Dummedag» konkurrerte mot sju andre internasjonale seriar under årets festival.

Charlotte Frogner, Jakob Schøyen Andersen og Henrik Mestad i "Dummedag"

Charlotte Frogner, Jakob Schøyen Andersen og Henrik Mestad i «Dummedag».

Foto: Lars Olav Dybvig, Seefood/NRK

Redaksjonssjef i NRK Underholdning, Christina Rezk Resar, er stolt over at «Dummedag» vann denne gjeve prisen.

– Erlend Westnes, Marit Valeur og Christopher Pahle hadde ideen til denne morosame og smarte serien som har fått så gøy mottaking her i Cannes. Seefood har laget ein utruleg velprodusert serie som står ut!, seier ho.

Stjernelag

«Dummedag» består av eit stjernelag av skodespelarar.

På rollelista står blant andre Jakob Schøyen Andersen, Henrik Mestad, Charlotte Frogner, Cengiz Al, Kristine Grændsen og Elli Müller Osborne.

Charlotte Frogner, Jakob Schøyen Andersen, Kristine Grændsen, Henrik Mestad og Cengiz-Al under Canneseries april 2024

Skodespelarane Charlotte Frogner, Jakob Schøyen Andersen, Kristine Grændsen, Henrik Mestad og Cengiz-Al.

Foto: Camilla CANALINI / Canneseries

Dette er sjuande gongen Canneseries blir arrangert.

I 2023 vann «Makta» pris for beste serie og beste musikk.

I 2021 vann dramakomedien «Jordbrukerne» to prisar for beste skodespelar-ensemble og Ungprisen for beste TV-serie.

I 2018 vann også NRK-serien «Lykkeland» beste manus og beste musikk.

Du kan sjå «Dummedag» i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP