Robert Sylvester Kelly, betre kjend som R&B-artisten, låtskrivaren og produsenten R. Kelly, blei arrestert i juli i 2019, tiltalt for ei rekke seksuelle overgrep. Fleire av ofra var mindreårige.
Tiltalen har seinare blitt utvida også til å omfatte blant anna menneskehandel, smurningar, og tvangsarbeid.
Rettssaka mot artisten har vore utsett fleire gongar blant anna på grunn av pandemien, utvidingar i tiltalen og skifte av forsvarar.
– R. Kelly er eit rovdyr som kravde absolutt truskap frå dei mange kvinnene og mindreårige jentene han i to tiår rekrutterte til sex gjennom organisert kriminalitet, sa aktor Maria Cruz Melendez i opningsinnlegget sitt, melder Reuters.
R. Kelly (i midten) på første dag av rettssaka mot han i New York. Han kan få ei fengselsstraff på fleire tiår dersom han blir funnen skuldig i skuldingane om seksuelle overgrep.
Foto: JANE ROSENBERG / ReutersHo seier dei vil legge fram vitnemål frå seks offer, inkludert artisten Aaliyah, som døydde ei flyulykke i 2001.
Kriminelt føretak
Påtalemakta i New York har lagt opp rettssaka som starta onsdag som ei sak om organisert kriminalitet, skriv NPR.
Dei meiner R. Kelly dreiv eit kriminelt føretak som hadde som formål å utnytte unge kvinner og tenåringar seksuelt på tvers av statsgrenser.
Aktor Maria Cruz Melendez meiner R. Kelly stod i spissen for eit kriminelt nettverk som hadde som mål å utnytte unge kvinner og jenter seksuelt.
Foto: JANE ROSENBERG / ReutersDet er venta at vitne i saka skal fortelje korleis managerar, livvakter og andre tilsette plukka ut unge offer på konsertar og frakta desse til Kelly i New York eller andre stader.
Dette er i strid med ei lov frå 1910 som forbyr å frakte kvinner og jenter over statsgrensene for «umoralske formål», skriv The Guardian.
Aktoratet skal også føre ekspertvitne og legge fram blant anna DNA-bevis, tekstmeldingar og lydopptak av offer for å bevise at R. Kelly er skuldig.
Avviser
I rettsdokumenta skriv forsvaret at kvinnene som har skulda R. Kelly for overgrep er groupiar som oppsøkte konsertane hans i håp om å få møte han, og at dei seinare har endre på historiene sine, skriv USA Today.
Kellys forsvarar Thomas A. Farinella før rettssaka starta onsdag.
Foto: ANGELA WEISS / AFPR. Kelly nektar straffskuld i saka han no står tiltalt i. Han ser fram til å kunne fortelje sin versjon av det som har skjedd, seier ein av forsvararane hans, Thomas A. Farinella, til The New York Times.
– Fram til no har offentlegheita berre fått høyre den eine sida av historia i denne saka. Det vil endre seg dei komande vekene, sa han.
Saka i New York er den første av fleire saker mot artisten. Kelly nektar også straffskuld i rettssaker som er varsla i Illinois og Minnesota, skriv The Guardian.
Familien til eitt av ofra til R. Kelly var til stades då rettssaka starta i New York onsdag. Ifølge The New York Times er dette den første større metoo-saka med hovudsakeleg svarte offer.
Foto: ANGELA WEISS / AFPFleire tiår med skuldingar
R. Kelly var med å skrive og produsere debutalbumet til artisten Aaliyah, Age Is Nothing But a Number, i 1994. Same året gifta dei seg. Ho var 15 år gammal, mens han var 27. Dei hadde skaffa henne falsk legitimasjon, der det stod at ho var 18. Ekteskapet blei oppløyst året etter, då dette blei avdekt.
I 1996 fekk R. Kelly sitt kommersielle gjennombrot som artist med songen «I Believe i Can Fly», som han fekk tre Grammy-prisar for.
Les:
Samtidig kom dei første skuldingane om seksuelle overgrep. Mellom 1996 og 2002 gjekk minst fire kvinner til sak mot Kelly, skriv The New York Times.
Men sakene blei løyste utanfor rettssalen.
I 2002 starta politiet i Chicago å etterforske Kelly for overgrep av mindreårige. Først i 2008 kom saka for retten. Men juryen frikjende han for alle skuldingane.
Nye skuldingar
I 2019 stod ei rekke kvinner fram i dokumentarserien «Surviving R Kelly» og fortalde korleis artisten hadde utsett dei for fysiske og psykiske overgrep frå songaren.
Blant dei som reagerte på det som kom fram i serien var dottera hans, som kalla faren for eit monster.
Året før starta kampanjen «Mute R. Kelly», som hadde som mål å få fjerna musikken hans frå strøymetenestene. Etter at dokumentarserien blei vist på amerikansk TV tok artistar som Lady Gaga, Celine Dion og Chance The Rapper avstand frå R. Kelly, og fjerna samarbeidsprosjekt dei hadde hatt med han frå nettet.
Lady Gaga er blant artistane som dei seinare åra har teke avstand frå R. Kelly, og fjerna musikk dei har samarbeidd om frå strøymetenester.
Foto: John Shearer / ApDå R. Kelly i juli 2019 blei fengsla etter nye skuldingar om overgrep, blei han nekta kausjon fordi ein frykta at han ville stikke av eller truge vitne.
Det er venta at rettssaka som starta i New York onsdag skal var i om lag ein månad. Dersom han blir funnen skuldig, kan artisten få ei lang fengselsstraff.