Hopp til innhold
Anmeldelse

Knausgård utvidar universet

Kva om det går an å returnere frå dødsriket, og djevelen faktisk finst?

Portrettbilde av Karl Ove Knausgård og bokomslaget til Det tredje riket

BREITT LERRET: Knausgård avskaffar døden og opnar for at djevelen vandrar rundt på jorda. Sjeldan kost i ein roman, men styrken her ligg likevel i skildringa av personane som lever sine urolege liv.

Foto: SØLVE SUNDSBØ OG OKTOBER FORLAG
Bok

«Det tredje riket»

Karl Ove Knausgård

Roman

28. oktober 2022

Forlaget Oktober

Karl Ove Knausgård opna portane til dødsriket på gløtt allereie for to romanar sidan. No slår han dei opp på vidt gap. Eller i alle fall nesten.

Bok nummer tre om Morgenstjernen ligg så tett opp til første bok i serien at om ikkje Knausgård hadde skrive begge sjølv, ville det vore eit opplagt plagiat.

Det er ein kollektivroman, vi møter dei same folka, stjerna lyser og tre medlemmer frå eit death metal-band er myrda på bestialsk vis i skogen.

Men perspektivet er vridd akkurat nok til at slektskapet er ein styrke, i alle fall for dei som har hengt med frå starten.

Kven er det som glaner?

I roman nummer to, «Ulvene i evighetens skog», møtte vi 1800-talsfilosofen Fjodorov som proklamerte at det var på tide å avskaffe døden fullstendig.

Denne gongen går forfattaren inn i døden via ein hjerneforskar som meiner det går an å vende tilbake til livet etter å ha vore død.

Karl Ove Knausgård

BREITT LERRET: Knausgård avskaffar i «Det tredje riket» døden og opnar for at djevelen vandrar rundt på jorda. Sjeldan kost i ein roman, men styrken her ligg likevel i skildringa av personane som lever sine urolege liv.

Foto: Thomas Wågström / Oktober

Vi har altså her å gjere med sekulære draumar om forlenga eller evig liv, som fysisk vesen.

Men denne menneskehjernen, er han aleine om å ha sjølvmedvit? Finst det refleksjon utanfor mennesket? Gud? Djevelen? Er det desse som får somme av personane til å føle seg glodd på når dei er heilt aleine?

Politimannen som skal etterforske trippeldrapet meiner det er djevelen sjølv i fysisk gestalt som herjar, medan den postmoderne presten Kathrine tenkjer at teologi handlar om våre førestillingar om Gud, ikkje om Gud sjølv.

Igjen: Er vi aleine, eller?

Dryg blanding

Romanen opnar opp store tolkingsrom, som ikkje blir mindre av at døden opphøyrer. På landsbasis, faktisk.

Eg ser «Det tredje riket» og dei to føregåande romanane som eit forsøk på å utvide perspektivet på livet.

Metoden er å inkludere dels det gløymte, dels det som er så nytt at ein berre kan skimte det. Etablerte motsetningspar som liv/død, mytar/vitskap, menneske/dyr/plantar vert rokka ved.

De tre bøkene i romanserien Morgenstjernen av Karl Ove Knausgård

TRILOGI: «Morgenstjernen», «Ulvene fra evighetens skog» og «Det tredje riket» utgjer dei tre bøkene i romanserien «Morgenstjernen».

Foto: Forlaget Oktober

Det ligg ei ambisiøs grunnmur av idear, tankeksperiment og forsking under denne romanen, som det skal ein viss velvilje til for å gape over.

Knausgård skildrar urolege menneske som sankar både gull og gråstein der dei prøver å finne ut av dei store, eksistensielle spørsmåla og den vesle, ofte grå kvardagen.

Uro og lengt skal ein ta på djupaste alvor, sjølv om svara folk slår seg til ro med kan vere temmeleg snåle.

Men når romanen legg slik tyngd bak det irreversible ved døden, les eg det som eit tema i sjølve romanen meir enn som ein fiks ide hjå ein av personane.

Det blir hengande på utsida som den ideen boka hadde blitt betre utan.

Vere med på leiken

Eg kan eit stykke på veg følgje tanken til hjerneforskaren Jarle, som i møte med Schuberts «Vinterreise» formulerer seg slik:

Selv om de ikke hadde noe med meg å gjøre, skrevet som de var av en ung, døende tysker for 200 år siden, rørte de ved meg. Nei, mer enn det, de tok meg i besittelse.

Fra Karl Ove Knausgårds «Det tredje riket»

Eit kunstverk, det vere seg litteratur eller musikk, kommuniserer på eit anna nivå enn både meiningar og identifikasjon. Derfor er eg med på heile leiken, mens eg parallelt diskuterer med teksten.

Knausgård skal ha for forsøket på å utvide verdsbildet vårt i mange ulike retningar.

Trass i dette, er romanen på sitt sterkaste der spørsmåla får vere ein del av livet til personane.

Hei!

Eg er NRKs hovudkritikar på skjønnlitteratur og har følgt forfattarskapen til Karl Ove Knausgård tett. Ønsker du deg ein vegvisar inn i forfattarens romanar kan du lese min Røff guide til Knausgård-universet. Og her finn du alle bokmeldingane eg og kollegaene mine har skrive om Knausgård sine bøker. 

Anmeldelse av dei to første bøkene i serien:

1. «Morgenstjernen» «Mørkt og fascinerande comeback frå Knausgård»

Karl Ove Knausgård gir ut romanen "Morgenstjernen" høsten 2020.

2. «Ulvene fra evighetens skog» «Så dårleg sett saman at han skranglar, likevel går romanen langt utanpå dei fleste»

Bokomslag for Ulvene fra evighetens skog og portrett av forfatter Karl Ove Knausgård.

Les også Røff guide til Knausgård-universet

Forfatter Karl Ove Knausgård.

06.12.1968 blir Karl Ove Knausgård, Erik Peter La Bella og Finn Solemdal født inn i en tid hvor mannsrollen er i endring. Kanskje kan disse tre menneskenes liv fortelle noe om oss alle?

📺 «DATOEN»: Karl Ove Knausgård, Erik Peter La Bella og Finn Solemdal blir født inn i en tid hvor mannsrollen er i endring. Kan disse tre menneskenes liv fortelle noe om oss alle?